Stor stemning på Sundvang
Mange talentfulle unge viste seg fram, men Una Wraa imponerte mest. Ei stor stemme fylte kulturhuset Sundvang fredag.
Det gjekk eit gisp gjennom salen då Una Wraa framførte ein vakker duett saman med lærar i kulturskulen, Johnny Johansen.
Av full røst fylte Wraa kvart eit hjørne med The Everly Brothers-klassikaren «All I have to do is dream» frå 1958. Det vart skikkeleg applaus og mange rosande ord til den blide jenta etter konserten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Variert
Det var jamt over høgt nivå under konserten som talte 21 innslag. Og elevane fekk synt smakebitar av det dei har lært i løpet av kulturskuleåret.
Lærarrekkja støtta opp og kompa eller song til instrumenta som elevane spela på.
Aspirantgruppa til hornmusikken har ein gjeng tøffe musikantar denne våren. Dei tør å blåse og framførte både «Oh when the saints» og «Gammal jegermarsj». Det er ikkje dårleg etter bare eitt år med dei ulike instrumenta. Nå er aspirantane klare for marsjering og spel på nasjonaldagen.
Hardingfele- og felegruppa med Kristin Evja, Gunhild Kvålseth, Ingrid Slettemeås og Symre Taugbøl Bang med lærar Eli Taugbøl hadde også eit flott innslag. Dei spela «Breskehaugen», spela og song eitt vers kvar av «Kjeringa med staven» og framførte eit sjølvkomponert arrangement av «Old Mc Donald».
Sjørøvarar
Midt under konserten var det endeleg klart for Fargebandet. Det var annonsert før konserten at sjørøvarane ville kome, og nå vart det «hiv og hoi» på scenen då Kaptein Sabeltann sin kjenningsmelodi vart framført av ein glad gjeng.
David Asprusten synte god kontroll på tangentane då han spela «Sonatine» av komponisten M. Clementi.
Elles baud kulturskuleelevane på mange flotte songprestasjonar og dei tri jentene Andera Fjågesund, Live Bratås og Veslemøy Bratås hausta alle stor applaus etter songane sine. Det gjorde også dei andre elevane som var med på å skape stor stemning for ein fullsett sal fredagskvelden.