I 1975 hadde Anne Lise Omland den fyrste kaféjobben sin. Sidan har det gått slag i slag i bransjen fram til ho nyleg blei tilsett som dagleg leiar ved det nyopna bakeriutsalet på Fristadsenteret i Åmot.
I 1975 hadde Anne Lise Omland den fyrste kaféjobben sin. Sidan har det gått slag i slag i bransjen fram til ho nyleg blei tilsett som dagleg leiar ved det nyopna bakeriutsalet på Fristadsenteret i Åmot.

Dagleg leiar med lang erfaring

Då Aasmundsen bakeri opna utsal i Fristadsenteret i Vinje, var det med ein dagleg leiar med lang erfaring. I godt over førti år har Anne Lise Omland vore å finne bak ulike kafédiskar i Vest-Telemark.

13 år gamal starta morgedalsjenta i den fyrste kaféjobben sin. Det var på Sveins kro i Morgedal, der ho hadde helge- og sommarjobb. Derfrå bar det vidare til Sondre kro, der ho arbeidde for fleire ulike drivarar. Då den siste drivaren, Jorunn Gåsdalen, opna Jorunns vegkro i Høydalsmo fylgde Anne Lise med. Så det er ikkje få som har møtt henne ved kassa, eller smaka kakene og maten hennar.

– Nei men, er du her òg, er det mange som seier, ler Anne Lise, etter at ho no er å finne som dagleg leiar på bakeriutsalet som Aasmundsen opna på Fristadsenteret i Åmot i slutten av september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seljord, Vinje og Kviteseid

Rett nok er det ikkje fyrste gongen ho står bak disken i kafélokalet på Fristadsenteret. Det gjorde ho også ein del medan Kafé Viola, også med Jorunn Gåsdalen som drivar, var i sving. Cv-en til Omland viser elles at ho før det i fem år var tilsett ved Vinje kro. Kafégjengarar har også møtt henne bak kafédiskar både i Seljord og Kviteseid. I byrjinga av tusentalet var ho å finne på Kafé Selma på Telesenteret, medan ho dei seinare åra har arbeidd på Waldenstrøm kafé i Kviteseid.

Dagleg leiar ved Aasmundsen bakeri, Mogens Iversen, er veldig nøgd med å ha fått Anne Lise Omland som dagleg leiar ved utsalet i Åmot.

– Me var veldig heldige då me fekk henne. Ho stod på ynskelista vår, seier bakerisjefen.

Tredje utsalet

Totalt har bakeriet i Flatdal, som kan syne til kontinuerleg drift sidan 1924, no tre bakeriutsal. Det fyrste blei etablert i den tidlegare Esso-stasjonen på Brøløs i Seljord i mai 2016. Eitt år seinare opna dei utsal i Storgata på Notodden, der Joy-butikken før heldt til. Og så gjekk det altså berre nokre månadar før det tredje, og førebels siste, bakeriutsalet opna dørene.