30 år sidan

Om du har rømt frå ein institusjon under Fengselsstyret, er truleg eit lensmannskontor siste staden du vil troppe opp. Skulle ein tru. Men slik tenkjer ikkje alle. Iallfall ikkje to karar som dukka opp hjå Geir Kjartan Lid i Fyresdal i går føremiddag. Tidleg på morgonen i går fekk konstituert Fyresdal-lensmann to karar inn på kontoret. Dei fortalde at dei hadde vore på Dalen-festivalen, men var blitt akterutsigla av kameratar og bad om hjelp til å koma på bussen nedover til nedre Telemark. Lid tok vel imot dei og fylgde dei til sosialkontoret, der velvilje også vart lagt for dagen. Men litt venting må det sjølvsagt bli. Ventetida nytta Lid til ei viss sjekking, og det synte seg at dei to pluss ein tredjemann var sakna frå skogsleiren i Nissedal. Ved hjelp av bygdefolk blei også nr 3 lokalisera – sovande på ein plen i nærleiken av sentrum. Dermed gjekk det som det måtte gå – transport, men ikkje slik dei bad om i fyrste omgang – Truleg har dei gjeve frå seg sjansen til soning i ein såvidt open anstalt, seier lensmann Lid som er noko forundra over kor blåaugde somme trur lensmannsfolk kan vera. Iallfall ville eg tenkt meg om eit par gonger før eg gav opp både rett namn og rett fødselsnummer, seier han ...

Imorgon middag blir nye E76 i Brunkeberg opna for trafikk, og Telemark vegkontor markerar milepelen på offisielt vis på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køntrien på Dalen: Best til no! Alle gode ting er tre, konstaterar festivalgeneral Norleiv Vinjerui etter den tredje Tokke Country Festival. Åtte tusen betala for å høyre flotte konsertar. 15.000 gjesta Dalen dei tre dagane.