30 år sidan
Tunell frå Flatdal til Ambjørndalen? Eller ny veg på solsida?
Framlegga vart lufta i kommunestyret i Seljord torsdag, der Olav Sollid og Halvor J. Svartdal gjorde seg til talsmenn for alternative løysingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tunellen ville spare den øvre delen av bygda frå rasering. Køyrelengda blir stutta ned frå 3,5 kilometer til 3 kilometer. Vegstellet legg stor vekt på det siste, sa Sollid.
Svartdal meinte på si side at solsidevegen ville bli mindre glatt haust og vår, og gje eit betre inntrykk av dalen for dei reisande.
– Etter det eg veit har vegstellet forkasta tunellalternativet, sa Gunnar Haugen.
Truleg er traseen for den nye Nutheimvegen fastlagt ein gong for alle.
Vinjedagen i Åmot laurdag hadde god oppslutnad. Handlelysta såg ut til å vera bra, og både juggel og kvalitetsvarer gjekk unna. Auksjonarius Reidar Århus var i toppform og fekk opp stemninga. Kvaliteten på varene var sterkt varierande. Gamle trog med hol i botn vart godt betala med 115 kroner. Gjermund Bergland sikra seg boka Norsk Næringsliv for ei krone.
– Tenkte næringslivet stod høgare i kurs, kommenterte Århus.
I lilleputt-turneringa var det med fire lag: Rein, Dyre Vaa, Tokke og Vinje. I finalen spela Rein mot Vinje. Vinje fekk tre mål, medan Rein fekk to. Dermed vart heimelaget i år som i fjor vinnarar. Torkjell Kostveit, Helge Ringhus og Arve Moen Bergset laga eit mål kvar for det sigrande laget.
Staurbering var nytt av året. Åsmund Hylland var den som klara flest. Heile 65 staur klara han, ein meir enn Karstein Brekke. Karin Gjøtterud tok sigeren i kvinneklassa med 31 staur, men Signe Juvet var berre ein etter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Null elevar har søkt om eit 10. skuleår i Edland. Dermed blir det truleg ikkje noko av klassa som var planlagt, fortel rektor ved skulen, Sondre Bratland. Opplegget var tenkt slik at elevane skulle vera tre dagar på skule og to ute i arbeidslivet, med løn for arbeidet. Bratland synest det er merkeleg at ingen elevar har meldt seg, og seier årsaka kan vera at alle elevane i Vinje har fått plass på vidaregåande skule.
– Om det ikkje er slik, kan det vera snakk om såkalla skjult arbeidsløyse, seier rektoren.