«Eit eventyr på godt og vondt»
Arkitektstudenten Ola Mo (24) frå Seljord gjennomførte i haust eit spennande masterkurs der studentane måtte vere med på alt frå å teikne eit skulebygg til å byggje eit klasserom og bibliotek i Kenya.
Han var heimom ein snartur på joleferie, arkitekt- og designstudenten Ola Mo frå Seljord.
– Det har vore ein kontrastfylt haust. Eg har fått ei oppleving eg seint vil gløyme. Fyrst vere med å teikne eit skulebygg, reise til Kenya i seks veker for å byggje ein skule, så kome heim og leggje fram prosjektet for professorar og sensorar i Oslo. Etter det vidare heim til småsysken og foreldre i Seljord for å feire jol, fortel Mo, og legg til at det også har blitt tid til eit par fine skiturar heime i joleferien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det kreative
Mo vaks opp i Seljord, gjekk på vidaregåande i Bø og var tidlegare mellom anna aktiv med film og media og eitt av medlemmene i Eekønn productions. Her var Mo produsenten som mellom anna stod bak sjøormkomedien «Ørmen» som han laga saman med fire kameratar i 2014.
Men det vart ikkje film og media i vidare skulegang.
– Eg har alltid vore interessert i å byggje og sjå føre meg konstruksjonar og smarte løysingar – og med ei arkitektutdanning kan eg vere med å gje form til dei rom og omgjevnadar me har rundt oss i livet. Det er eit skapande og kreativt yrke der det nærast ikkje finst grenser for kva kunnskap og fagområde som er relevant å hente frå, seier Mo.
Han meiner at arkitektur ikkje berre er flotte og dyre signalbygg, men handlar om så mykje meir.
– Anten om ein har ei poetisk tilnærming til faget eller ein nyttar ulik informasjon sett system i eit forsøk på å skape gode svar. Det som for min del er viktig er at ein kan argumentere for dei vala ein gjer, seier Mo.
Unik master
Seljordingen går femte året på arkitektog designhøgskulen i Oslo, og har to semester att før utdanninga er fullført. Dei tre fyrste åra ved studiet var grunnundervisning, før han heldt fram med ei masterutdanning med ulike kurs som går over halve år med ulike tema.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette semesteret har eg gått eit kurs som det er få av – og der målet er at studentane skal teikne eit prosjekt som dei også skal byggje. Scarcity and Creativity er eit masterkurs som blei starta i 2012, og som sidan har bygd prosjekt rundt om i heile verda. Me var 15 studentar som tok dette kurset, og alt me visste i starten var at me skulle designe og byggje noko knytt til ein barneskule i Kenya, fortel Mo.
Barneskulen blei starta av den norske kvinna Lindsay Sanner i 2013. Skulen ligg to timar nord for byen Mombasa. Sanner har bygd, og driv skulen via ei stifting ved hjelp av vener og familie heime i Noreg. Skulen gjev tilbod om skulegang og frukost til 70 barn frå 1. til 8. klasse i dag.
– Sanner ynskjer å utvikle området vidare slik at 200 barn kan få grunnutdanning ved skulen og ynskjer på lenger sikt å utvikle gardsdrift for å produsere eigne råvarer. Utdanning, så vel som mat er sårt eit behov i dette området, seier Mo.
Han fortel at menneska her bur i jordhytter og ingen barn har i utgangspunktet høve til å gå på skule.
– Difor er skulen Sanner har starta eit kjempeprosjekt, rosar seljordingen.
Alle teikna skisse
Alle dei 15 studentane tok del i designprosess, prosjektutvikling, detaljering, prissetjing, planlegging, finansiering og stifte samarbeid med lokalbefolkninga under byggjearbeidet.
Mo fortel at alle studentane starta med å teikna ei skisse kvar over korleis dei ynskte at bygget skulle bli, og alle måtte ta utgangspunkt i at det skulle vere klasserom og bibliotek i bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bygget skulle vere 120 rutemeter stort. Etter alle hadde teikna sine forslag blei halvparten av teikningane valte bort, og me starta å arbeide vidare med dei utvalde utkasta i grupper. På dette viset arbeidde me oss fram til at me til sist sat med ei teikning der alle hadde fått vore med å påverka og kome med innspel. Det blei eit felles eigarskap til prosjektet, og dette forarbeidet bruka me fire veker på, fortel Moe.
Han skildrar fire intense arbeidsveker, der nokon finpussa design og estetikk, medan andre arbeidde med konstruksjon og korleis bygget ville stå i vêr og vind.
– Me måtte også organisere alt frå innkjøp av materiale til verkty me skulle bruke. Det var ei skikkeleg logistikknøtt. Me blei utfordra til å vere kreative, men også tenke realistisk og praktisk, seier Mo.
