Pallefabrikken på Århus i Seljord er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og ynskjer no fleire bein å stå på.
Pallefabrikken på Århus i Seljord er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og ynskjer no fleire bein å stå på.

Treng fleire bein å stå på

Pallefabrikken Brødrene Aarbakk AS i Seljord har etter ein vanskeleg periode innsett at dei treng fleire bein å stå på.

Pallefabrikken har søkt Seljord kommune om å overta nabotomta gratis. Dagleg leiar Kjetil Torsrud ynskjer ikkje seie så mykje om kva bedrifta planlegg å til med, men han seier dei har fleire idear på blokka.

– Siste året har vist at bedrifta er sårbar med ein spesialbasert produksjon, og me treng fleire bein å stå på, seier Torsrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marknaden for treembalasje har i løpet av det siste året hatt ein nedgang på kring 30 prosent, men prisen på råvarene har halde seg på eit høgt nivå. Det gjev vanskelege tider for pallefabrikken Brørdrene Aarbakk AS på industriområdet på Århus i Seljord. Etter eit godt resultat i 2007, viser rekneskapen for 2008 eit underskot før skatt på kring 3,2 millionar kroner. 2009 ser også ut til å bli vanskeleg for trearbeidande industri med sagbruk.

Åtte permitterte

– Det er tøffe tider. Ingen tvil om det. Men det er ikkje berre her i Seljord, seier Kjetil Torsrud.

Bedrifta har gjennomført tiltak for å redusere tapet, og prognosane for 2009 viser at grepa har lukkast. I fylgje den daglege leiaren er åtte av dei 17 tilsette no permitterte. Det som ei fylgje av at bedrifta i mars stengte saglina grunna høge kostnader. Torsrud tør ikkje spå når saglina blir opna att, men vel å vera optimist med tanke på framtida. Han viser til store svigingar i bransjen, og at det no er teikn på oppgang.

– Kva signal i marknaden har du på at det går mot betre tider?

– Det byrjar å bli manko på trelast og prisane er i ferd med å endre seg, forklarar han.

Treng meir areal

Men Torsrud trur ikkje 09 blir eit overskotsår for pallefabrikken.

– Me lever endå, men kan sjølvsagt ikkje leve med underskot over tid, seier han.

Tomta dei held til på i dag vil bli fullt belagt når saginga kjem i gang att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å utvikle nye produksjonar eller utvide dagens produksjon trengst nytt utviklingsareal, skriv Torsrud i brevet til Seljord kommune.

– Me håpar kommunen kan vere med og støtte bedrifta i ein vanskeleg fase, skriv Torsrud som meiner dette i framtida vil vere med på å sikre industrielle arbeidsplassar i Seljord.

Formannskapet diskuterte saka i sist møte og gav positive signal til bedrifta, sjølv om dei ikkje ville gje bort tomta.