Felles utfordringar fordrar flyktningsamarbeid
Fyresdal, Nissedal, Vinje, Tokke og Seljord deltek i eit eitt år gamalt flyktningsamarbeid. Kommunane står overfor mange av dei same utfordringane, og små forhold i den einskilde kommunen gjer behovet for samarbeid over kommunegrensene større. Saman har dei fått 300.000 kroner i støtte frå Utlendingsdirektoratet. Kviteseid er den einaste kommunen i Vest-Telemark som ikkje er med på samarbeidsprosjektet.
Fyresdal, Nissedal, Vinje, Tokke og Seljord har i eitt års tid hatt eit flyktningsamarbeid.
Samarbeidet kom i stand då kommunane samla sendte ein søknad til Utlendingsdirektoratet (UDI) om prosjektmidlar. UDI innvilga 300.000 kroner, og midlane skal kome alle dei fem kommunane til gode. Mellom anna skal pengane brukast til å kartleggje ressursane i kommunane, skaffe relevant kompetanse og til å skape nødvendige nettverk rundt flyktningane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Felles utfordringar
Utfordringane er mange for ein kommune som seier ja til å ta imot flyktningar. Ofte er også utfordringane av same karakter i dei ulike kommunane. Flyktning- og sosialkonsulent i Fyresdal, Elisabeth Jopperud, meiner samarbeidet i Vest-Telemark er nyttig.
Kommunane står overfor mange av dei same problemstillingane. Gjennom eit samarbeid kan me dra vekslar på kvarandre. Særleg har Vinje og Seljord mykje erfaring med busetjing av flyktningar, seier ho.
Jopperud peikar på at dei små forholda i Vest-Telemark gjer samarbeid på tvers av kommunegrensene endå viktigare.
Kvar kommune har små ressursar, samla står me sterkare, meiner Elisabeth Jopperud. Ho nemner arbeidet med å skaffe arbeidsplassar til flyktningane som døme på område med samarbeidspotensiale.
Flyktningkonsulent i Seljord, Kenneth Bø, er samd i at mange utfordringar er like, men at kommunane samstundes har forskjellige forhold.
Hovudlinene kan me trekkje opp i fellesskap, kommenterer Bø.
I Vinje kommune er to familiar frå Liberia i ferd med å etablere seg på Rauland. Kultur- og sosialsjef Svein Orheim synest det er godt å diskutere felles utfordringar med kollegaer i nabokommunane.
Eg har tru på at eit samarbeid kan bere frukter, og til nå er erfaringane positive. Men me samarbeider ikkje kun for samarbeidets skuld. Me gjer det fordi me ser at det kan vera nyttig, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kviteseid utanfor
Kviteseid kommune deltek ikkje i samarbeidet. Årsaka er at kommunestyret har vedteke å ikkje ta imot nye flyktningar i 2002 og 2003.
Trass i svært gode erfaringar frå tidlegare år med integrering av flyktningar, valde politikarane å seie nei til å ta i mot fleire innbyggjarar i denne omgangen, kommenterer sosialleiar Bjørn Johansson.
Han understrekar at han ser eit framtidig samarbeid som svært aktuelt dersom kommunen i framtida skal busetje fleire flyktningar.
Då ville sjølvsagt eit samarbeid vore interessant, opplyser Johansson.
Ny lov om integrering
Lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonsloven) tek til å gjelde 1. september i år, men fyrst 1. september 2004 er kommunane pliktige til å tilby innvandrarane eit introduksjonsprogram. Fleire av landets kommunar har alt i dag tilbod om introduksjonsprogram. Fyresdal er ein av desse.
Programmet skal gje flyktningen norskopplæring, kunnskap om generelle samfunnsforhold og skolering for norsk arbeidsliv. Stønaden som blir gjeven i samband med programmet er ikkje behovsprøva, og vil erstatte vanleg sosialhjelp.
Målet er å få flyktningane i vanleg arbeid og å gjera dei sjølvhjelpte så snart som råd, opplyser Jopperud.
I Fyresdal har ein førebels gode erfaringar med programmet, og så langt den einaste Vest-Telemark kommunen som er i gang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flyktningane sjølve er svært positive til det nye opplegget.
Me byrja med programmet 1. april i år. Seks vaksne flyktningar deltek. Alle jobbar på Telemark Lys, som me har eit godt samarbeid med. Språkopplæringa blir gjeven på arbeidsstaden, fortel Elisabeth Jopperud.