Fjas, fanteri og felespel
Kva gjer ein på ein lugarkveld? Skrønar, fortel og vasar, syng, skravlar og spelar, viste det seg på Kafé Hvidesøe i Kviteseid laurdag.
«Hjartet for bygda veks i slike lag».
Orda tilhøyrer Elisabeth Haugo, innehavar av både Kafé Hvidesøe og eit bankande hjarte for bygda si. På kort tid har ho gjort kafeen til ein viktig samlingsstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laget ho siktar til er lugarkvelden som blei arrangert laurdag. Ein lugarkveld har ikkje noko med båtliv å gjera, slik fleire visstnok lura på, men handlar om gode forteljingar – anten dei er sanne eller usanne – og musikalske innslag innimellom luginga.
Sant og usant frå både Vest-Telemark og Trøndelag slo an blant dei 50 frammøtte som fylte kafeen til randen laurdag. Svein Dag Midtsund frå Kviteseid og Gunnar Osen frå Oppdal var lugarane som underheldt med gode historier denne kvelden.
– Det er sprøtt å kalle det lugarkveld når me berre skal fortelje sanne historiar, skjemta Midtsund. Osen kommenterte at han hadde vore bekymra for om vitsane skulle slå an dersom publikum viste seg å vera veldig ungt.
– Men når eg ser på dykk no, angrar eg på at me ikkje fekk lånt med oss eit teleslyngeanlegg, sa han – og publikum lo.
Lokale musikantar
Men dei var slett ikkje berre to på den vesle scena. Innimellom luginga stod heile sju musikantar og songarar for lokale musikalske innslag. Jan Haugen, Torfinn Berge og Arne Bye opna ballet med irske viser. Svein Breidalen og Åshild Emma Solbjør heldt fram i same sjanger, med gitar og nyinnkjøpt fele for høvet. Andrea Fjågesund og Veslemøy Bratås stilte med klare røyster og kjende songar.
Og publikum kosa seg stort. Den utselde lugarkvelden samla folk i mange aldrar, som song med når det passa seg, og lo så dei mest trilla av stolen når dei to lugarane sette i gang.
– Eg håpar det blir fleire slike kveldar, oppsummerte Haugo – glad og fornøgd kafédrivar.
Ein god latter ... :Både dei sanne og dei kanskje ikkje fullt så sanne historiene slo an hos publikum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny fele:Svein Breidalen hadde kjøpt ny fele til dottera Åshild Emma Solbjør, og saman framførte dei fleire irske slagerar.
Glad:Drivaren av Kafé Hvidesøe, Elisabeth Haugo, ynskjer seg fleire slike kveldar, der «hjartet for bygda veks».