Øyvind Klausen slår bolten til halsklaven fast på baksida av steinen. Kyrkjeverje Arild Bjørnstad er «oppslagar», medan Anund Sisjord, leiar i fellesrådet, og initiativtakar Olav Tho fylgjer med.
Øyvind Klausen slår bolten til halsklaven fast på baksida av steinen. Kyrkjeverje Arild Bjørnstad er «oppslagar», medan Anund Sisjord, leiar i fellesrådet, og initiativtakar Olav Tho fylgjer med.

Eit kulturminne om kyrkjeleg tukt

Det er 174 år sidan nokon her i landet blei straffa i gapestokk. I sommar har den gamle gapestokken i Hjartdal fått heidersplass som eit kulturminne.

Det er lite truleg den nyrigga gapestokken ved Hjartdal kyrkje blir teken i bruk slik straffemetoden var i si tid. Øyvind Klausen, smeden i Fyresdal, ser likevel føre seg ein bruk:

– Eg kunne tenkje meg å leige plass til å stille ut folk som ikkje betalar …

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange rettskafne folk i Hjartdal, så han er nok ikkje aktuell å bruke – men viss folk ikkje møter til messe …, repliserer Anund Sisjord, leiar i Hjartdal kyrkjelege fellesråd.

Kyrkjetrappa

«I Sabbatsforordninga av 1730 vart det pålagt å ha gapestokk framom alle kyrkjer i Noreg, men det verkar som om det på dei fleste kyrkjestader alt hadde vore gapestokk på plass sidan kring 1650,» les me på Wikipedia.

Gapestokken ved Hjartdal kyrkje har nok stade ved den gamle stavkyrkja. I 1809 var noverande kyrkje ferdig, bygd av Halvor Høgkasin frå Hjartdal. Han var ein av «læresveinane» til Jarand Rønjom frå Åmotsdal. Når nykyrkja var ferdig blei den gamle kyrkja riven, utan at ein veit sikkert året.

Bolten skal passe inn i holet i steinen, viser Øyvind Klausen.
Bolten skal passe inn i holet i steinen, viser Øyvind Klausen.
Også initiativtakar Olav Tho let seg friviljug feste til pålen.
Også initiativtakar Olav Tho let seg friviljug feste til pålen.
Smeden sjølv var fyrst til å prøve vara …
Smeden sjølv var fyrst til å prøve vara …
Det gjeld å smi mens jernet er varmt …
Det gjeld å smi mens jernet er varmt …

Det ein veit er at gapestokksteinen ved gamlekyrkja blei eit trinn i trappa inn til den nye.

– Det var for lengst slutt på å straffe med å setja folk i gapestokken. Kanskje er det likevel litt at steinen blei lagt i kyrkjetrappa – med holet for feste av halsringen opp, filosoferer Olav Tho.

Kor lenge han har lege der er det heller ingen i dag som veit, men:

– Det er 70 år sidan fyrste gong eg var i denne kyrkja. Då låg i alle fall steinen der, slår Anund Sisjord fast.

Sjølve steinen er om lag 1,7 meter høg, av hard kvartsitt, som det finst mykje av i Hjartdal, opplyser kyrkjeverje Arild Bjørnstad. Steinen er solid fundamentert i betong og jern under bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minnesmerke

Om straffa å bli sett i gapestokk for lengst er avskaffa, er det ein tradisjon å ta vare på, meinte Olav Tho. Då kyrkjetrappa skulle stellast av nyom, fekk han ideen til å reise opp att gapestokken – bare som eit kulturminne.

Tho kontakta fellesrådet, og fekk godkjenning til å setja opp steinen. Men klaven som batt fast dei som skulle straffast, var borte. Den måtte på plass att, helst så lik ein opphavleg som råd. Smeden i Fyresdal måtte vera mann for den oppgåva.

Øyvind Klausen har smidd mykje etter gamle modellar. Øksar og biler og anna laftereiskap for folk som driv med restaurering, der handverket skal vera mest mogleg tradisjonelt. Og, ikkje minst har han teke fram tradisjonen med «å smi i hymens lenker». Noko som har blitt eit fast innslag på SterkeNilstunet i Dyrsku'n.

Ja ha, korleis såg så denne klaven ut?

Klausen og Tho leita fram i litteratur og bilde. Ein modell frå Gausdal peika seg ut som mest sannsynleg.

Kva tenkte smeden?

– Eg har lagt vekt på å smi slik dei gjorde på 15og 16-hundretalet. Her er ikkje sveisa på moderne vis, lutene klaven heng i er sveisa i smieavlen, forklarar Klausen.

– Medan eg har arbeidd med denne, har eg lura på kva smedane tenkte den gongen, når dei fekk i oppdrag å smi klave til ein gapestokk, filosoferer han.

Sjølve klaven er smidd i ei form, slik at han er rund på innsida – den sida som skal liggje mot halsen til den dømde. No står bare ein ting att: å feste klaven til steinen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har studert på korleis det kunne vera. Det var sikkert ulike måtar, men eg har kome til at me stikk ein bolt gjennom holet, og slår han ut til kvar side på baksida, forklarar smeden. Dermed dreg han opp varmen i felteisa si, legg bolten i glohaugen og vermer til 1000 grader.

– No gjeld det å smi mens jernet er varmt, seier han, og gjev uttryk- ket det opphavlege, konkrete innhaldet.

Han stikk den raudglødande bolten i holet i steinen. Kyrkjeverje Arild Bjørnstad blir kommandert til å halde imot med slegga, medan smeden sjølv bankar den splitta bolten godt fast på baksida av steinen.

Ei bytte vatn kjøler ned det heite jernet – og smeden?

– Ein må jo prøve varene, smiler han, stiller seg på plass og legg klaven rundt halsen.

– Fyrste mann i gapestokk sidan 1800-talet, slår dei to tidlegare ordførarane Tho (Hjartdal) og Sisjord (Notodden) smilande fast.

Også Olav Tho let seg klave til gapestokken.

Det skulle bare mangle; i tillegg til å vera initiativtakar og pådrivar for å reise det i utgangspunktet lite ærerike minnesmerket, betaler han av eigen konto smeden for arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men korkje me eller smed Klausen mistenker at han kjem i gapestokken for ikkje å gjera opp for smedarbeidet …