«Det er ønsket om solidaritet og fellesskap som er avgjerande for meg i år.»
Trass tekniske problem og regnvêr var det valdagen godt oppmøte og god stemning i vallokalet i Brunkeberg.
Då VTB vitja Brunkeberg valkrins på valdagen hadde dei tekniske utfordringar. Nettet låg nede, og sidan manntalet er digitalt skapte det utfordringar. Leiar i valstyret Anne Aasmundtveit, Britt Ellen Omtveit og Per Larsen måtte ta i bruk penn og papir medan dei venta på teknologisk bistand. Veljarane strøymde på med det same vallokalet opna klokka tolv på måndag. Sundag var Brunkeberg einaste opne vallokale i Kviteseid kommune, og valstyret rapporterte at 131 personar avla røyster på sundag.
– Sundag kom det sjølvsagt veljarar frå Brunkeberg valkrins, men det kom også mange frå Kviteseid og Vrådal. Nokre var på veg til og frå Dyrsku’n, og nytta høvet til å røyste på vegen. Andre hadde fått informasjon om at vallokalet i Kviteseid også var ope på sundag, noko det ikkje var, så då kom dei hit, seier Anne Aasmundtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei tre medlemmene i valstyret har alle vore med i styret før, og synest det er ei triveleg oppgåve. Valstyret er opptatt av at dei har ei alvorleg oppgåve, og det er viktig at alt går rett føre seg. I tillegg er det litt sosialt. Dei møter mange sambygdingar dei sjeldan ser elles. Dei møter også nyinnflytta sambygdingar som dei ikkje kjenner så godt.
– På sundag var også mange førstegongsrøystarar innom, seier Per Larsen.
Valdagen har vallokalet ope til klokka åtte.
– Det blir ein lang dag, men Anne sørger for at me har det triveleg også, seier Per.
Enkelt å bestemme seg
Svein Aasan frå Åsgrend røystar alltid ved val, og hadde ingen vanskar med å bestemme seg i år. For Aasan er ikkje enkeltsakene det viktigaste ved årets val, men det store biletet, og i kva slags retning samfunnet vårt går.
– Det er ønsket om solidaritet og fellesskap som er avgjerande for meg i år, seier Aasan.
VTB gjekk i trykken ei god stund før vallokala stengde måndag. For meir valstoff, følg med på vtb.no.