Ei helg til safari:Etter veker med hardt arbeid og ei spanande reise til Kenya, var det godt å vere turist og oppleve afrikansk natur og dyreliv den siste dagen.(Privat foto)Ferdig:Til slutt stod klasserommet med bibliotek klart.(Privat foto)Hardt arbeid:Studentane måtte starte med å grave klar tomta til grunnmuren i 35 solsteikande varmegrader.(Privat foto)Lærerikt:Seljordingen sit att med mykje erfaring og lærdom frå masteroppgåva som blei gjennomført i Kenya.
Kom langvegsfrå
Han fortel at dei måtte sjekke kva dei kunne få tak i via lokale leverandørar der nede, kva dei måtte ha med seg og kva dei måtte bestille.
– Me bestilte mellom anna MDF-plater via ein lokal byggjeforhandlar. Platene skulle kome frå Kina med båt og vidare til byggjeplassen med lastebil. Etter timevis på humpete vegar inn i bushen kom platene til slutt fram til oss, då oppdaga me at platene var produsert i Romania. Paradoksalt i eit miljøperspektiv at platene til slutt hadde reist jorda rundt før me fekk dei, seier Moe, og legg til at det var overraskande lite ein kunne skaffe av verkty og material lokalt.
Spare på vatn
Artikkelen held fram under annonsen.
Nybygget studentane skulle reise hadde eit viktig mål om å fange det regnvatnet som kjem. Det blei difor konstruert med store takflater på skrå ned mot ei lang takrenne som samla regnvatnet ned i store behaldarar.
– Vatn er mangelvare og om det startar å regne kjem det ofte svært kraftige regnskurer i løpet av få minuttar. Så er det over. Vaskar du til dømes hendene lar du ikkje dette vatnet falle på bakken – det samlar ein opp og brukar til anna, seier han.
Reiseveg
Studentane budde på eit hostel i ein kystby 50 minutt unna byggjeplassen. Standarden var enkel, og dei måtte nytte utedo og dusj utanfor.
– Det var eit rom med seng til å sove i, men det var mange krypdyr som også gjerne ville vere der som firfirsler, biller og kakerlakkar. Det var mykje mygg i området og me knaska malariatabelettar. Og det var ein slitsam arbeidsveg kvar morgon og kvar etter- middag på dårleg kenyansk veg. Me stod opp klokka fem kvar morgon og måtte utnytte tida når sola var oppe. Me arbeidde til det var ein time att med solljos, då blei me anbefalt å køyre medan det var ljost. Det var visst det tryggaste, seier han.
For hand:For å lage sement blei alt gjort med handkraft.(Privat foto)I klasserommet:Barna tok i bruk det nye klasserommet og biblioteket etter nyttår. Barna meinte det var spennande med ulike høgdenivå, og noko anna enn «vanlege» klasserom.(Privat foto)
– Me måtte også vere forsiktige med tanke på smitte og bakteriar. Eit lite skrubbsår eller eit myggstikk kunne vere nok til at ein fekk infiserte sår, det var naudsynt med antibiotika, men det gjekk heldigvis bra, seier Mo.
Strevsam jobb
Artikkelen held fram under annonsen.
Området dei arbeidde låg langt ute i bushen. Tomta var bestemt, men ikkje rydda. Det var varmt. 35 varmegrader og steikande sol. Fyrst måtte studentane gjere tomta klar for bygging.
– Arbeidet starta med å flytte jord og stein, grave kubikk på kubikk dag etter dag. Det var nok fleire av oss som blei litt overraska over kor strevsamt den jobben var. Ein var søkk våt av sveitte, og det vart ein god miks av solkrem, myggmiddel og den kenyanske raude og tørre jorda som var over alt, minnest Mo.
Arbeidet med å reise bygget var svært spennande og krevjande. Dei største bjelkane måtte bli lyfta opp seks meter, og det utan heisekran.
Hovudkonstruksjonen blei bygd saman av ti store rammer. Her vart det nytta over 100 000 firetomsspiker. Alle desse spikra studentane for hand.
Og kenyanske spiker er ikkje i nærleiken så enkle å spikre som dei me har i Noreg, seier Mo.
Dyktige lokale arbeidarar
Den siste arbeidsveka hadde studentane med seg ti lokale arbeidarar til å hjelpe til med murpuss og støype golv.
– Dei var ekstremt flinke, og hadde aldri sett kvite jobbe slik me gjorde – me blei gode vener og godt kjent og lærte litt swahili og dei lærte litt norsk, seier arkitektstudenten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter seks veker stod bygget klart. Då stod berre ein dag att av opphaldet. Det blei litt tid til å vere turist og studentane fekk sjå det afrikanske naturog dyrelivet.
– Det var så moro at me nådde målet vårt og blei ferdige. Når ein i ettertid tenker at ein klarte å realisere eit slikt bygg langt ute i bushen berre ved hjelp av handkraft, blir eg sjølv litt forundra, smiler Mo.
– Det var eit eventyr å vere med på – ja, på godt og vondt, og det gav mykje erfaring, seier seljordingen.
Kvar vegen fører han vidare, er han ikkje sikker på.
– Det er kanskje lurt å arbeide for andre litt fyrst, for å få erfaring. Men seinare vil eg kanskje satse for meg sjølv, smiler han.