Treng 220 vegmillionar
Vegvesenet og Vest-Telemarkrådet har utarbeida ein viktig vegplan. Det vil koste 220 millionar kroner dei neste 10 åra for å få god standard på riksveg 41 i Vest-Telemark. Stortingets transportkomité blir tysdag orientert om det som kanskje er landets verste stamveg.
I eit heilt år har Vegvesenet og Vest-Telemarkrådet (VTR) arbeid med ein rutevis plan for riksveg 41 (Telemarksvegen) frå Aust-Agder grense til Brunkeberg. Målet er å få ein strategi for utvikling av strekninga som også er stamveg.
Riksveg 41 er ein foreldrelaus veg. Han ligg ikkje inne i nokon nasjonal transportplan (NTP), og som stamveg høyrer han ikkje til fylkesvegnettet. Det gjev store bekymringar. Då er det veldig bra at me no har fått ein rutevis plan med tiltak. Det gjev høve til å få med tiltak i neste NTP. Utan ein rutevis plan hadde me ikkje hatt sjanse. Den nylaga planen er medisinen for å få gjennomslag i NTP, er Oma Dahle sikker på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med tanke på heile riksveg 41, som stoppar i Kristiansand kommune, er ho elles bekymra for at verken Aust-Agder eller Vest-Agder har laga sine rutevise planar.
Prioritering
Oma Dahle rosar dialogen som Vegvesenet og VTR har hatt rundt planen.
Denne dialogen og arbeidet som VTR gjer har ført til at fyrstnemnde har sett av 30 millionar kroner til riksveg 41 i år og dei neste to åra. Vegløyvinga er eit resultat av at me jobbar godt i regionsamarbeidet, meiner regionordføraren.
Den rutevise planen for riksveg 41 har med større investeringar, utbetringar og vedlikehaldsoppgåver. Målet er å få ein standard som er i samsvar med at vegen har status som riksveg og er ein integrert del av transportkorridoren. Hovudstrategien framover er å prioritere tiltak som sikrar varig og stabil standard og gjev trafikksikker veg.
Det er sett opp fleire aktuelle tiltaksgrupper for å nå målet om utbetring av stamvegen. Totalkostnaden er på over ein milliard kroner. Det inkluderer også trafikktryggleikstiltak på 50 millionar kroner, ny bru i Treungen til 74 millionar kroner, Kviteseidkrysset (20 millionar kroner) og ein 2,8 kilometer lang tunnel frå Kviteseid til Vrådal (300 millionar kroner).
Det er lite realistisk å få så store statlege løyvingar til tunnelen i dei næraste NTP-periodane. Me tilrår derfor heller at ein prioriterer mindre kostbare, men effektive tiltak; utbetring av eksisterande veg og med utviding av breidda, strekningsvis utbetring av kurvatur og trafikktryggleikstiltak, er planforslaget.
Tiårsperiode
For riksveg 41 i Telemark har Vegvesenet frå 2002-2009 registrert 36 ulykker med til saman 55 skadde. 3 mista livet og 6 blei alvorleg skadde. I Treungen er det registrert fleire ulykker med mjuke trafikantar. Planen føreslår å bruke 16 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg frå Tveitsundbrua til Lauvdalen.
Vidare er planen å bruke 61 millionar kroner på 6,3 kilometer veg frå Treungen til Vik, 22 millionar ved Nes og 51 millionar på 8,6 kilometer i området ved Nordbygda. I tillegg vil det koste 35 millionar kroner å ruste opp vegen frå Steane til Vrådal og 30 millionar frå Steane til Treungen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Strekningane er planlagt utført innan 10 år, og totalkostnaden blir 220 millionar kroner. Strekninga Treungen-Vik (oppstart 10 millionar kroner) og gang- og sykkelvegen i Treungen (oppstart 8 millionar) er aleine om å stå som moglege prosjekt i perioden til og med 2013.
