Nav-samarbeid: Seljord-rådmannen meiner Midt-Telemark er det beste alternativet
Rådmannen i Seljord argumenterer med at eit Nav-samarbeid med kommunane i Midt-Telemark vil gjera at kommunen får vera med i eit fagmiljø som det blir satsa på.
Dermed fylgjer den nye rådmannen i Seljord, Finn Arild Bystrøm, opp tilrådinga frå konstituert rådmann Kari Gro Espeland som i november rådde politikarane til å sjå mot Midt-Telemark for Nav-samarbeid. Formannskapet i Seljord var klare på at dei ville sjå mot eit samarbeid i Vest-Telemark. Sidan har saka blitt diskutert både politisk og administrativt i regionen.
I saka til formannskapet 18. januar rår Seljord-rådmannen politikarane til å søkje om å bli med i etableringa av eit nytt myndig Nav-kontor i Midt-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Større utviklingspotensial
Ein del av debatten i rådmannsutvalet i starten av månaden var om det måtte fem eller seks kommunar til for å vera eit såkalla «myndig kontor». Nav-direktør Terje Tønnesen sa i møtet at det ikkje var noko skilnad på fem eller seks kontor for definisjonen av eit «myndig kontor». I saka til kommunestyret viser rådmannen til ei presisering frå Nav-direktøren. Her skriv Tønnesen at «mynde/behalde eksisterande oppgåver er gjeve både om det er fem eventuelt seks kontor som blir med i ein felles organisasjon i Vest-Telemark». Når Tønnesen blir spurt om kva han legg i omgrepet «myndig» for eit felles Nav-kontor i Vest- samanlikna med Midt-Telemark svarar Nav-direktøren:
– Opprettar ein ein felles organisasjon i vest, kan ein frå mi side behalde dei eksisterande oppgåver og mynde som i dag ligg ved kontora i området. Det same gjeld for Midt-Telemark, men på grunn av storleiken på fagkunne/miljøet vil dette også vera eit område for eventuelle nye oppgåver, prosjekt, satsingar etc. framover, skriv Tønnesen i svaret til rådmannen, og legg til at kontoret i Midt-Telemarkmed Seljord vil bli blant dei største einingane i fylket og av den grunn ha eit større utviklingspotensial/mottakarapparat.
Vegskilje
– Ved å bli i eit samarbeid i Vest-Telemark mistar me uansett høvet til å delta i eit fagmiljø det som det blir satsa på i form av nye oppgåver og satsingar, skriv rådmannen til politikarane, og viser til tidlegare politiske diskusjonar i kommunestyret der politikarane har lagt ei slik utvikling til grunn som viktig.
I saksutgreiinga til kommunestyret karakteriserer rådmannen det som eit «vegskilje». Han meiner Seljord kommune må melde seg på samarbeidet mellom Bø, Nome og Sauherad no, for å ha noko «påverknadshøve» på prosessen.
Heilskap framfor historikk
Rådmannen skriv også at det er lite som tyder på at Seljord blir valt som lokalisering for eit felles kontor i Vest-Telemark.
– Sjølv om utgreiinga viser at me har svært gode kort for dette, kommenterer han, og viser til at fylkesdirektøren i møtet i januar framheva Seljord og Kviteseid som dei mest aktuelle stadene.
Rådmannen kommenterer også debatten internt i Vest-Telemark. Han meiner samarbeidet blir prega av at ein i ytring er grunnleggande samd i at det er viktig å stå saman, men at ein ikkje klarer å finne ei samarbeidsform der avgjerder blir tufta meir på faktum og heilskapstanke, framfor historikk og til dels mistruheit.
Formannskapet i Seljord behandlar saka 18. januar før ho går vidare til kommunestyret 1. februar.