Referat frå Seljord pensjonistlag

Jolemøte på Granvin 11/12 2019.

Esther Haugan kunne ynskje 32 personar velkomne til eit fint dekt jolebord, og eit ekstra velkomen til Øivind Bangor. Kjersti Tveiten las Joleevangeliet.

Allsong: »Det lyser i stille grender» med Bangor på piano. Servering av joletallerken og kjempegod karamellpudding frå kjøkenpersonalet på Granvin. Allsong og pianospel av Bangor. I dag var det Geir Jensen som stod for framvising av ein fantastisk film av Jack Hagen, frå kulturlandskapet i Svartdal og Hjartdal. Servering av kaffi og jolekaker. Allsong: «Du og jeg og dompappen», av Alf Prøysen og «På låven sitter nissen med sin julegrøt». Øivind Bangor spela ei lang rekke fine melodiar på piano. Trekning av gevinstar. Til slutt song vi «Fager er Jordi» og Esther takka for frammøtet og ynskte alle ei god jol.

Artikkelen held fram under annonsen.

I.H.