Mega-bøter for snøscooter på vatn
Politiet i Telemark er kjent med at snøscooter blir brukt til å køyre på vatn fleire stader i fylket. – Det er klart ulovleg, og det vil bli reagert med høge bøter. Det kan vere snakk om 15–20.000 kroner.
Dette seier Olav Lia til VTB. Han er miljøkoordinator i Telemark politidistrikt og tidlegare lensmann i Nissedal.
I dei siste dagane er det observert fleire tilfelle av at snøscooterar er nytta til køyring på Totak i Rauland. Førarane tek rennefart på strendene og køyrer i stor fart ut på vatnet så vasspruten står.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Heilt ulovleg
Forholdet var ukjend då VTB kontakta Vinje lensmannskontor tysdag. Men miljøkoordinator Lia seier at Telemarks-politiet har kjennskap til at slikt skjer.
– Dette er heilt ulovleg. Førarane vil bli melde for ulovleg køyring på barmark. Det åleine vil rutinemessig resultere i bøter på 15.000 kroner. I tillegg vil dei bli melde for ulovleg køyring på vatn. Juristen avgjer, men det vil nokså sikkert resultere i eit tillegg på minst 5000 kroner, seier Lia.
Lia opplyser at bruk av scooter på vatn kan skje i arrangerte former etter søknad. Men det er ikkje lov for einskildpersonar å drive slik aktivitet. Og regelverket tilseier at største tillatne fart til og frå land, er fem knop, inntil ein når 500 meter ut frå land. Det inneber at det minst må vere ei breidde på ein kilometer vatn mellom strendene før det kan bli tillate å nytte scooter på vatn.
Med ein fart på fem knop ut frå land vil ein snøscooter gå rett til botn. Ein må ha stor fart for at han skal halde seg på vassflata. Støynivået blir deretter.
Djupe spor
Køyring med scooter i utmark på snø, utanom godkjende scooterløyper, resulterer vanlegvis i bøter på 10.000 kroner. Endå strengare er slik scooterbruk på barmark.
Lia påpeikar at køyring med snøscooter og ATV (firehjuling) på barmark gjer stor skade i landskapet. Begge delar er i utgangspunktet ulovleg og resulterer i bøter om det blir oppdaga og meldt til politiet. På innmark er det derimot ikkje slike restriksjonar.
– Å køyre berre ein gong over ei myr med scooter eller ATV set djupe spor i terrenget. Køyrer ein fleire gonger, blir det heilt svart og det tek mange år før skadane blir leka. Det blir tekne nokre kvart år for slik ulovleg køyring, men politiet har ikkje kapasitet til å reise ut på kontroll, seier Lia.
– Bruk av ATV i utmark til dømes for transport i samband med hyttebygging, er avhengig av løyve frå kommunen. Utan slikt løyve er all slik køyring ulovleg, slår Lia fast.