Jostein Valhovd frå Åmotsdal er ein av mange vesttelar som skal jobbe her på anlegget dei neste tre åra. Dei jobbar lange dagar frå 07 til 19, og med turnus ni dagar på og 12 dagar av.
Jostein Valhovd frå Åmotsdal er ein av mange vesttelar som skal jobbe her på anlegget dei neste tre åra. Dei jobbar lange dagar frå 07 til 19, og med turnus ni dagar på og 12 dagar av.

Nå er utbygginga av Songa-dammen i gang

Ein halv million kubikk massar, 300 millionar kroner i budsjett og på det meste 50 personar i sving. Anleggsarbeidet på 970 meters høgde har byrja.

– Her er den store konkurrenten vår. Ein særdeles dyktig dambyggjar.

Prosjektleiar Jon Aarbakk gliser og peikar frå førarsetet. Han har tatt oss med på køyretur på grusvegane rundt på anlegget. Det gode seinsommarvêret har snudd til lågt skydekke og kraftige regnbyer akkurat denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser og forklarer korleis utbygginga skal gå føre seg her oppe dei neste tre sesongane. Det spørs om beveren som har bygd seg ein eigen demning mellom dei to dammane Trolldalen og Songa, klarer å utkonkurrere Statkraft.

Lagar nytt steinbrot

I midten av juli blei dei fyrste arbeida sett i gang av entreprenørane Skanska og TT anlegg. Fram til 2020 blir det stor aktivitet her oppe. Dei to dammane som blei bygd ut mellom 1952 og 1962 skal få nedstrøms damside sikra ved hjelp av plastring med naturstein.

– Her ser du området me skal etablere eit nytt steinbrot og hente ut all natursteinen frå, seier Aarbakk og stansar bilen.

Jon Aarbakk er som ved førre utbygging, prosjektleiar på Songa. I starten er han her oppe mykje, og køyrer stort sett frå Seljord tidleg om morgon. Nokon dagar overnattar han, andre gonger reiser han heim.
Jon Aarbakk er som ved førre utbygging, prosjektleiar på Songa. I starten er han her oppe mykje, og køyrer stort sett frå Seljord tidleg om morgon. Nokon dagar overnattar han, andre gonger reiser han heim.
På ei lita hytte ovanfor dammen bur byggeleiinga når dei er på anlegget. Denne dagen har det vore vernerunde og Inger Lognvik og Jon Aarbakk førebur seg.
På ei lita hytte ovanfor dammen bur byggeleiinga når dei er på anlegget. Denne dagen har det vore vernerunde og Inger Lognvik og Jon Aarbakk førebur seg.
Den fyrste tida går mykje av jobben med til reinsking av stein i damsidene, som her ved den minste dammen, Trolldalen, eit par kilometer frå Songa.
Den fyrste tida går mykje av jobben med til reinsking av stein i damsidene, som her ved den minste dammen, Trolldalen, eit par kilometer frå Songa.

Me ser ikkje noko teikn til arbeid ennå, men ser eit område som er merka og rydda.

– Det har blitt rydda litt skog og gjort ein del klart, men i løpet av eit par veker startar ein å hente ut stein herfrå, fortel prosjektleiaren.

Gravemaskin på 75 tonn

Me køyrer vidare, i 30 kilometer i timen. Fartsgrensa på anleggsområdet er ei av dei mange viktige tryggleikstiltaka. Ved hovudprosjektet Songa-dammen stoppar me og går ned til maskina dei er mest stolte av.

– Den her er anleggets største og nyaste gravemaskin på 75 tonn. Og det er nok den meste erfarne føraren som sit inni han også, seier Aarbakk og signaliserer til Jostein Valhovd at han må ta ein pause.

Valhovd frå Åmotsdal var som Aarbakk frå Seljord også med på førre utbygging av Songa som var ferdig i 2003. Han var ein av dei fyrste som starta på prosjektet og vil vere ein av dei siste som reiser herfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nå bestanding spennande å starte på noko nytt og stort. Det blir ein ny giv over det heile, seier Valhovd frå gravemaskina.

– Korleis er det å ha styringa over den største og nyaste maskina her på området?

– Nei, ein får gjort eit skikkeleg dagsverk med den her. Eg får jobba meir effektivt enn sist gong, den er meir komfortabel og er meir avansert. Her kan eg vega kvar einaste stein om eg vil, seier Valhovd.

9 tonn tek den kraftige skuffa. Då seier det seg sjølv at denne gravemaskina er gull verdt for dei tyngste løfta i det nye steinbrotet. Men akkurat nå er jobben å reinske damsida for storblokkar for den sju tonn tunge maskina.

Trafikkregulering

Ei skikkeleg regnbye fer over oss i det me stig opp på demninga for å få oversikt over anleggsplassen. Ein skjønar kvifor området rundt Songa er eit ynda turmål for mange. Det vil framleis vere eit viktig område for ferdsel under utbygginga, men dei neste åra vil det bli trafikkreguleringar på bomvegen inn til vatnet.

– Songavegen blir i periodar stengt og trafikkregulert i tida me jobbar her. Det er viktig at ålmenta tek omsyn. Me gjer dette på grunn av tryggleiken, presiserer Aarbakk.

Anleggsarbeidet vil halde på til vinteren kjem for alvor, med unnatak av neste år, der arbeidet i steinbrotet vil halde ut januar. Etter påske er planen å starte opp att.

Brakkerigg med 40 sengeplassar

Klokka nærmar seg 12 og dagens byggemøte. Jon tek turen til hytta som inntil kontorriggen er ferdig er basen for byggeleiinga. Brakkeriggen der kantine også skal på plass, er ennå ikkje klar. Men om nokre veker er riggen med 40 sengeplassar klar for besøk. Enn så lenge samlar dei seg i ei hytte litt ovanfor byggjeplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo litt spesielt med anleggsverksemd så høgt på fjellet. Det er veldig artig å vere med på, seier Inger Lognvik medan ho traktar kaffi til møte.

Ho sit til dagleg på kontoret på Dalen, men kjem stadig til å ta turen opp til Songa for å fylgje opp kontrakten. I dag er ho med på byggemøte som tel sju personar. Byggeleiar, damkontrollørar og HMS-sjef er nokre av dei. Nå handlar alt om å få arbeidet til å gå skinner i oppstartsfasen.

– I dag har me hatt vernerunde, noko som me har kvar veke den fyrste tida. Etter kvart blir det annakvar veke. Me set tryggleiken for dei som jobbar her og alle andre som ferdast i området i høgsetet, fortel Aarbakk.

Flaumsikring

14 år har gått sidan dei gjorde seg ferdig sist, nå er altså Statkraft tilbake på Songa. Det skal me nok vere glad for.

– Utbetringa er viktig for å oppretthalde magasinets funksjon, og for å framleis få utnytta verdiane og energien herfrå. Det er heilt nødvendig. Sjølv om dammen er sikker som den er, er det viktig at den tilfredsstiller styresmaktenes krav til damtryggleik som skal sikre dammen mot større flaumar som kan kome i framtida, seier Aarbakk.

Songa og Trolldalen, er fyllingdammar som er kategorisert i klasse fire. Det vil seie graden av konsekvensar eit dambrot vil gje og kor mange hus som då vil ryke. Etter at ein halv million kubikkmeter med massar er flytta skal prosjektet vere ferdig i oktober 2020.