Hugsar på distriktet i storbyen
Sjølv om dei har flytta frå Vest-Telemark er distriktspolitikk viktig for unge vesttelar i Oslo. Dei skal jo kanskje heim att ein gong.
Me er på Blindern i Oslo. Studentane vrimlar rundt på den opne plassen som dei forskjellige universitetsbygningane kransar rundt. Ein organisasjon står på stand og deler ut popcorn til fornøgde studentar. Tre av dei er vesttelar.
Gro Bakke er 18 år og har akkurat flytta frå Lårdal til Oslo for å ta lektorutdanning med fordjuping i samfunnsdag. Anne Bolstad Skålid er 23 år frå Fyresdal og tek ein bachelorgrad i drama, teater og kommunikasjon, medan Elisabeth Rue frå Flatdal er 25 år og jobbar som sjukepleiar på Radiumhospitalet. Dei to fyrste har førehandsrøysta, medan Elisabeth ikkje enno har klart å bestemme seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ikkje stemme av gamal vane
– Eg må tenkje litt meir og setje meg litt meir inn i ting. I år har eg ikkje vore så engasjert og eg vil jo ikkje stemme berre av gamal vane heller. Men eg trur eg har landa, altså. Eg må berre tenkje litt til, smiler Elisabeth.
Me har sett oss ned ved eit rundt bord i ei av dei største kantinene på universitet. Lydnivået er relativt høgt ein tysdag føremiddag i lønsjtida. Her blir nok valkampen diskutert på eit og anna bord. Men kva er det unge vesttelar i storbyen ser på som viktig når dei skal røyste?
Helse og sjukeheimsplassar
– Distrikta er absolutt viktig for meg. At ikkje alt skal bli sentralisert og at ein skapar arbeidsplassar på bygda. Eg vil jo kanskje ein gong flytte tilbake. I tillegg er skule og utdanning viktig. Det er jo det me held på med nå, seier Anne.
– Einig. Sjølv om eg bur her nå er eg jo frå bygda, og er oppteken av at det skal vere noko der. Skule er viktig og at bøndene skal ha gode nok ordningar, seier Gro.
Dei to er framleis folkeregistrert heime, medan Elisabeth har meldt flytting og stemmer i Oslo for fyrste gong. Likevel tenkjer ho ein del på heimfylket når ho tek valet.
– Det blir slike ting som de nemner eg au ser etter. I tillegg er det viktig med eit godt helsevesen og at det blir prioritert sjukeheimsplassar. Tidlegare har skulepolitikk engasjert meg veldig og kva partia meiner om det har iallfall fått meg til å vite kva eg ikkje skal stemme på, seier Rue med eit smil og legg til.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skulle gjerne høyrt til Telemark framleis, men det blir jo slik når ein byrjar å jobbe og treng fastlege i Oslo og slike ting.
Orkar ikkje å fylgje med på TV-debattar
Desse utflytta unge vesttelane er kanskje litt vanskeleg å nå for distriktspolitikarane som vil på Stortinget frå Telemark. Sjølv om dei førehandsrøyster og bur i Oslo, er dei med på å bestemme kva for politikarar som skal representere Telemark på Stortinget. Er det noko dei vektlegg i valet sitt?
– Eg veit om nokon av dei. Lene Vågslid, ho Solveig frå Seljord og han Christian frå Porsgrunn. Dei dukka opp på Facebook her om dagen, ler Anne og legg til.
– Dei har ikkje hatt veldig stor betyding, men eg trur dei har påverka litt. At dei representerer partiet sitt på ein positiv måte kan ha litt å seie, meiner ho.
Dei andre nikkar, men trur ikkje fylkespolitikarane klarer å påverke dei i stor grad i valet sitt. Det er meir dei nasjonale politikarane som blir avgjerande.
Men synest eigentleg unge folk det er interessant å fylgje med i valkampen i media?
– Eg gjer faktisk ikkje det. Det blir litt slitsamt og på nippet til usakleg når dei skal kjempe for å vinne veljarar nå på slutten. Sjølv om eg føler eg burde vore meir enga- sjert og sett på fleire debattar blir det til at eg ikkje orkar å sjå på, seier Elisabeth.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg ser på nokre debattar, men er einig i at det er mykje usaklege ordskifte. På Facebook får eg med meg ein del klipp. Kanskje er det NRK som legg ut eit klipp frå ein debatt eller det er partia sjølv som deler ein video. Eg trur ein fylgjer med litt utan at ein klar over det. Berre då eg gjekk opp hit i stad gjekk eg forbi mange store plakatar frå politiske parti, seier Anne.
– Det er ikkje slik at eg fylgjer iherdig med på det som skjer på TV. Men eg les litt saker her og der, og snakkar med andre, seier Gro.
Politikarane øydelegger
– Har de fått med dykk innlegget til ho «Helsesista» på Facebook? spør Elisabeth dei to andre.
Dei nikkar, medan bladfyken ristar på hovudet. Jentene forklarer at dette er ei helsesyster som er populær i sosiale medium som Instagram og Snapchat.
– Ho skreiv eit langt innlegg om at politikarane øydelegg det ho og lærarane jobbar for. At ein skal respektere kvarandre og snakke til kvarandre på ein ordentleg måte. Så kjem valkampen og det er ikkje noko anna enn dritslenging. Og det er litt det eg au meiner. Når eg fyrst set meg ned for å sjå ein debatt så er det det som møter meg. Då slår eg av litt i protest. Eg prøvar heller å lese meg litt opp på valprogramma, snakkar med andre og tek ei heilskapsvurdering litt frå magekjensla, seier Elisabeth.
Må vere litt egoistisk
Det er tre reflekterte jenter i tre litt forskjellige aldersgrupper. Difor er det også litt vanskeleg å svare på om ein har tenkt å flytte heim og om det påverkar valet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har jo akkurat kome meg ut og synest det var godt å flytte. Så akkurat nå har eg ikkje behov for det, men eg synest jo det er veldig fint og roleg å bu i Vest-Telemark, seier Gro.
– Ved dette valet trur eg ikkje eg tenkjer så mykje på det. Kanskje kjem eg til å flytte til Telemark, om det blir heim veit eg ikkje ennå. Det er litt langt fram i tid, sjølv om ein kan tenkje at ein set grunnlaget nå. Nå tenkjer eg at ein må vere litt egoistisk og tenkje på kva som betyr noko for meg nå og framover. Men når den tid eventuelt kjem så handlar jo mykje om arbeidstilbod, seier Elisabeth.
– Ja, heilt sant. Eg gidd jo ikkje å flytte heim att om det ikkje er noko att. Om det berre er eit par stae personar som bur der liksom, ler Anne.