Ingerid vann klassa i Lysebotn opp
Ordølen Ingerid Vadder (15) sikra klassesiger i rulleskirennet Lysebotn opp torsdag. Nabojenta Gunhild Kvålseth (J16) blei nummer fire i si klasse.
Vadder frå Morgedal IL hadde leiinga frå start til mål då ho og klubbvenene deltok i det tøffe motbakkeløpet .
Artikkelen held fram under annonsen.
Klubbvenninna Gunhild Kvålseth enda bare tre sekund frå pallplassen, då ho blei nummer fire i klassa for jenter 16 år.
Løparane i desse klassene gjekk eit to kilometer langt motbakkeløp på rulleski, medan seniorane gjekk 7,5 kilometer.