Kjersti Kvålseth, Fjågesund IL, Bent Arve Bratås, Knarren løypelag, Ole Johnny Haugestøl, Fjågesund IL, Inger Auestad, lokalbanksjef for Sparebanken Sør og banksjef for DNBNor i Vest-Telemark, Ingrid Omdal Tveito.
Kjersti Kvålseth, Fjågesund IL, Bent Arve Bratås, Knarren løypelag, Ole Johnny Haugestøl, Fjågesund IL, Inger Auestad, lokalbanksjef for Sparebanken Sør og banksjef for DNBNor i Vest-Telemark, Ingrid Omdal Tveito.

Stør opp om betre spor på heia

I vinter starta Knarren løypelag arbeidet med å samle inn pengar til ny tråkkemaskin for å lage betre spor for ålmenta på turløypa som er innom tre kommunar. Nå er finansieringa på plass.

Bent Arve Bratås frå Knarren løypelag fortel at det var på nyåret tankane om å utvikle området ved turløypa Knarren rundt på Fjågesundheia blei skapt. Ynske om å byggje ei varmestue kom på blokka, men blei etter litt drøfting bytta ut med å investere i ei ny løypemaskin.

– Knarren løypelag blir drive som eit samarbeid mellom idrettslaga på begge sider av Fjågesundheia; Fjågesund IL og IL Tørn. Når snøen er på plass blir det sett opp ei vaktliste med fire friviljuge personar, to frå kvart idrettslag, som har ansvar for å køyre opp løypene kvar helg. Ofte blir det nykøyrde spor mange gonger i veka også, sidan karane som gjer jobben på dugnad er så ivrige, smiler Bratås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søknadar og kronerulling

Etter at planane om den nye maskina blei presentert lånte løypelaget pengar og kjøpte maskina med ein gong.

– Me starta å søkje om midlar, og har fått svært god respons. Nå er løypemaskina faktisk fullfinansiert, og me kan betale tilbake lånet me tok tidlegare i år, seier Bratås.

Til saman har det kome inn nesten ein halv million kroner frå IL Tørn (100 000), velforeininga, grendelaget og idrettslaget saman i Fjågesund (100 000), DNB sparebankstiftinga (100 000), Sparebanken Sør (50 000) og Knarren løypelag (65 000).

– Då me selde den gamle løypemaskina fekk me 63 000 kroner, seier Bratås.

Går for betre tider

Inne i garasjen, også den reist på dugnad, står nå den nyhandla maskina.

– Skroget på den gamle maskina var frå slutten av 70-talet, den nye maskina er ein 2005-modell og kosta ein halv million kroner. Nå kan me tråkke løyper utan hørselsvern, og sleppe alt forarbeidet med propan og starthjelp for å få maskina i gang. Spora kjem til å bli finare også, det blir lettare å lage fine løyper, meiner Bratås.

Mykje på dugnad

Han rosar mange for flott dugnadsinnsats gjennom åra. Utbetringane har resultert i at ein kan lage skispor på mindre snø enn tidlegare. Bratås fortel også at dei tidlegare bruka to–tre timar på å køyre opp løypa, men med den nye maskina kan dei halvere tida.

Inger Auestad, lokalbanksjef for Sparebanken Sør og banksjef for DNBNor i Vest-Telemark, Ingrid Omdal Tveito, møtte representantar frå løypelaget og idrettslaget på heia måndag for å overrekke kvar si gåve til løypemaskina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er flinke og det er moro å stø opp om eit prosjekt som gler så mange, meinte Auestad.

– Eg meiner også det er bra å gje pengar til eit tiltak som dette, sidan det dekkjer eit tilbod for mange over eit stort område, smilte Omdal Tveito.

– Det er moro å stå på for løypene og Knarren når ein får så mykje god respons og positivt tilbake, takka Bratås.

Ynskjer meir folk på heia

På Knarrbua, brakka som til nå har fungert som kiosk og klubbhus på heia, heng plakaten over hyttefelta Staulshaugen og Trytetjønnhotten, begge felta vil ligge tett på turløypa Knarren rundt.

– Det er spennande planar og me er svært positive til hytteutbygginga, seier Bratås, og meiner både hytter og løypenett kan dra nytte av kvarandre i framtida.

Ideen som blei skapt i vinter om byggje ei varmestove på staden der Knarrbua ligg er ikkje skrinlagt nå som løypemaskina er finansiert og arbeidet med å samle inn pengar held fram.

Det er starta ei kronerulling for å samle inn pengar til løypelaget, varmestova og løypemaskina. Både verksemder og privatpersonar bidreg, og i slutten av juni var det kome inn 28 000 kroner på kontoen.

– Me har også fått inn andre øyremerkte midlar til eit slikt bygg. Me ser føre oss eit 30–40 kvadratmeter stort laftebygg ope for ålmenta, og som me kan bruke til kiosk og administrasjon under løp og andre arrangement.