Edvard Mæland klubba for siste gong i kommunestyremøte i Seljord for denne perioden. Det gjorde han blant anna med å sei nei til å innføre eigedomsskatt i kommunen.
Edvard Mæland klubba for siste gong i kommunestyremøte i Seljord for denne perioden. Det gjorde han blant anna med å sei nei til å innføre eigedomsskatt i kommunen.

Sa nei til eigedomsskatt

Eit splitta kommunestyre sa nei til å innføre eigedomsskatt i Seljord. Den låge renta skal erstatte dei kalkulera inntektene frå eigedomsskatten.

Med tolv stemmer vedtok kommunestyret i Seljord å lytte til klagene frå innbyggarane og avblåse vedtaket om å innføre eigedomsskatt i kommunen. Fleirtalet røysta for forslaget ordførar Edvard Mæland (H) fremja på vegne av Høgre, KrF, Venstre og delar av Senterpartiet.

– Eg har hatt vondt av vedtaket lenge og har ikkje følt meg bekvem med situasjonen. Men det var einaste alternativ då vedtaket blei fatta, forklarte Edvard Mæland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rentereduksjon på fire prosentpoeng gjorde at kommunestyret no såg høve til eit budsjett utan eigedomsskatt. I tillegg kan det bli aktuelt å bruke av momskompensasjonen frå bygginga av sjukeheimen. Desse fire millionane frå staten står på disposisjonsfondet som tryggleik inntil vidare. Men Mæland både håpar og trur denne kompensasjonen skal bli bruka til å betale ned gjelda på den nye sjukeheimen framfor å erstatte skatteinntektene.

– Ikkje lurt

Eigedomsskatten var kalkulert til å gje kommunen 1,5-2 millionar kroner i året. I fylgje Mæland tilsvarer rentereduksjonen omtrent det same beløpet, og han fryktar ikkje at renta stig til gamle høgder.

– Noko renteauke kan nok kome, men renta kjem nok ikkje tilbake til det høge nivået tidlegare i år, meinte han.

Eivind Skogheim (Ap) fremja framlegg på vegne av sitt parti og SV om å oppretthalde vedtaket frå i vår om å innføre eigedomsskatt frå og med 2004 for eigedomar i Seljord sentrum og opp til Nutheim.

– Eg kan ikkje sjå at det er noko nytt å ta omsyn til. Alternativet med å bruke av momskompensasjonen vil vere det same som å låne pengar. Eg er heilt sikker på at dette ikkje er lurt, sa Eivind Skogheim. Han var viljug til å prøve eigedomsskatten for rettssystemet, om naudsynt.

Seljord kommune har hyra advokat Caroline Lund til å sjå på det rettslege ved innføring av eigedomsskatt i kommunen. Ho konkluderte med at isolert sett oppfyller ikkje Flatdal lova sine vilkår for å skrive ut eigedomsskatt. Advokaten gav Seljord kommune ein 50/50 sjanse til å vinne ei eventuell rettssak om eigedomsskatt i Flatdal. Lund peika på at det er eit varierande syn hos domstolane i høve til kvar det etter lova er lov å skrive ut eigedomsskatt.

– Det vil vere negativt med rettssak mot eigne innbyggjarar, argumenterte Mæland i det siste kommunestyremøtet denne valperioden.

Betre tider

Eivind Skogheim uttrykte bekymring for kva konsekvensar vedtaket vil få for Åmotsdal skule, Heddeli og symjehallen, som alle var i fare for nedlegging tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er naivt å tru at me kan kutte eigedomsskatten utan å måtte skjera ned på andre ting.

Motstandarane av eigedomsskatten har tru på betre økonomiske tider for kommunen.

– I 2006 reknar me med eit overskot på meir enn to millionar kroner, sa Mæland og fekk fylgje av Ragnar Solheim (KrF).

– Me stolar på dei som har gjort reknestykket. Om to år er det overskot, meinte Solheim.

Framlegget frå Eivind Skogheim om å halde fast ved det tidlegare vedtaket om å innføre eigedomsskatt for heile kommunen fekk åtte røyster, medan rådmannens framlegg om eit innskrenka eigedomsskatt-område fekk to røyster.