På tur til Dyrsku'n
Mange har støytt på ekvipasjen etter vegane. Som så mange gonger før har Anne-Marie Duaas også i år teke turen frå Gauset i Tinn til Seljordsdyrskuen.
Trafikken stoppar litt opp. Eit hinder er i vegen der framme. Føraren av den glinsande BMW-en framom deg brukar eit ordforråd som lokalavisa ikkje tør tenkje på å attgje på trykk. Den utolmodige bilisten har straks sykkelryttarar i glorete kroppsnære kostyme i tankane. Makan, tenkjer han, medan eit digert vogntog frå Yara kjem i mot. Deretter er det fri køyrebane. Då ser han det: Ein blakk fjording diltande framfor ei buvogn. Så sårbare. Den før så arge bilføraren blir varm om hjartet. Sjølvsagt må det vera plass til slike på vegen!
Overnattar i buvogna
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik er haldninga til dei aller fleste førarane av motoriserte køyretøy som trafikkerer vegane i Telemark, skal me tru Anne-Marie Duaas. På ferda frå Tinn har ho ikkje vore ute i nokon som helst farlege situasjonar. Ho og den 23 år gamle vallaken Hei-Lord starta heimanfrå 20. august. Ein post på programmet var ei tredagars hestesamling på Rjukan fjellstoge med køyreog rideturar rundt i området. Elles skjer overnattinga i buvogna. Der har Duaas ein kjøkenkrok med kokeplate, og hyller med mat og husgeråd. På kvar side av bordet er det benkar til å sitje på om dagen, og sova på om natta.
– Kvifor gjer du dette?
– Tja. Kvifor gjer andre det dei gjer i ferien, spør ho.
Altså; ho synest det er ein svært triveleg måte å feriere på. Og på dei åra, kanskje kring ti i talet, ho har teke i veg med hest til Dyrsku'n, har ho blitt kjend med mange. For eksempel blei hest og vogn tysdag i dyrskuveka plasserte på Rjupestaul i Morgedal hjå Sissel Nordjordet, slik dei har gjort fleire gonger før.
Utfordrande vegarbeid
Vegarbeida på E134 i Morgedal er det som har skapt mest vanskar på ferda. Mykje støy og bråk var ikkje så greitt å handtere for hesten. Men dei kom seg gjennom det. Tysdag morgon skulle det sprengjast. Då fann Duaas ut at det var best å koma seg derifrå før anleggsarbeidet starta. Dermed kom ekvipasjen seg av garde alt halv sju på morgonen. Då me møtte dei i Siljuv, mellom Morgedal og Brunkeberg, i halv ti-tida, hadde dei hatt ein god stopp i Morgedal, der Anne-Marie også hadde vore innom butikken. Ja, for ho tek det med ro og stikk innom både kaféar, butikkar og kjentfolk. Dessutan vil ho gjerne sjå så mykje som råd av fylket, og vel difor stadig nye vegar. I fjor tok ho til dømes turen om Dalen og Vrådal. I år har turen gått via Rauland og Øyfjell, og vidare beinaste vegen etter E134 frå Høydalsmo til Seljord. Heimturen har ho planlagt via Notodden og Lisleherad.
– Eg prøvar å få med meg så mange vegar som mogeleg, smiler den 76 år gamle hestedama.
Familien samlast
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare år har ho køyrd tospann. Men den andre hesten blei for kort tid sidan sjuk og måtte avlivast. Difor køyrer ho i år med berre ein hest.
– Kva skal de gjera på Dyrsku'n?
– Me har fast plass på Grave hjå Gro Moen. Der står eit lite jorde uslått som hesten kan beite. Dit kjem også heile familien; dei tre døtrene mine med makar og barn. Elles hjelper eg litt til hjå Telemark hestealslag inne på plassen, fortel ho.