Tunellen er nøkkelen til at teknologiparken på Århusmoen blir etablert. Gjennomslaget i Mælefjell var difor ein merkedag på veg til opning av teknologipark i samband med at den nye tunellen skal vere klar i 2019. Her møttest rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, ordførar Halfdan Haugan (Ap), Torgeir Straand og Eivind Hårstad frå Telemark technologies.
Tunellen er nøkkelen til at teknologiparken på Århusmoen blir etablert. Gjennomslaget i Mælefjell var difor ein merkedag på veg til opning av teknologipark i samband med at den nye tunellen skal vere klar i 2019. Her møttest rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, ordførar Halfdan Haugan (Ap), Torgeir Straand og Eivind Hårstad frå Telemark technologies.

Nyetablering kan gje 25 arbeidsplassar

Den dagen planane om tunellen mellom Århus og Gvammen blei lansert – vart ideen om Vest-Telemark teknologipark etablert. I 2019 skal Vest-Telemark teknologipark opne dørene på Århusmoen.

– Tunellen gjennom Mælefjell er nøkkelen, seier dagleg leiar i Telemark technologies system AS og Vest-Telemark teknologipark AS, Torgeir Straand. Han fortel at det var tilbake i 2012 at han kontakta Seljord kommune og spurde om dei hadde ei tomt der han kunne å etablere ein teknologipark på Århusmoen.

Ei 42 mål stor næringstomt, der 20 mål er ferdig regulert til utbygging og godkjent av Seljord kommune, blei sikra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Straand ser teknologiparken i Vest-Telemark som svært godt plassert

– Ein får ein reiseveg frå samanstillingsproduksjonen på Århusmoen til teknologiutviklingshøvet på Notodden og Kongsberg som er avgjerande for satsinga. Me vil plassere arbeidsplassar der folk bur, i staden for å flytte folk til arbeidet. Det gjev oss stabil arbeidskraft. Og det er nettopp servicefolka som Vest-Telemark er kjent for, så me meiner det vil gje oss eit konkurransefortrinn, poengterer Straand.

– Kor mange arbeidsplassar ser de at nyetableringa kan gje?

– Ut frå intensjonsavtala er det er mogleg å sikte mot 20 til 25 arbeidsplassar i det fyrste byggjetrinnet av teknologiparken, seier Straand. 

Ti verksemder samarbeider

Han fortel vidare at verksemda har intensjonsavtaler med 10 verksemder som skal vere knytt saman i den nye teknologiparken som blir etablert på Århusmoen i Seljord.

– Me har ti avtalar med selskap som alle ynskjer samarbeid og få høve til å utvikle seg. Dette er eksisterande verksemder som skal bli sterkare saman, seier Straand.

– Er det lokale bedrifter?

– Alle er Telemark-bedrifter med fartstid i kvar sin bransje, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre byggjetrinn

Straand seier at framdrifta av det 1000-2000 rutemeter store bygget som skal romme verkstad og kontorbygg fylgjer framdrifta til den nye europaveg-tunellen gjennom Mælefjell.

– Bygget er teikna i eit generasjonsperspektiv i tre byggjetrinn. Fyrst og fremst går me for å fylle det fyrste byggjetrinnet, noko me også har aktivitet til å klare nå. Når tunellen og vegen opnar i 2019 skal me også vere klare for opning, stadfestar Straand, og rosar det gode samarbeidet som han og selskapet har hatt frå dag ein med Seljord kommune.

Nytte av tunellmasse

Tunellsteinen har vore viktig for at etableringa av teknologiverksemda på Århusmoen skulle bli ein realitet.

– Johan Angre fekk ansvar for steinleveransen på tomta, og det var viktig for oss at me fekk fatt i tunellstein slik at me fekk opparbeidd arealet me skal nytte. Angre har gjort ein utmerka jobb, rosar Straand.

På tomta som skal huse teknologiparken har det også blitt mellomlagra stein i samarbeid med kommunen.

– Denne massen skal mellom anna bli nytta til å gruse opp vegar i kommunen, seier Straand.

– Og lage gangvegar, legg ordførar i Seljord, Halfdan Haugan til.

– Desse gangvegane vil bli ein direkte «spinoff» frå teknologiparkprosjektet og tunellen mellom Århus Gvammen, seier Straand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren gler seg over at tunellprosjektet har gjeve ein vekst på Århusmoen og er sjølvsagt oppteken av at dette skal gje kommunen fleire arbeidsplassar.

– Det er me kjempefornøgde med i Seljord kommune, og at de i teknologiparken fylgjer den same tidsplanen som tunellen er veldig interessant. Me i kommunen er sjølvsagt opptekne av arbeidsplassar, det med verdiskaping og miljøteknologi – så me er stolte av at me kan få det på plass, seier Haugan og gler seg over at industriområdet får høve til å utvikle seg vidare.

Eit Vest-Telemark-prosjekt

Eigarane av det komande byggjeprosjektet på Århusmoen er Telemark technologies og Vinje industri gjennom eit felles selskap. Elles er Angre invest og Århus næringspark med – sistnemnde er fellesselskapet til Sparebanken Din og Seljord kommune.

– Det er også gjort vedtak i Vest-Telemark næringsbygg om at dei skal inn med ytterlegare kapital ved byggjestart. Det er eit skilje mellom selskapa som driv tomta og bygget, og dei som skal drive aktiviteten her, seier Straand og legg til.

– Dette er eit Vest-Telemark-prosjekt – ei satsing som alle kommunane i regionen står saman om.

Vatn er den nye oljen

Aktiviteten som Telemark technologies skal etablere i Seljord er produksjon av standardiserte mobilbaserte reinseanlegget som møter dei nye lovpålagte krava som kjem innan vatn og avlaupssektoren.

– Me meiner at vatn er den nye oljen. Og me startar lokalt. Det fyrste pilotanlegget for kommunale og private vatn- og avlaupsnett kjem på Århusmoen, og det er ei viktig sak at anlegget hamnar akkurat der. Den kunne like gjerne hamna i Oslo eller Drammen, men dette er nok eit eksempel på at Seljord er opptekne av å trekkje ny næring til bygda, seier Straand.

Han ser stort potensiale i satsinga på Århusmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er produkt me vil levere i Noreg nå i startfasen, men frå dag ein vil mellom anna alle prosedyrane bli laga på engelsk – og me gjer som me gjorde med olje og gass, me tenker eksport frå dag ein, at det er modulbasert og ferdig testa i verkstaden, seier Straand.

Han fortel også at dei samarbeider med Sweco i Seljord om pilotanlegget.

– Sweco er inne med sin VA-kompetanse, så brukar me kompetansen vår. Det er spennande når desse fagmiljøa møtest, legg Straand til.

Han seier at samarbeidet med Vinje industri også har vore svært spennande.

– Så erfaringane me dekkjer er breie. Om ein ser Vinje lokalisert i Kristiansand, Stavanger og Florø og me på Notodden og Kongsberg – så kjem etableringa på Århusmoen midt i dette, seier Straand nøgd og ser fram til opning av teknologiparken i 2019.