Ingen har jobba lenger på Telesenteret enn Geir Tore Flatland. Han byrja på flaskerommet. I dag eig han Meny-butikken saman med Kai Teigen.
Ingen har jobba lenger på Telesenteret enn Geir Tore Flatland. Han byrja på flaskerommet. I dag eig han Meny-butikken saman med Kai Teigen.

Har vore på senteret sidan starten

Geir Tore Flatland har vore tilknytt Telesenteret i 29 av dei 30 åra senteret har eksistert.

Det byrja med deltidsjobb sommaren 1987 – sju månader etter at Jørgen Nordbø hadde opna Telesenteret. Flatland jobba i kaffibaren og på flaskerommet. Det blei fleire somrar og elles når han var heime i Seljord. Tidleg på 90-talet blei han fast tilsett.

29 år seinare er han framleis på Telesenteret. I dag eig han Meny-butikken i lag med Kai Teigen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du aldri vurdert noko anna?

– Jau, fleire gonger, seier Flatland og smiler.

Han var ein gong nær ved å byrje i Coca Cola. Men Flatland blei. Og kjem nok til å bli. Han har det for bra til å byte jobb.

Atle Bringsås strålar over utviklinga på Rema 1000. (Arkivfoto)
Atle Bringsås strålar over utviklinga på Rema 1000. (Arkivfoto)

– Nå byrjar det å bli for seint, ler han.

Matbutikken har alltid vore lokomotivet på Telesenteret. Dei fyrste åra var butikken ikkje ein del av noko kjede. Flatland hugsar godt konseptet. I tillegg til mat hadde dei gåver, leiker, blomar, glas/steintøy og kaffibaren der Flatland fyrst jobba. På senteret var det også klesbutikk og parfymeri. Etter kvart blei matbutikken ein del av Meny-kjeda. Og det tok ikkje mange åra før Flatland overtok butikken. Snart fekk han med seg Teigen.

– Dei fyrste åra var knallharde. Me skulle spare pengar og gjorde alt sjølve. Det var truleg lurt. Men eg gjer det ikkje ein gong til, seier butikksjefen.

– Eg saknar i blant det å jobbe 8–16 og få løningsposen, men eg trivst med utfordringa.

I dag er det tilsett 15–16 årsverk på Meny. Flatland fortel om stabil arbeidskraft og sommarvikarar som kjem att år etter år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telesenteret

– Feirar 30-årsjubileumet i går og i dag.

– Opna 22. november 1986. Opningsdagen var det 1200 kundar innom og det blei omsett for 200 000 kroner.

– I 1990 etablerte Seljord Radio og TV og Tele Sport seg på senteret som då hadde seks butikkar.

– I 1994 kjøpte Tore Andersen og Knut Jønholt senteret. Heile bygget blei tatt i bruk.

– I 2003 kjøpte Søndre Viken AS Telesenteret.

– Har i dag 12 leigetakarar.

– Omsette i 2015 for 136 millionar kroner.

 

Posten flyttar til Rema 1000

Rema 1000 vann anbodsrunden då kontraktstida med Meny på Telesenteret var ute. Geir Tore Flatland på Meny seier dei ikkje kjem til å redusere staben som fylgje av endringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil halde lengre ope, seier Flatland og varslar at dei no vil ha ope til 21 på kvardagar og 20 på laurdagar.

Han legg til at dei framleis vil ha bank i butikk og PostNord – konkurrenten til Posten.

Siste dag med Post i butikk på Meny er 30. mai. Dagen etter er det Rema 1000 som husar Posten.

Atle Bringsås på Rema 1000 er strålande fornøgd med å ha sikra posttenester i butikken.

– Det vil sjølvsagt gje auka trafikk, seier Bringsås.

Til påske utvida han opningstidene i butikken som no har ope frå 7 til 23 seks dagar i veka.

 

Trivst med konkurransesituasjonen

Geir Tore Flatland er fornøgd med dagens konkurransesituasjon. For få år sidan var det fire daglegvarebutikkar i bygda. I dag er det to. Han medgjev at det var nokre tøffe år då Rema 1000 etablerte seg, men Flatland poengterer at den totale handelen i heile bygda gjekk opp då konkurrenten etablerte seg på andre sida av vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore to-tre magre år. Resten i pluss, seier Flatland, som har eit budsjett på 65 millionar i 2016.

Han er klar på at det vil vera Meny så lenge dei sjølv ynskjer det, men avviser ikkje at det kan bli aktuelt med omprofilering, til dømes Spar – dersom det kjem ein daglegvarebutikk til i Seljord.

På andre sida av vegen sit Rema 1000-kjøpmann Atle Bringsås. Han kallar utviklinga eventyrleg. Det fyrste heile driftsåret (2010) blei det omsett for 34 millionar kroner netto. I 2015 var talet 61 millionar kroner. I år er budsjettet på 70 millionar.

– Det har gått berre ein veg, smiler Bringsås.

Bringsås understrekar at sjølv om det berre er to matbutikkar i Seljord, konkurrerer han i praksis også mot Kiwi, sjølv om kjeda ikkje er etablert i Seljord – enno.

– Prisane blir justerte som i Grenland. Det kjem kundane til gode, seier Bringsås.

– Meny og Rema 1000 utfyller kvarandre. I dag er det to butikkar som går bra. Framtida får bli slik ho blir. Fri konkurranse er bra, seier Bringsås om utsiktene til kan hende endå ein konkurrent.

– Det er mykje å gå på i Seljord. Me har kundar frå nabobygdene – også Hjartdal og Bø. I tillegg har me lukkast me å få hyttefolket innom, seier han, og legg til at det blir endå meir å hente når tunnelen mellom Århus og Gvammen kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er stolt av butikken og understrekar at Rema 1000 har lokale kjøpmenn i alle butikkar. Og han avviser at det ikkje er rom for å gjera ting på sin lokale måte.

– Ja, me er kjedestyrt. Men er det gode argument for å ta inn lokale varer, så gjer me det. Som med Aasmundsen bakeri, seier Bringsås.