Verktøy for fleire titusen stole i Rauland
Det melder politiet på Twitter.
Klokka 11.15 i dag fekk politiet melding om eit innbrot som hadde funne stad i to verktøykontainarar i Holtardalen i Rauland.
Kontainarane tilhøyrer eit byggefirma, og dei oppgir at det er stole verktøy for fleire titusen kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innbrotet må ha funne stad ein gong i løpet av dei siste vekene.
Saka er meldt, og politiet følgjer opp med undersøkingar.