Styrleiar i Renovest IKS, Åge Verpe, meiner tida er inne for selskapet å ta eit steg vidare ved å stå for avfallskøyringa sjølv.
Styrleiar i Renovest IKS, Åge Verpe, meiner tida er inne for selskapet å ta eit steg vidare ved å stå for avfallskøyringa sjølv.

Fekk meir tid på seg til å vurdere framtida

Det har ei tid vore klart at fleirtalet i styret i Renovest ynskjer at det interkommunale selskapet sjølv skal stå for avfallstransporten. Dagleg leiar i selskapet, Toralf Orekåsa, er ikkje samd.

– Kjære vene, dersom me vel å stå for avfallstransporten sjølve er det snakk om fem lastebilar som skal køyre rundt i Vest-Telemark. Det er då ikkje meininga at dei skal til månen, sa Thor Inge Levang, ein av Fyresdals representantskapsmedlemer.

– Eg synest administrasjonen er veldig negativ, og det ser ut til at dei kvir seg for å samle tenestene innomhus, la han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Satse lokalt

Styreleiar Åge Verpe innleidde måndagens representantskapsmøte med å seie at uansett kva løysing som blir vald, så er tidsfaktoren viktig. Dagens avtale med Telemark godsliner (TG) går ut i sommar.

– Det er etter mi oppfatning fleire ting som talar for at me bør stå for transporten sjølve. Me har sjølvsagt rettssaka som Sunde retta mot oss, der me tapa. Det vil også gje oss større fleksibilitet dersom me vel å ta på oss køyringa. Me vil få fleire utfordringar framover, ikkje minst med tanke på hytterenovasjon, og eg trur me vil utvikle oss som selskap dersom me køyrer sjølve. Så kan ein sjølvsagt vurdere om ein skal ta alt av transport eller delar av det. Eg trur i alle fall det er viktig å satse lokalt, og at tida er inne no, sa Verpe.

Uvisse rundt tala

Reknestykket som dagleg leiar har sett opp viser at det vil bli om lag 150 000 kroner dyrare å stå for køyringa sjølv kontra dagens kostnader.

Dagleg leiar i Renovest IKS, Toralf Orekåsa, meiner det er heilt nødvendig med fleire utgreiingar før ein avgjer framtidas avfallsordning.
Dagleg leiar i Renovest IKS, Toralf Orekåsa, meiner det er heilt nødvendig med fleire utgreiingar før ein avgjer framtidas avfallsordning.
- Eg føler administrasjonen er veldig negative som ikkje tek steget med å få avfallskøyringa i eigen regi no, sa representantskapsmedlem Thor Inge Levang frå Fyresdal.
- Eg føler administrasjonen er veldig negative som ikkje tek steget med å få avfallskøyringa i eigen regi no, sa representantskapsmedlem Thor Inge Levang frå Fyresdal.

– Det er ikkje heilt enkelt å kome med eksakte tal. Mykje vil avhenge av om ein leasar lastebilane eller om ein vel å kjøpe dei. Avskrivingstida har også mykje å seie. Eg har også lyst til å seie at kompetanse i høve til avfall og avfallshandtering blir viktigare og viktigare. Me må forvalte områda våre på best mogleg måte, ikkje minst gjeld dette i områda som har mange hytter, sa Verpe.

Gunnar Eilefstjønn, ein av Seljords styremedlemer, sa at det var Seljord som hadde stemt imot å gjennomføre renovasjonsordninga i eigen regi.

– Det var fordi me har for knapp tid på oss. Eg trur det er lite gjennomtenkt dersom me seier ja til eigenregi i kveld. Kva med miljøkonsekvensane? Kva biltypar skal me ha? Etter mitt syn bør me lyse ut nytt anbod når inneverande periode går ut. Me treng meir tid, og eg vil nytte retten til å få inn ein merknad i protokollen dersom det blir fleirtal for eigenregi-varianten i kveld, sa Eilefstjønn.

Skeptisk dagleg leiar

Daglege leiar var tydeleg på at han var skeptisk til å ta på seg avfallskøyringa i eige selskap.

– Det betyr 11 nye årsverk som krev garderobe. Det betyr at bilane treng ein stad å stå, og dei treng dagleg ettersyn. Det betyr vidare at abonnentane må betale. Etter mitt syn er det ei miljømessig dårleg løysing. Me har også dårleg tid dersom me skal drive i eigen regi alt frå hausten av. Eg ynskjer i alle fall at me lyser ut anbod for eitt år frå 1. juli 2018 til 30. juni 2019. Då får me meir tid på oss til å vurdere både bedrifts- og samfunnsøkonomiske konsekvensar saman med dei miljømessige fylgjene, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anbod for eitt år

Diskusjonane enda med at eit samrøystes representantskap i Renovest IKS (interkommunalt selskap) sa ja til å lyse ut nytt anbod frå 1. juli 2018 til 30. juni 2019.

– Men då reknar eg med at det blir nytt møte i representantskapet i august i år der me gjer endeleg vedtak om me skal satse på avfallstransport i eigen regi eller ikkje, eventuelt med unnatak av transporten frå Brunkeberg til Vestfold, sa Jarand Felland frå Tokke.

Skuffande

– Dette var skuffande, og eg er samd med fleirtalet i styret som ville ha ordninga i eigen regi frå hausten av. Eg meiner det er veldig defensivt tenkt av administrasjonen, og eg har lita tru på at dei får fram særskilde opplysingar som kan vere utslagsgjevande for å ikkje velje å køyre sjølve, seier Levang til VTB etter møtet.

– Kan det vere tanken på å tilsetje fleire folk og dermed bli meir sårbare med tanke på sjukmeldingar og slike ting som har påverka administrasjonen, spør VTB.

– I så fall er det berre å ynskje dei velkomne til verkelegheita; slik er det å vere arbeidsgjevar. Men no blei det bestemt at det går ytterlegare eitt år før me eventuelt kan kome i gang sjølve, og det kan eg leve greitt med, svara Levang.