Ny besøksrekord på Dyrsku'n
Heile 38.316 personar var innanfor portane på Dyrskuplassen laurdag. Men trafikkproblema kunne vore handtert betre, seier dyrskusjefen.
Køane var lange både frå Brunkeberg og Bø inn til Seljord laurdagsføremiddag. Det forstår me godt når besøkstalet er telt opp laurdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ny besøksrekord på Dyrskun i dag med 38.316 besøkjande, seier sals- og marknadsleiar, Yvonne Eilefstjønn til VTB.
Det er 3000 fleire enn den gamle rekorden frå 2003.
Mange utsette nok dyrskubesøket til laurdag då sola var meldt og den kom utover ettermiddagen.
I går var rett over 21.000 innanfor portene, dermed har nesten 60.000 vore innom Dyrsku'n før avslutninga i morgon.
– Fint vêr og strålande å vere sjef i dag. Det er utruleg mykje folk, sa dagleg leiar, Geir-Helge Espedalen til VTB utpå ettermiddagen.
Men trafikkproblema kunne vore handtert betre ser han i ettertid.
– Det har vore mykje kø frå Midt-Telemark og Aust-Telemark. Me jobbar jo med den problemstillinga der og ser på korleis me kan gjere køyremønstre enda betre. Me burde nok kanskje ha gjort noko med det tidlegare i dag. Kanskje delegert trafikken om Garvikstrondi. Me skal forbetre dette her, var dyrskusjefen klar på.
Under 150-årsjubileumet i fjor blei det sett rekord med 94.248 besøkjande over heile helga. Det spørs om det totale talet når dei høgdene etter morgondagen. Yr melder om ein del regn frå ettermiddagen av.