Utstilling om skisportens manndomsprøve
10. juni kjem forfattar og folkeminnegranskar Thor Gotaas for å opne ei ny utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal. Temaet er femmila – skisportens store manndomsprøve.
Treningsøkt i gamle dagar: Tidlegare langrennar Jo Eggen frå Engerdal i Hedmark (fødd 5. juni 1941) bruka skogsarbeid som trening i gamle dagar. (Foto: Privat)
Ny temautstilling: Dagleg leiar Tarjei Gjelstad lovar skihistorisk innblikk på femmila nå frå Morgedal, fyrstnemnde var den som vann den fyrste femmila som vart arrangert.år den nye temautstillinga på Norsk Skieventyr i Morgedal opnar 10. juni. Her ved bilde av brørne Torjus og Mikkel Hemmestveit
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var rundt juletider i fjor at ideen om ei ny temautstilling i skimuseet vart fødd. Dei siste månadene har lokalet til det nye utstillingsvindauget i Norsk Skieventyr vore pussa opp og gjort i stand.
– Me ynskte oss eit rom der me kunne ha fleire utstillingar. Planen er å ha to temautstillingar i året. Første tema i den nye utstillinga er langrennsgreina framfor nokon, seier dagleg leiar Tarjei Gjelstad.
Opning på
Sondres bursdag Tema i den nye utstillinga skal altså handle om «femmila», den 50 kilometer lange styrkeprøven for menn, og ifølgje Gjelstad har Norsk Skieventyr fått tak i rett mann til å opne den nye utstillinga 10. juni, på «skisportens far» sin bursdag:
– Det er ikkje lenge sidan Thor Gotaas var gjest i Skavlan. Han er kjend både frå radio og tv, og har skrive ei rekkje idrettshistoriske
bøker om både skisport, andre sportsgreinar og fleire andre emne. Gotaas skrive med humoristisk snert og er også forfattaren av boka «Løping. En verdenshistorie », og «Femmila. Skisportens manndomsprøve». Me er veldig glade for at han ville ta turen hit til Morgedal og skimuseet for å halde kåseri og snakke om boka si. – Me kunne ikkje få ein betre mann til å opne utstillinga på sjølvaste Sondre Norheims bursdag, smiler den daglege leiaren i Norsk Skieventyr sidan 2008.
Morgedøl vann første femmil
Gjelstad proklamerer engasjert vidare at femmila er ein spennande og morosam del av norsk skihistorie, som museet i Morgedal ser frem til å dele med publikum den kommande tida.
– Den fyste femmila blei arrangert i Oslo i 1888 blei vunne av den då 27 år gamle morgedølen Torjus Hemmestveit på tida 4 timar, 26 minuttar, og 30 sekund. Det gjekk faktisk 15 år før det blei arrangert ei femmil att, fordi dåtidas legestand meinte det var for helsefarlig å gå fem mil i strekk på ski, fortel han, og legg til:
– Då femmila blei arrangert 15 år etterpå, også det i Oslo, blei løpet delt opp i to rundar på 25 kilometer kvar. Det var innlagt pause på fem minuttar mellom rundane og det var heile 12 legar til stades for å gje legesjekk til skiløparane i pausen. Etter at sjølve rennet var ferdig fekk løparane brennevin, fordi legestanden meinte «det var bra for helsa», fortel Gjelstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Skogsarbeid var ein viktig del av treninga for skiløparane i gamle dagar. Under renn måtte dei mellom anna hoppe over gjerde med ski og stavar for å komme vidare i løypa. Det var heilt andre
tider enn no, presiserer han vidar
Ski og kunst
Gjelstad legg til at Norsk Skieventyr også skal huse Nasjonalgalleriets utstilling «Ski i kunsten», som skal på turné rundt om i landet i 2015.
– Norsk Skieventyr er den første som får ha denne utstillinga. Det er mykje som skjer framover her på skimuseet, opplyser museumsleiaren som tek fram eit kart som viser korleis den fyste femmila i Oslo såg ut for over 126 år sidan.
– Me får fritt bruka bilde og tekst frå boka til forfattaren om femmila som me skal bruka i den nye utstillinga. Også kartet som viser den fyste femmila då Torjus Hemmestveit vann vil vera på plass med mykje anna spennande skihistorisk materiale om femmila frå gammalt av til notid, lovar Tarjei Gjelstad.