Opprørd over romjulssøppel
Hytteeigar Nils R. Smestad er opprørd over at det flyt mykje søppel rundt restavfallspunkta i hytteområdet ved Vrådal skisenter i romjula. Avfallsselskapet Renovest IKS tar på si side sjølvkritikk.
Nils R. Smestad frå Kristiansand har sett seg lei av søppel som ligg og flyt utanfor avfallsstasjonane ved Vrådal Panorama, og som ikkje blir henta.
Hopar seg opp
Smestad og familien brukar å feire høgtider på hytta si som ligg i hyttelandsbyen ved Vrådal Panorama skisenter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi trives vanlegvis veldig godt og reiser hit kvart år for å feire jul- og nyttår, og påska ikkje minst. Det som er ille er at søpla flyt. Slik var det i romjula og dessutan i påska i fjor også. Det kjem fuglar og dreg ut alt av søppel på grusplassen og det er ikkje akkurat eit vakkert syn. Kva om det begynner å snø, det er ikkje bare å kjøre over med ein feiebil, meiner Smestad, som gikk skaffa hytta si alt i 2001. Han er ein av dei første hytteigarane i det populære området ved skisenteret i Vrådal.
Forventar henting
Kristiansandaren fortel vidare at det i tidlegare år ikkje har vore noe problem med søppel som hopar seg opp i og utanfor dei to søppelreturneringspunkta som er sett opp i hytteanlegget der mange hytter har blitt oppført dei siste åra:
Trur ikkje det har vore så ille før som førre påske og jul. Denne gongen har hytteeigarar lagt restavfallet i svarte, store plastsekkar for å beskytte mot fuglane som kjem og drar alt utover. Vi hytteeigarar i anlegget rundt Vrådal skisenter betaler kommunale avgifter nesten tilsvarande ein vanleg bustad, derfor bør vi forvente at reinhaldsselskapet kan komme og hente søppel også i slike trykkperiodar som påske, jul og nyttår. Alle veit at det blir mykje meir søppel frå blant anna gåver og slikt i løpet av jula, seier Smestad, og legg til:
Eg registerte at avfallet frå høgtida først blei henta laurdagen etter nyttårseftan. Dei reinhaldsansvarlege bør ikkje ha nokon grunn til ikkje å vite kor mykje søppel det er etter ei jule- og nyttårshelg med avslutning av nyttårseftan og heimreise frå fulle hytter over alt i området.
Personleg meiner eg at vi bør kunne forvente ekstra innsats frå reinhaldsselskapet akkurat i dei tre tidspunkta jul, vinterferie og påske, meiner Smestad.
Lovar ny komprimatorbil
Med renovasjon- og komprimatorbilar frå Telemark Godslinjer tar Renovest IKS hand om henting og tøming av renovasjon i kommunane Kviteseid, Seljord, Fyresdal, Tokke og Vinje.
Renovest hentar og tømmer søppel frå totalt 122 hyttereturpunkt i denne regionen, i tillegg til vanleg hushaldning. I jul- og nyttårshelga kastar vi dessutan fire gonger meir avfall enn vanleg, forklarar driftsleiar Elsa Ann Hauglid i Renovest IKS.
Hauglid forklarer at det rutinemessig kjører søppelbilar innom Vrådal Panorama i romjula.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje faste tøymingar på Vrådal Panorama, men det kjører alltid bilar innom for å sjekke om det er avfall der. Det blir kjørt kontinuerleg gjennom heile høgsesongen, men ser samtidig at vi treng ein komprimatorbil til. Vi har dessverre ikkje døgnvakt og det hopar seg fort opp med gåvepapir, kartongar og anna restavfall frå jula. Det førekjem også at det eine returpunktet blir fylt opp og det andre ikkje. Når dei ser det er fullt på det eine returpunktet, så kan ein ta turen vidare til det neste for å sjekke om det er ledig kapasitet der, meiner Hauglid, som legg til at det ofte ligg møbla utanfor dei to returpunkta i hyttegrenda på Vrådal:
Det har vore eit gjentakande problem at hytteeigarar i Vrådal kvittar seg med gamle møbler ved å kaste dei på returpunkta. Møblar og kvitevarar må folk sjølve frakte til nærliggande avfallsmottak, oppfordrar driftsleiaren vidare.
Vi sett pris på tilbakemeldingar frå publikum og beklagar sjølvsagt at vi ikkje fekk registrert dei overfylte returdepota i Vrådal når dei blei overfylte. Erfaringane frå jula 2012 og i 2013 viser at ein bil ikkje er nok til å ta toppane. Uvêret på Haukeli hadde også innverknad på renovasjonstrafikken denne jula. Derfor har vi bestilt ein ny komprimatorbil som vi håper vil vera på plass innan førstkomande påske, seier Hauglid i Renovest IKS.