Ein ressurs som vil inn på arbeidsmarknaden
Onsdag møtte flyktningar i Seljord representantar frå ulike bedrifter i kommunen.
Inger-Margrethe Stanhardt i vaksenopplæringa i Seljord tok initiativet til å få til eit møte mellom flyktningar og representantar frå ulike bedrifter i Seljord. Jobbmessa på Borgen er ein del av flyktningprosjektet «Ut i samfunnet», og ein måte å presentere flyktingane for bedriftene.
Flyktningane er ein ressurs som gjerne vil inn på arbeidsmarknaden. Det blir spennande å sjå kor mange som finn kvarandre, seier Stanhardt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor mange trur du kjem ut i jobb etter denne jobbmessa?
Eg vil tru at halvparten får eit eller anna, anten det er småjobbar, sommarjobbar, praksisplassar eller fast jobb, seier Stanhardt.
Dette er viktig og vil fremje integreringa for flyktningane både språkleg, sosialt og arbeidsmessig. Eg har berre godt å seie om dei. Dei er knallgode til å jobbe, og eg er utruleg stolt av dei, seier Stanhardt.
Gode erfaringar
På borda var det plassert ut skilt med namna på dei ulike arbeidsplassane. På den eine sida sat representantar frå bedriftene, medan flyktningane kunne setje seg ned på den andre sida av bordet for ei samtale. På førehand hadde dei laga CV-ar.
Henry Mæland, dagleg leiar i Dyrskun arrangement, opna seansen med å fortelje om erfaringane sine med å tilsetje flyktningar. Han har gode erfaringar både frå dyrskujobben og tidlegare leiarjobbar.
Nokon vegrar seg kanskje litt på grunn av språk- og kulturbarrierar. Språk er sjølvsagt ei utfordring, og det er viktig med eit minimum av språkkunnskap. Det er lettare å snakke same språk, ikkje minst når det gjeld integrering på arbeidsplassen, sa Mæland.
Det å kome ny til ein arbeidsplass er i seg sjølv ei utfordring. Det å kome ny som flyktning er ei endå større utfordring, og det er viktig at ein i staben får eit ekstra ansvar med å fylgje opp, heldt han fram.
Mæland viste mellom anna til at flyktningane har vist seg som avgjerdsføre ved at dei alt har teke viktige val i livet. Han trekte også fram at flyktningane er nøkterne, presise og pliktoppfyllande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei kan mykje meir enn ein fyrst kan ha inntrykk av. Dei er vant med å arbeide, og dei kan arbeide, hadde Mæland erfart.
På jobbjakt
Belay Minilik har vore i Noreg i eitt år og fire månadar. Dei siste fire månadane har ho vore i Seljord. Ho er i gang med å lære seg språket, og har språkpraksisplass på skulefritidsordninga.
Eg likar meg her, men det er litt kaldt, seier ho.
Ho har mellom anna erfaring som bartender frå heimlandet Eritrea, men er ute etter all slags jobb.
Dette er ein fin måte å gjere seg kjent, sa ho om jobbmessa.
Farrah Maye frå Somalia kom til Noreg i november i 2007. Ho set pris på samlinga på Borgen.
Det er viktig med jobb for å bli integrert i samfunnet, seier Maye.
Ho har mellom anna hatt fleire reingjeringsjobbar, men er kanskje mest kjent i Seljord for å lage somalisk mat, som til store selskap på Granvin og folkehøgskulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Maye stortrivst i Seljord. Ho set også stor pris på naturen i Noreg, og har mellom anna vore med på topptur til Galdhøpiggen.
Og så likar eg å gå på ski og på fisketurar, smiler Farrah.