Siste sjanse for Hardangerviddasenteret
Kommunestyret i Vinje vedtok torsdag å gje Hardangerviddasenteret ved Møsvatn ein siste sjanse for å sjå om det likevel er liv laga.
Likviditetsproblema for Hardangerviddasenteret AS er akutte. Selskapet går mot eit underskot på nærare 600.000 kroner i 2003 og søkjer eigarkommunane Vinje og Tinn om tilskot til å dekkje dette beløpet for å kome i balanse.
I torsdagens kommunestyremøte i Vinje blei framtida til selskapet diskutert. Formannskapet i Vinje tilrådde at kommunen burde innfri garantiansvaret og løyve 150.000 kroner for å avslutte drifta, men ønskte ikkje å forlenge garantiansvaret eller ta på seg ansvaret for senteret sine lån. I praksis ville dette bety ei styrt avvikling av selskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Snu kvar stein
Vinje-ordførar Arne Vinje sa det var ein utriveleg situasjon å vere i, men var viljug til ikkje å gje opp drifta heilt og fremja ei endring i innstillinga frå formannskapet. Denne gjekk på å drøfte og røyste på langsiktelege tiltak for senteret saman med Tinn kommune. Kommunen følgde samtidig opp framlegget frå formannskapet om å løyve 150.000 kroner for å dekkje dei akutte likviditetsproblema. Dette blir teke av dei avsette midlane til senteret. Forslaget med endring blei vedtatt med 20 mot fem røyster.
Arne Vinje meinte det var viktig at dei to eigarkommunane drog i same retning.
Me må snu på kvar stein me kan framover. Det er ikkje sikkert me finn noko, men ingenting skal vere uprøva. Me må sjå på eit langsikteleg grunnlag saman med Tinn, sa han.
Satsa mykje
Dermed får selskapet ein ny sjanse til å vise at det er liv laga. Store løyvingar dei siste åra er óg eit argumentet for ikkje å avvikle selskapet.
Endringsforslaget om å diskutere framtida saman med Tinn er eit uttrykk for at me har satsa mykje på å få til noko ved senteret, som me meiner er ein flott stad med store moglegheiter, seier Arne Vinje til VTB.
Tinn kommune, bankane og senteret er innstilte på å gå i drøftingar, det vil Vinje vere med på. Nå vil me ha ein prosess fram mot generalforsamlinga i selskapet i mars for å sjå korleis det kan bli mogleg å redusere utgiftene og auke inntektene, legg han til.
Me har bruka så mykje offentlege midlar at det er vanskeleg å slå senteret konkurs. Eg er lei for det om dette går fillevegen, sa Øystein Høgetveit (SV) i kommunestyret.
Ole Kristian Nyhus (H) var også viljug til å gje senteret ein siste sjanse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me har bruka så mykje på senteret så la oss prøve ein gong til. Det er håp i eit hengande snøre. Men neste gong skal eg seie nei, eg og, ytra Nyhus.
Ta vekk respiratoren
Saksordførar Roar Berg Hansen (Ap) stilte spørsmålet om kommunen har vore på villspor og føreslo at senteret blei slått konkurs.
Me har prøvd å få senteret på beina. Nå trengst det nye eigarar, meinte Berg Hansen.
Bjørn Skinnarland (H) var vara for Conny Øyeflaten som sa seg ugild i saka. Skinnarland meinte kommunen burde halde lovnaden om å innfri garantiansvaret på 150.000 kroner, men han var klar på at det ikkje er liv laga for senteret slik det er nå.
Dette er eit grelt eksempel på korleis ein ikkje skal gjere det. Løyvingane til senteret har gått på kostnad av viktigare oppgåver kommunen har, som helsetenesta. Eg støttar rådmannen i å starte på nytt med nye eigarar. Me held kunstig liv i senteret, nå er det på tide å ta vekk respiratoren, sa Skinnarland.
Me skal setje pris på at me har ein snill, ryddig og folkeleg ordførar. Men personleg ville eg avslutta dette no. Politikarane greier ikkje innsjå at det må ta slutt, eg meiner dei er feige, utdjupar Skinnarland til VTB.
Styret har gjort eit utruleg stort arbeid for å finne ut av det, men me kan ikkje forlange at dei er trollmenn, legg han til.
Luftslott
Framstegspartiet gjekk inn for å avvikle selskapet utan å løyve 150.000 kroner til å rette opp dei akutte gjeldsproblema.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen kan ikkje drive slik verksemd. Bankane får skulde seg sjølve, og dei har dessutan betre økonomi enn Vinje kommune, sa Tore Damberg (Frp).
Hardangerviddasenteret har vore eit luftslott. Det har vore urealistiske forventningar om 30.000 besøkjande. No bør me trekkje oss ut, sa Yngvar Borgersen (Frp).