Planutvalet var før møtet på synfaring på Angre og fekk omvisning av den tidlegare eigaren av garden, Hans Christian Moldrup Thagaard.
Planutvalet var før møtet på synfaring på Angre og fekk omvisning av den tidlegare eigaren av garden, Hans Christian Moldrup Thagaard.

12-åring får utsett buplikta

Eit knapt fleirtal i planutvalet i Seljord har gjeve den 12 år gamle guten som eig fjellgarden Angre i Åmotsdal utsetjing på buplikta til han er myndig.

Rådmannen meinte det ikkje var rett å vente til eigaren var myndig for å få til busetjing på fjelleigedomen i Åmotsdal, og meinte dette i praksis vil vera det same som å gje fritak frå buplikta. Det var ikkje fleirtalet i planutvalet einige i. Fleirtalet på fire: Edvard Mæland (H), Frøydis Kivle (H), Dag Svartdal (KrF) og Kjellaug Westbye Abrahamsen (KrF), røysta for å gje konsesjon, altså løyve til å overta eigedomen, med vilkår om at 12-åringen flyttar til eigedomen når han er 18 år.

Rettmessig eigar

Hans Christian Moldrup Thagaard har gjeve bort eigedomen i gåve til den 12 år gamle sonen sin, og det blei søkt kommunen om konsesjon med vilkår om at sonen flyttar til eigedomen når han blir myndig, med moglegheit for utsetjing til han er ferdig med utdanninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvalsleiar Mæland meinte det var mykje informasjon til saka som ikkje var relevant for den politiske behandlinga, som privatrettslege forhold.

– 12-åringen er den rettmessige eigaren, spørsmålet er om me skal gje utsetjing på buplikta, opna Mæland ordskiftet med.

Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig å søkje konsesjon for guten, men med bupliktkravet om at han må flytte dit i løpet av eitt år, var det naturleg å søkje om utsetjing for 12-åringen. Utvalsfleirtalet var positive til eit generasjonsskifte på Angre, og for at det blir lagt til rette for at unge kan ta over. Dei meinte det var ei god driftsløysing og viktig for busetjinga på lang sikt. Det blei også vist til familiens tilknyting til staden.

10–15 år til busetting

Aud Jonskås (Ap), Jon Aarbakk (Sp) og Anne Gro Kleivi (Frp) utgjorde mindretalet som ville seie nei til konsesjonssøknaden i tråd med innstillinga frå rådmannen, som meinte dette vil vera det beste med omsyn til busetjing, drift og heilskapleg ressursforvaltning.

Aarbakk reagerte på vilkåra i overdraginga og meinte at rettane verjene – faren og mora – har sikra, gjer at inntektsgrunnlaget er borte når 12-åringen blir myndig, og at det gjer det mindre truleg med busetjing då.

Mæland repliserte at verdiane ikkje kom til å bli mindre, og meinte avtala mellom partane ikkje var dramatisk for den framtidige drifta av eigedomen. Han viste også til at verjene hadde plikt til å halde vedlike eigedomen til guten blir myndig.

Jonskås såg at det kom til å bli lenge til det blir fast busetting på fjellgarden.

– Det kan ta 10 til 15 år før det blir busetjing på Angre. Det er veldig lang tid, uttala ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka om Angre

– Angre har meir enn 100 dekar dyrka mark og er til saman på meir enn 3000 dekar.

– Hans Christian Moldrup Thagaard kjøpte Angre, gardsnummer 144, bruksnummer 1 med fleire, i 1961. Det var husdyrhald fram til 2006.

– Då Thagaard døydde overtok sonen Hans Christian, som hadde best odelsrett, garden av mora i 2007.

– I februar 2008 søkte han om varig fritak frå bu- og driveplikta. Svaret frå kommunen var nei.

– I januar 2009 fekk Thagaard mellombels fritak frå buplikta i tre år.

– I august 2010 søkte han konsesjon utan personleg buplikt. Svaret var nei.

– I april 2011 fekk Thagaard ein frist på tre månadar til å flytte til eigedomen. Klage blei avvist av både Fylkesmannen og Sivilombodsmannen.

– Thagaard meldte flytting til garden i november 2011 og har i dag adresse Åmotsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I mai 2012 skreiv han over skøytet på garden til den 12 år gamle sonen sin. Eigedomen blei gjeven som ei gåve. I skøytet har verjene – faren og mora – sikra verderlagsfrie rettar til fiske, stor- og småviltjakt, bruksrett til hytte, og ved til eige bruk, i tillegg til bruk av areal til skiheis og -anlegg. Oslo overformynderi har samtykt i overdraginga.

– Saka om fjelleigedomen er også i rettssytemet. Vest-Telemark tingrett fastslo i haust at sonen er den reelle eigaren og avviste søksmålet om misleghald av buplikta frå Bente Elisabeth Thagaard og Mette Moldrup Thagaard. Domen er anka til lagmannsretten.