Aktiv sommar på staulen
Nystaul ligg i Åmotsdal og er Seljords einaste geitestaul som er i drift. Sidan 2003 har Irene og Jon Aarbakk saman med borna flytta til fjells om sommaren.
Frå juni og fram til september busett familien på fire seg på staulen saman med geitene. Der gjeng dagane til mjølking av geitene og vidareforedling av mjølka til kvit og brun geitost, forutan rydding av beite, slått og andre ting som høyrer sommaren til.
Det er Irene som er budeie på staulen, og med seg har ho dei to borna, Tårån på seks år og Åsmund på tri. Jon er òg med på staulen, men han er elles oppteken med slått og anleggsarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gamalt handverk krev kreative løysingar
I kokehytta er det aktivitet frå morgonkvisten med fyring og koking av prim i ein original kokering. Gryta som blir bruka er på heile 300 liter og etter den kom til gards slepp gardsfolket med å koke prim annankvar dag. Men for å få tak i ei så stor gryte måtte geitebøndene ty til kreative løysingar.
Det er vanskeleg å få tak i slike gryter. Ulefoss kunne støype, men då måtte dei ha ein modell fyrst. Me fekk tak i gryta gjennom radioprogrammet «Det fikser P1». Då fekk me kontakt med ein kar oppi Trøndelag som hadde ei slik gryte. Den fekk me eit vennepar til å ta med ned hit, fortel Irene Aarbakk.
Kokeringen er spesialkonstruert for å passe til gryta. Den er laga av ein brønnring med innsette ildfaste steinar og eit omnsrom til å fyre med. Det gjeld å vera nevenyttig om ein skal få til funksjonelle løysingar.
God etterspørsel
I løpet av ein sommar klarar dei å produsere om lag 350 kilo med brun geitost. Den er det ikkje vanskeleg å bli kvitt. Kvit geitost blir det òg laga av mjølka, men den er enno ikkje til sals. Sidan den skal lagras i 60 dagar, krev mattilsynet at ein må ha eit eige lagringsrom for osten, men det er under planlegging.
I år har dei 36 mjølkegeiter, men flokken skal bli større neste år.
Det har ikkje vore så mykje mjølk i år. Noko av det skuldast det dårlege vêret, for då mjølkar geitene mindre enn i godvêr. Me har òg ein del kje som går med mødrene sine sidan me vil legge på flokken, og då går det litt mjølk til dei med, fortel Irene.
Geitene går fritt i fjellet på beite, men dei er inngjerde på natta, så noko problem med rovdyr har dei ikkje på Nystaul. Og geitene kjem ned frå beite kvar kveld på eiga hand.
Travle dagar
Jon Aarbakk tok over Nistog Øverbø i 2000. Ni staular høyrer med til garden, så det er nok å ta tak i.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Nystaul har familien bruka utallige timar på rydding av beite og brenning av kvist. Geitene hjelper til å halde landskapet oppe og i år går òg fleire ammekyr på beite rundt staulen.
Sommarferie har dei hatt, men det var ikkje mange dagane. Ein turboferie frå torsdag til sundag blei ferien i år, og det ser ikkje ut til at det blir meir, fortel Irene.
Det er ikkje så lett å ordne seg med avløysing her oppe på staulen, men me fekk no litt ferie, seier budeia.
Trivst med annleis sommar
Sjølv om det er mykje arbeid på staulen, så trivst både små og store med å vera på heia om sommaren. Ungane gledar seg kvar vår til å koma opp, og eldstemann Tårån, som fyller år i slutten av mai, feirar bursdagen sin på staulen.
Det er gjestfrie folk som held seg på Nystaul, og dei har ikkje noko mot besøk.
Det er bare å slå på tråden, så de er sikre på at me er her, smiler Irene Aarbakk.