Skal drøfte eigedomsskatt og meir utbyte
I ei vanskeleg økonomisk tid i Fyresdal skal innbyggjarane få seie kva dei meiner om innføring av eigedomsskatt. Og Fyresdal vil ta opp med eigarkommunane av Vest-Telemark kraftlag om ein skal auke utbytet.
Kommuneøkonomien i Fyresdal er ikkje som han har vore i årevis. I haust føretok kommunestyret nedskjeringar på 3,5 millionar kroner på årets budsjett. Det er likevel ikkje nok. Driftsresultatet for 2015 får truleg ein minus på to millionar kroner. Underskotet må dekkast inn i komande driftsbudsjett. Noko anna politikarane må dekkje inn, er eit vedtak om å løyve 1,5 millionar kroner til aksjeutviding i FN eigedom, i samband med meir utbygging av næringshagen. Og blir det vedtak i haust om å innføre eigedomsskatt på hus og hytter, må ein finne 1,5 millionar kroner til takseringsutgifter i 2016.
– Det er ingen tvil om at me får det tøffaste året me nokon gong har hatt i Fyresdal kommune si historie. Me slit med å finne nok midlar til drift og investeringar, så me har ein del å jobbe med framover, seier Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Reduserte tenester?
Ein gjengangar som kan kome til å svi på rekneskapen også for neste år er helse og omsorg.
– Dei kan få eit underskot på rundt to millionar kroner i år. Dei har ikkje fått noko særleg meir pengar til neste år. Helse og omsorg har varsla oss at om dei må halde seg innafor dei strenge budsjettrammene, blir det reduksjon i tenestetilbodet til innbyggjarane, seier ordføraren.
Kva reduksjonar det kan vere snakk om, vil politikarane få ei liste over snart.
Det er rundt 130–140 årsverk i Fyresdal kommune, fordelt på rundt 200 personar.
– Der er bra med tilsette, ja, seier Skjervagen.
– Er det ikkje då realistisk å sjå på nedskjeringar der?
– Jau, me har redusert med tre årsverk i år, og går litt vidare på det neste år. Men me kan ikkje heile tida fjerne tilsette utan at det får konsekvensar for tenestetilbodet. Me er veldig interesserte i at innbyggjarane skal få ha dagens gode tenestetilbod, svarar ordføraren.
Straumprisauke
18. november inviterer formannskapet innbyggjarane til eit møte om eventuell innføring av eigedomsskatt. Kan det ende med ein slik ny skatt i Fyresdal?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er litt tidleg å seie enno, men det kan fort gjere det. Me har såpass store problem no at viss me vil oppretthalde tenestetilbodet og til dømes byggje idrettshall og andre ting, trur eg det er heilt nødvendig med eigedomsskatt, svarar Skjervagen.
– Det blir eit verdival om ein satsar på bidrag frå eigedomsskatt for å oppretthalde tenestetilbodet, eller om ein vil ha redusert tenestetilbod på sikt, held han fram.
Ordføraren har fått mandat av kommunestyret til å snakke med dei fem andre eigarkommunane av Vest-Telemark kraftlag (VTK) om auka utbyte. I år var summen ti millionar kroner.
– VTK har meint kva som er forsvarleg utbyte, og lagt seg på ein mal som tilseier at eigenkapitalen skal vere rundt 50 prosent. Ein kan velje å seie at ein skal gå ned på eigenkapitalen, og dele ut noko meir i utbyte. Eller ein kan skru opp straumprisen eitt til to øre. Då vil ein kunne ha rom for å doble utbytet, seier Skjervagen.
– Men å skru opp straumprisen er vel å gje innbyggjarane ein ekstra skatt?
– Ja, det er nesten det same som eigedomsskatt, men ein litt anna måte å gjere det på, svarar ordføraren.
Får friviljugsentral
Det er ynskje om idrettshall i Fyresdal, ei sak som har blitt langt tøffare å få realisert enn ein trudde. I tillegg til byggkostnaden kan det bli opp mot 1,5 millionar kroner i årleg driftsutgift.
– Driftskostnadene avgjer om me har råd til idrettshall på sikt eller ikkje. Å ta opp lån til investeringa vil me nok ha musklar til, seier Skjervagen, ikkje sikker på at det blir vedteke i haustens budsjett å byggje hallen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Telemark lys har sagt ja til å ta eigardelen staten krev for at det skal bli friviljugsentral i Fyresdal.
– Kommunen hadde ikkje tenkt å tatt seg råd til eigendelen. Heldigvis har Telemark lys sagt seg viljug vil ta han, og vil drifte friviljugsentralen for oss framover, seier ein nøgd ordførar om løysinga på den saka.