Drikkevatnet blir kostbart
Ekstrautgifter tilsvarande ei vinterforsyning med ved, ei sydenreise eller ein Ipad er det dei 853 som har kommunalt vatn i Seljord kan koma til å måtta ut med etter kommunen si storinvestering på 56 millionar kroner i nytt vassverk. Frå 2014 til 2017 blir den årlege vassavgifta truleg auka med kring 4 500 kroner.
På Vallar, mellom Seljord Bil si skadeavdeling og Vallarbrui, reiser det seg no eit 250 kvadratmeter stort bygg på ei tomt som kommunen har kjøpt av Statens vegvesen. Bygningen skal huse det nye vassbehandlingsanlegget til Seljord kommune. Der skal vatnet, som blir pumpa opp frå førti meters djup i Seljordsvatnet, bli reinsa.
Etter anbodskonkurransen var det Skorve entreprenør som fekk oppdraget. Det lokale byggjefirmaet skal også byggje ein pumpestasjon på Bjørge. Totalt var anbodet for dei to bygga på 12 millionar kroner, inkludert moms, opplyser teknisk sjef i Seljord kommune, Kåre Groven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange i sving
Arbeidet med grøftegraving blir utført av firmaet Kaasa Maskin på Gvarv. Kostnaden for dette er 9,2 millionar kroner. Elles tok Enwa PMI i Sandefjord jobben med dei maskinelle installasjonane for 6,1 millionar, Noka AS i Larvik arbeidet med membranfilteranlegget for 5,1 millionar, Seljord-firmaet Dyrud Elektro utfører det elektriske arbeidet for 3,3 millionar og verksemda Øpd Subsea, med adresse Stathelle, legg inntaksleidninga frå Seljordsvatnet for 2,2 millionar kroner.
Bakgrunnen for å byggje nytt vassverk var at dagens grunnvassbrønnar på Eventyrøy ikkje var gode nok, og kommunen fekkpålegg frå Mattilsynet om å ha eit vassverk med betre kvalitet på drikkevatnet. Fleire alternativ har vore vurderte, mellom anna Århusmoen, før Seljordsvatnet blei valt som ny drikkevasskjelde. Fire firma blei invitert til å gje pris på prosjekteringa. I fylgje Groven hadde Sweco, som har avdeling i Seljord, det rimelegaste tilbodet med kring 3 millionar kroner.
Lånefinanisert
I budsjettet for inneverande år og økonomiplanen for 2016-2018 er det vedteke å investere 51 millionar kroner i det nye kommunale vassverket. I tillegg er det sidan 2007 bruka nesten 5 millionar kroner til konsulentar og prøveboring på Eventyrøy, Århus og i Seljordsvatnet. Totalkostnaden for det nye vassverket somfor to år sidan var på 50 millionar kroner, er no auka til 56 millionar kroner. Investeringa blir finansiert ved låneopptak.
Vatnet blir dobbelt så dyrt for alle
Det er i alt 853 privathus og verksemder som har kommunalt vatn i Seljord kommune. Seljord vassverk har 708 abonnentar, Århus vassverk 7 abonnentar, Flatdal vassverk 118 abonnentar og Åmotsdal vassverk 20 abonnentar. Alle dei 853 må bera heile kostnaden med bygging og drift av den nye drikkevasskjelda. Kommunen praktiserer sjølvkostprinsippet, det vil seie at dei som har kommunalt vatn skal betale det det kostar kommunen å produsere tenesta.
– Det fører til ei kraftig fordyring for abonnentane, seier økonomisjef i Seljord kommune, Halgeir Brekke.
Stor auke på få år
Vassavgifta auka med 30 prosent frå i fjor til i år. I økonomiplanen er det stipulert med å høgde avgifta med totalt 165 prosent i 2017 i høve til 2014, fortel økonomisjefen. For eit vanleg bustadhus vil det då seie at vassavgifta blir dobla frå 2015 til 2017. Samanlikna med 2014 vil vassavgifta i 2017 ha auka med omlag 4 500 kroner. Men dette er det politikarane som styrer. Kva vassavgifta neste år og åra framover faktisk kjem til å bli, er det kommunestyret som avgjer når dei samlast 17. desember for å vedta budsjett og økonomiplan for 2016-2019.
Heile utrekninga av vassavgifta er frå i år lagt om til å innehalde ein fast og ein variabel del, på same måte som straumrekninga omfattar nettleige og forbruk. Det blir då høve til å installere vassmålar.
Bemanningsauke
I tillegg til kapitalkostnadane for den 56 millionar store investeringa, må også abonnentane bera utgiftene til å drive vassverket. Desse utgiftene er rekna til å auke med 650 000 kroner årleg, mellom anna må driftsbemanninga aukast med om lag eit halvt årsverk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ferdigstillinga av anlegget er planlagt til mars-april neste år. Etter nokre månadars testperiode skal anlegget vera i permanent drift frå 1. juli.