Mangel på vikarar på sjukeheimen i Vinje og i heimetenestene har fått leiinga til å ta i bruk utradisjonelle verkemiddel. Tilsette som skaffar ein vikar får eit gåvekort på fire hundre kroner.
Mangel på vikarar på sjukeheimen i Vinje og i heimetenestene har fått leiinga til å ta i bruk utradisjonelle verkemiddel. Tilsette som skaffar ein vikar får eit gåvekort på fire hundre kroner.

Vervar nye medarbeidarar

Ein revyweekend i Oslo er fyrstepremien for å få tak i vikarar til omsorgstenesta i Vinje kommune.

Vinje kommune tek i bruk utradisjonelle verkemiddel for å få tak i vikarar til heimetenestene og til sjukeheimen i Vinje. Alle tilsette i kommunen er utfordra til å vera med i ein vervekampanje for å skaffe nye medarbeidarar. Det er i invitasjonen ikkje sett krav til noko form for utdanning hjå kandidatane, det einaste kriteriet er at vedkomande har fylt atten år.

Internt oppslag

Vikarstillingane er ikkje kunngjorde offentleg, berre ved oppslag internt i kommunen. I fylgje seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Telemark, Stein Elseth, er dette ikkje i strid med regelverket. Kravet er at dei tillitsvalde må vera samde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Berre arbeidsgjevaren og arbeidstakarane er einige, er det ikkje noko i vegen for å bruke slike spenstige verkemiddel for å få tak i arbeidskraft, seier han.

Leiar i Fagforbundet i Vinje, Liv Årlid, stadfestar at dei tillitsvalde er førespurde i saka.

– Medlemene våre har ynskje om å arbeide kvar tredje helg, dermed blir det ein del ledige småstillingar, kommenterer ho.

Sjukepleiarforbundet kritisk

Fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund i Telemark, Sigrunn Øygarden Gundersen, er kritisk til denne måten å rekruttere på, og stiller spørsmål om kva kommunen har gjort tidlegare for å få tak i arbeidskraft.

– Dette gjeld stillingar hjå pasientgrupper der det trengst kompetanse, og spørsmålet er i kva grad kommunen har gått ut for å få tak i sjukepleiarar og andre helsearbeidarar til stillingane. Å vera kreativ kan vera ein god eigenskap det, men ein må ha kvalitetskrav til dei ein ynskjer å rekruttere. Det må gå på kompetanse og faglege krav, understrekar forbundsleiaren.

Kompetanse blir føretrekt

Måten tilsetjingane skal skje på vil ikkje avvike frå vanlege tilsetjingar. Det seier heimetenestesjef i Vinje kommune, Alv Dag Brandal.

– Me vurderer kompetanse og erfaring hjå kandidatane, og tilsetjing skjer på vanlege vilkår. Folk med helsefagleg kompetanse vil bli føretrekte, men til helgevaktstillingane brukar me gjerne andre, slik som skuleelevar og studentar, fortel han.

Bakgrunnen for kampanjen er at kommunen er veldig i beit for vikararar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dermed prøvar me å bruke nettverket blant dei tilsette, seier heimesjukepleiesjefen om den utradisjonelle rekrutteringsmetoden.

Av oppslaget går det fram at alle kandidatane blir innkalla til intervju.

– Slik vil hovudregelen vera. Men det er ikkje noko absolutt, orienterer Brandal.

Gåvekort

Vinje kommune lokkar altså med pengar til kommunale arbeidstakarar som får tak i ein person som blir tilsett. Gåvekort på fire hundre kroner til bruk på kva som helst butikk i kommunen er premien for hovudjakta. Kampanjen varer ein månad, og etter det blir alle som har fått tak ein person som er viljug til å binde seg til å arbeide minimum kvar tredje helg, med i ei trekning av ein hotellweekend for to i Oslo, inkludert ein valfri revybillett. Dette til ein verdi av inntil fem tusen kroner.

Bonus til ferievikarar

Også når det gjeld å få tak i sommarferievikarar tek kommunen i bruk økonomiske verkemiddel. To tusen kroner i bonus, i tillegg til løn, er den månadlege godtgjeringa til sommarferievikarar på sjukeheimen og i heimetenesetene i Vinje. Det lokkar kommunen med i ei offentleg kunngjering av ledige vikarstillingar. Kommunen søkjer både etter sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar og heimehjelparar.