Satsar på sau
Sondre Versto (26) har fått stønad frå Innovasjon Noreg og Vinje kommune til å bygge nytt sauefjøs på garden sin.
Den driftige karen kjøpte garden Levad i Mannås av bror sin i 2007. Sidan den gong har han og sambuaren Bjørg Marit Ringhus skaffa seg både bikkjer, hestar og nokre få sauer. Men no er det på tide å utvide drifta, og det gamle fjøset på garden held ikkje mål.
Tanken på at kulturlandskapet skal gro att, er ikkje noko særleg. Då er sauehald ein fin måte å løyse det problemet på, seier Versto.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein hobby
Difor skal han no i gang med å byggje nytt fjøs på 200 kvadratmeter med plass til 100 sauer. Til fjøset har han fått 300.000 i stønad og 425.000 i rentestønad (lån) frå Innovasjon Noreg, og 250.000 frå Vinje kommune. Han vil prøve å gjere mest mogleg av arbeidet sjølv. Då slepp han kanskje å låne meir pengar. Fjøsbygging kan vere ei dyr affære.
Eg set vekk arbeidet med grunnmur, reisverk og tak. Resten skal eg prøve å gjere sjølv, seier Sondre, som alt er ferdig med å sage material til fjøset.
No om dagen er det grave- og planeringsarbeid på fjøstomta som står på plakaten etter arbeidstid. For gardsdrifta er ei hobbyverksemd ved sidan av jobben i Vinje brønnboring.
Ein kan ikkje tenke pengar i dette, men heller ha det som ein hobby, seier Sondre, som også ser investeringa i sauedrift som ei investering i kulturlandskapet.
Det gror fort att, og slik vil eg ikkje ha det her, seier han og kikkar utover jorda på Levad.
Byter beite
Kjetil Nessæther har endeleg fått geitmjølkkvota han har ynskt seg i mange år. Dermed utvidast faunaen på Jamsgard i Bøgrend.
For om lag to veker sidan fekk Nessæther og kona Solvor den glade meldinga om at dei fekk kjøpe ein av tri nye kvotar på landsbasis. 50.000 liter geitemjølk i året kan familien Nessæther no sende av garde med mjølkebilen til Haukeli.
Eg har alltid hatt lyst til å drive med mjølkeproduksjon, men då må ein ha ei kvote. Det var fyrst no Statens landbruksforvalting opna for nye kvotar, og då var eg så heldig at eg fekk ei av dei, fortel Kjetil.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å dekkje kvota på 50.000 liter må han ha om lag 70 geiter. Det tyder at sauene og dei fem kyrne som til no har kosa seg i det store nye fjøset på garden, må bu seg på at det blir trongare om plassen. Ikkje alle får behalde plassen sin heller.
Kyrne kuttar me ut no. Det er Nora (5) glad for, for ho synest dei er litt store. Då er geiter betre, smiler Kjetil, som også arbeider som tømrar.
Talet på sauer skal òg ned for å gjere plass til geitene og det nye mjølkeproduksjonsutstyret som må inn. På sikt kan han søkje om å kjøpe eller leige fleire kvotar dersom det blir noko ledig.
God hjelp
Det er betre inntening på mjølkeproduksjon enn på sau. Det hadde vore fint å kutte ned på tømrarverksemda og ha garden som hovudarbeidsplass, seier den sympatiske bonden.
Han har fått god hjelp på vegen mot mjølkekvota av landbruksrådgjevarane Thor Christiansen og Joakim Skogsrød.
Dei har stått på og hjelpt meg fram gjennom papirmylla av søknadar og med å lage driftsplan. Det er mykje som skal vere i orden, seier Nessæther.
Om alt går etter planen, står 70 geiter og brekar i fjøset på Jamsgard i løpet av hausten.