Planen slår elles fast at riksveg 41 har så lågt trafikkgrunnlag at ein ikkje har grunn til å føreslå bompengar. Dermed må alle tiltaka dekkast av statlege midlar.
Skuffande
9. til 11. mai har transport- og kommunikasjonskomiteen synfaring i Aust-Agder og Telemark. På turen kjem det til å hagle med innlegg frå ulike interesseområde på samferdselssektoren.
Det var i utgangspunktet to turalternativ. VTR tok formell kontakt med fylkeskommunen om at rv 41 blei valt. Slik gjekk det ikkje. Turen går i staden langs kysten og E 18.
Eg er veldig skuffa over valet. Transportkomiteen burde ha fokusert på det enorme vegetterslepet i indre delar av Telemark, før dei brukar energi for å sjå på heilt nye prosjekt andre stader. Det blir mykje fokus på jernbane , seier Olav A. Veum, leiar i Vest-Telemark næringsforum.
Riksveg 41 har stor næringsmessig betyding, og me har også E 134 og riksveg 36, minner Veum om.
Nissedal- og regionordførar Anne-Nora Oma Dahle er også skuffa over at komiteen ikkje tek seg tid til å køyre riksveg 41.
No får Veum og eg ei verbal utfordring. Me skal møte komiteen i Langesund. Me får 15 minuttar på oss, og dei må me bruke godt, seier Oma Dahle om vegpresentasjonen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Komitéleiar Hareide til rv 41
Nyvalt KrF-leiar og leiar i transportkomiteen, Knut Arild Hareide, fortel at stortingspolitikarane har hektiske dagar i vente.
Me får eit fullpakka program og vil ha mest mogleg med oss, seier Hareide til VTB.
Riksveg 41 er kanskje den verste stamvegen i landet. Forstår du at folk i Vest-Telemark er skuffa over at komiteen ikkje kjem der?
Ja, det gjer eg. Det har ikkje vore ein direkte diskusjon i komiteen om val av strekning. Det blei lagt fram eit turprogram for komiteen, fortel Hareide.
Snart skal det lagast ny nasjonal transportplan (NTP), og derfor er det viktig at innspel kjem til transportkomiteen til veka.
Eg er ikkje i tvil om at innspela dannar grunnlag for neste NTP. Me skal lytte og ynskjer å prioritere område med dei største utfordringane, seier Hareide.
Han har aldri køyrd riksveg 41 i Telemark, men har fått tydelege signal frå partikollega Øyvind Tveit i Nissedal at vegen er elendig.
Sidan du ikkje kjem til riksveg 41 til veka, får VTB invitere deg med på ein tur på strekninga?
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, det er ein god idé å bli med på riksveg 41. Det trur eg er mogleg å få til snart, avsluttar ein ikkje avvisande Hareide, leiar i transportkomiteen.
Viktig veg for næringa
Vest-Telemark næringsforum (VTNF) har sendt Vegvesenet og VTR den næringsmessige betydinga av riksveg 41. Det blir mellom anna opplyst at årleg brukar 2.000 tømmervogntog riksvegen, det same gjer 90 trailerar som kvar veke «renn ut» frå brusfabrikken i Fyresdal.
Vidare blir det peika på at årleg er det 115.000 gjestedøgn innan reiselivet i Kviteseid. Det blir også tatt med at ein kommune som Nissedal har over 1.700 private hytter, og mange frå både Sørlandet og danskebåten brukar riksveg 41 for å kome seg til Gautefall eller andre turistområde.
Kostnadsdrivarane for næringslivet i regionen er tidsbruk, drivstoffbruk og slitasje på køyretøy og førarar. Dagens vegstandard mellom Treungen og Vrådal er konkurranseulempe med tanke på auka tidsbruk og store vedlikehaldskostnader på grunn av ekstraordinær slitasje. Nokon bedrifter har valt ein fordyrande omveg om Bø til E 18 for å unngå riksveg 41, opplyser VTNF.