Omsette for 160 millionar på senteret
Aldri før har fleire vore innom, og aldri har det blitt omsett for meir på Telesenteret enn i 2017.
Dag Christiansen er tilbake på Telesenteret etter fem år. Mannen som var senterleiar i nesten ti år har tatt på seg rolla att når Linda Barth Skau er i permisjon. Christiansen er no leiar for Hovenga-senteret, Ulefoss-senteret, Gulset-senteret og PP-senteret, i tillegg til Telesenteret, i eitt år, og han kan gle seg over å kome tilbake til eit senter som har utvikla seg mykje sidan Søndre Viken eiendomspartner AS overtok senteret i 2004.
– Dette er no det mest moderne senteret av dei fem, fastslår Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meir og fleire
Ikkje nok med det. Telesenteret er no nummer to-senteret i omsetning, berre Hovenga har høgare omsetning. I 2017 blei det på Telesenteret omsett for 160 millionar kroner, det er 17 millionar meir enn året før. Totalt var 446 000 kundar innom Telesenteret i 2017, ein auke på 4,9 prosent samanlikna med året før. Christiansen trekkjer fram apoteket, som kom i fjor vår, som ein av nyklane for den gode auken.
– Apoteket er også den siste brikka, meiner Christiansen om miksen av dei 12 butikkane i senteret.
Han seier det framleis er eit stort potensial å hente frå turisme, men seier senteret har gode besøkstal både frå Vest-Telemark, men også frå Bø i samband med kampanjar.
– Det har hjelpt at polet og Meny har utvida opningstidene, seier han.
Satsa på senteret
Tilbake i 2013: Telesenteret hadde lege ute for sal då eigarane avblåste prosessen. I staden blei det satsa. Det blei investert i tak, ventilasjon og fasade.
– Berre det å seinke taket gjorde jo senteret «nytt». Tidlegare fyra me for kråkene, seier Christiansen med eit smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han håpar på å skape endå meir aktivitet på senteret i 2018, og er ikkje redd for konkurransen når Rema 1000 etter planen flyttar ned mot E134.
– Korleis er det å vera tilbake etter fem år?
– Det er kjempemoro. Det er jo stort sett dei same folka her, seier han.