Gunleik Mæland, Gudmund Mangerud, Lars Halvor Byberg, Odd Arne Byberg, Kjell A. Sølverød, Vigdis Opsund og Turid Opsund Mæland med Olav (1) på armen.
Gunleik Mæland, Gudmund Mangerud, Lars Halvor Byberg, Odd Arne Byberg, Kjell A. Sølverød, Vigdis Opsund og Turid Opsund Mæland med Olav (1) på armen.

5 år sidan

Seier det med rundballar: Sundag viste flatdalsbønder kva dei meiner om statens tilbod i jordbruksoppgjeret.

Laurdag braut landbrukets organisasjonar forhandlingane om jordbruksavtale med staten. Tilbodet om 13.000 kroner meir per årsverk gav ikkje grunnlag for vidare forhandlingar, meinte forhandlingsleiar og leiar i Noregs bondelag, Nils T. Bjørke. Kravet frå bøndene var 51.000 kroner per årsverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bøndene meiner regjeringa ikkje tek Stortingets vedtak om auka matproduksjon på alvor.

– Nå må Jens bestemme seg om han vil ha eit norsk landbruk, seier flatdalsbøndene i Seljord bondelag som aksjonerte sundag. Kjell A. Sølverød, leiar i Telemark bondelag er imponert over initiativet i lokallaget. Bøndene håpa at den nye landbruksmeldinga skulle gje nytt driv i norsk landbruk, men Sølverød meiner årets jordbruksoppgjer langt på veg er å kaste meldinga på bålet. – Me trudde på ein ny giv i landbruket, men fekk dette midt i trynet i staden. Me blir hengande etter. Andre grupper ser ut til å få meir enn 17.000 kroner ekstra i år, seier leiaren.

– Dette aksepterer me ikkje. Me har venta lenge. Nå er det nok, seier Gunleik Mæland (25), leiar i Seljord bondelag. Han byrja frå botn som gardbrukar som 19-åring, og har måtta jobbe beinhardt ved sida av for å få det til å gå rundt. Mæland peikar på at marginale inntekter ikkje gjev rom for investeringar.

– Eg hadde ikkje trudd det kom til å vere som det blei, og trudde yrket var til å leve av. Eg trivst veldig godt i jobben, men er spent på framtida, seier han. Sølverød og Mæland viser til at bygder gror att. – Me må ta vare på matproduksjonen me har, før han blir øydelagt, seier dei.