Sjarmerande trollungar og andre utkledde

Blant dei mange utkledde barna var det mellom anna trollungar, vikingar, piratar, cowgirls, rockemusikarar og ein mobiltelefon.

– Me skal bytte på å sitje på trehesten altså, sa venninnene Ingvild Lio og Anna Øvrebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har båe to drive med riding tidlegare og sidan Anna hadde trehesten ståande var det enkelt å velje kostyme.

– Me er cowboyar eller kanskje cowgirls, smilte dei.

Ingrid Karine Olsen var utkledd som ein Nokia mobiletelefon, men nokon summetone var det ikkje å høyre.

– Hallo, hallo, prøva bladfyken seg, men utan å få svar ... Ingrid Vågslid og Amalie Timland hadde kledd seg ut som høvesvis levande måleri og målar.

– Allo', mitt namn er Henri Bartois, og jai ær kynstmaler, sa Timland og flikka på Vågslid.

Det var mange sjarmerande kostyme å sjå på solfesten, og kreativiteten var stor.