Ved Nissedal omsorgssenter er det fire omsorgsbustader (t.h.). Snart kjem det fleire. Vidare er ynsket å planleggje bygging av aldersbustader i Tveitsund.
Ved Nissedal omsorgssenter er det fire omsorgsbustader (t.h.). Snart kjem det fleire. Vidare er ynsket å planleggje bygging av aldersbustader i Tveitsund.

Fleire nye omsorgsbustader

Nissedalrådmannen får ros av politikarane for eit godt arbeid med budsjettet for 2016. Eigedomsskatten blir ikkje auka, det kjem nye omsorgsbustader, ny asfalt i Nissedal og datasatsing i skulen.

Dei siste haustane har det vore budsjettrabalder utan like blant politikarane i Nissedal. Slik blir det ikkje i haust i ei tid der mellom anna eit uromoment som skulestruktur er lagt på is. Rådmannen kjem med eit budsjettforslag for 2016 som nok ikkje har i seg saker der utslaget vil bli intens politisk debatt.

Torsdag var rådmannen og einingsleiarane i kommunen på plass då formannskapet blei nærare orientert om budsjettforslaget. Noko politisk drøfting blei det tid til etterpå, men eventuelle endringsframlegg kjem ikkje før torsdag når formannskapet skal gjere ferdig budsjettinnstillinga si.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Formannskapet er svært nøgde med budsjettjobben rådmannen har gjort. Gjengangaren blant politikarane var at det er lite endringar dei ynskjer å gjere på forslaget, oppsummerer ordførar Halvor Homme.

Gjennomslag for brannvesenet

Neste år ynskjer rådmannen å bruke tre millionar kommunale kroner på omsorgsbustader. I dag er det fire slike ved omsorgssenteret, og det skal byggast fleire. Vidare er tanken å greie ut bygging av fire aldersbustader i Tveitsund byggjefelt.

Båe utbyggingane gjer at kommunen får momskompenasjon, men ei slik tilbakebetaling får ein ikkje om det blir bygd flyktningbustader. Kommunen har busett 15 flyktningar i år, og kan kome til å ta imot 14 nye neste år. Desse treng bustader, og då er tanken å bruke bygningsmasse kommunen har i Smeitkollen for nokon av dei.

Vidare føreslår rådmannen å asfaltere ein vegparsell i Framnes bustadfelt i Nissedal, og deretter delparsellar på Nordbøvegen. Andre som kan gle seg over å ha kome på investeringsbudsjettet er skulane. 625 000 kroner skal gå til nytt datautstyr, og i fyrste omgang prioriterer ein femteklassingane.

Andre som har gløda etter nytt utstyr er brannvesenet. Det er stort behov for ny tankbil, og no sprøyter rådmannen inn 800 000 kroner slik at brannvernynsket ikkje lenger blir eit heitt tema.

Frå i år av er det innført eigedomsskatt på hus og hytter i kommunen, med ein promillesats på 2. Satsen blir ikkje endra neste år.

Saksa frå budsjettforslaget

* 500 000 kroner til utviding av vass- og avløpsnett i Nordbygda.

* 1,3 millionar kroner til omlegging av kloakkleidning frå Landvik til Treungen reinseanlegg ved å leggje han i Nisser.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Aktivitørstillinga (150 000 kroner) ved omsorgssenteret blir lagt ned for å styrkje ordinær pleieressurs.

* Varig omorganisering av tenestekontoret og merkantil ressurs. Sparer då 300 000 kroner.

* Mellombels reduksjon i leiarressurs i rådmannsgruppa, innsparing 600 000 kroner.

* Skulekantina i Treungen blir avvikla frå neste haust.

* Betaling for skulefritidsordninga aukar med rundt 13 prosent.

* Eigenbetalinga i kulturskulen går opp med 25 prosent.

* 350 000 kroner til vidarekjøp av ekstra plassar ved Kvito for å halde fram med aktiviseringstiltaket som har avlasta psykiatritenesta monaleg.

* Kostnadsauke på 251 000 kroner for vegvedlikehald på grunn av nye brøytekontraktar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Leige ut leiar-ressurs i teknisk eining i 40 prosent til Kviteseid kommune i fem månader. Sparer 70 000 kroner.

* Halde vassgebyra på 2015-nivå. Kloakkgebyra blir redusert med fem prosent.

* Nav Nissedal skal leiast av ein avdelingsleiar, med Nav-leiar i Drangedal som overordna ansvarleg.

* Den økonomiske ramma til stønad til livsopphald er styrkt med 600 000 kroner.

* Det blir betydeleg mindre midlar til næringsarbeid, fordi det er lågare avkasting frå kraftfondet og 350 000 kroner frå småkommuneprogrammet fell bort.

* Ein budsjetterer med 0,5 millionar kroner i utbyte frå Vest-Telemark kraftlag.

* Konsesjonskraftinntektene blir redusert med 800 000 kroner på grunn av låg straumpris.

* Eigedomsskatt på verk og bruk og anna eigedom: 10 385 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Eigedomsskatt på bustad og fritidsbustad: 5 300 000 kroner.

* Det blir lånt 1 355 000 kroner til investeringar. Til nye prosjekt kan ein i tillegg bruke 4,8 millionar kroner i 2016, som er unytta lånemidlar i 2015.

* Rammetilskotet frå staten er 57 639 000 kroner, ein auke på 146 000 frå budsjettet i år.