For nokre veker sidan starta Kjellaug Gardsteig (t.v.) ei innsamling slik at kreftsjuke Rikke Øien Nykos kan få reise til Tyskland og prøve ei ny kreftbehandling for å bli frisk. Denne veka passerte dei 300 000 kroner på kontoen.
For nokre veker sidan starta Kjellaug Gardsteig (t.v.) ei innsamling slik at kreftsjuke Rikke Øien Nykos kan få reise til Tyskland og prøve ei ny kreftbehandling for å bli frisk. Denne veka passerte dei 300 000 kroner på kontoen.

– Eg er utruleg glad og rørt over alle som støttar meg

Etter den fyrste runden med cellegift var prøvene stabile, men tarmkreften nektar å gje slepp, og nye kurar må til. Nå slår lokalbefolkninga ring om Rikke Øien Nykos, og samlar inn pengar til privatbehandling.

Frå den dagen tarmkreften ramma raulendingen Rikke Øien Nykos (40) i fjor haust har ho valt å vere open om diagnosen. Open om dagane med cellegift, om då håret fall av og eldstejenta fann fram barbermaskina og fjerna dei siste hårstråa. Rikke har svara når barn har spurd dei raraste spørsmål om kvifor ho mista håret og kvifor det nå har kome tilbake. Heile tida har ho vore tydeleg på at denne kampen skal ho vinne.

Då VTB møtte Rikke rett før jol i fjor var ho inne i ein periode med cellegiftbehandlingar kvar tolvte dag. Det var fram og tilbake til sjukehuset i Skien for påfyll, så heim for å vere mamma til Solveig, Oliver Caspar og Ingrid Olivia, kone til Olve og besteven for hunden og katten i heimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var eit halvt år med cellegift og prøvene viste at alt var stabilt. Andre veka i februar avslutta eg cellegiftkuren og hadde to månadar utan behandling – då kom mellom anna håret tilbake. Men blodverdiane steig, og eg måtte starte på ei ny type cellegift som eg nå får kvar tolvte dag, i tillegg til at eg blir behandla med avastin. Den nye typen cellegift tar ikkje håret mitt, men eg blir mellom anna nummen i fingrar og tær. Møtet med sjukepleiarar og legar i Skien er framleis positivt. Dei har det hektisk, for me er mange med kreft som treng behandling, men dei yter god omsorg for oss, seier Rikke.

Trass i stadige rundar med helsesjekk og behandling på sjukehuset held Rikke tempoet oppe. Ho er ikkje typen som legg seg på sofaen og lar mørke tankar trenge på. Ho er aktiv og ute på toppturar, fylgjer barna på fritidsaktivitetar og har starta å arbeide så smått att.

– Eg jobbar 30 prosent, seier ho stolt og legg til; Å tenke positivt er framleis min fylgjesven.

Kjellaug Gardsteig (t.v.), Solveig Øien Nykos (12), Elise Gardsteig Svalastog og Oliver (6) i armkroken til mamma Rikke Øien Nykos.
Kjellaug Gardsteig (t.v.), Solveig Øien Nykos (12), Elise Gardsteig Svalastog og Oliver (6) i armkroken til mamma Rikke Øien Nykos.

Starta ein aksjon

Ein kveld tidlegare i sommar var Rikke litt oppgjeven, og skreiv på Facebook at ho skulle ynske ho vann i Lotto slik at ho også kunne få råd til å prøve andre behandlingsformer for å ta knekken på kreften.

Kjellaug Gardsteig var ein av dei som reagerte på Rikkes status, og spontant kom ideen om å starte ei innsamling – dersom Rikke meinte dette var greitt.

– Eg tenkte at det er for gale i rike Noreg at ikkje alle skal få prøve dei medisinane som finst, så då byrja me innsamlinga, seier Kjellaug.

Ei eiga gruppe blei starta på Facebook, og ein sparekonto oppretta i banken. Medlemmene teikna seg og pengegåvene blei overført.

– 13. juni passerte me 50 000 kroner, og 21. juni runda me 100 000 kroner på kontoen. Denne veka passerte me 300 000 kroner – det er mange som ynskjer at Rikke skal bli frisk, seier Kjellaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er utruleg glad for at Kjellaug tok tak og starta dette, seier Rikke.

– Kvifor trur de at engasjementet er så stort rundt innsamlingsaksjonen?

– Det har vore mykje snakk om kreft og ulike typar medisinar i media den siste tida, og det skaper truleg mange kjensler hos folk. Mange kjenner nokon som har kjempa mot kreften, den kan råke alle – ein veit bare ikkje når, seier Rikke.

Støttar kampen

På Killingtveit starta naboungane å bake og selje kaker til forbipasserande, folk har donert vekk strikkearbeid, konsert- og fotballbillettar, måleri og keramikk. Ja, til og med ein leilegheit i Spania er stilt til disposisjon slik at leigeinntekta for haust, jol- og påskeveka går til Rikkes kampsak.

– Eg er så utruleg glad, rørt og audmjuk over alle som bryr seg – som ynskjer å vere med å hjelpe meg, seier Rikke.

Ho ramsar opp fleire som viser at dei vil vere med på spleiselaget, og nemner mellom anna at nokon vil arbeide dugnad på festivalar og setje inn løna dei får til innsamlingskontoen, nokon vil arrangere garasjesal medan andre gjev premiar dei vinn, slik nevøen Sindre Høgset gjorde.

– Då han vann Ordalsåta-opp for andre året på rad, valte han å gje pengepremien han fekk til meg. Det er så raust, seier Rikke.

Dei siste dagane har Kjellaug blitt ein svært aktiv Facebookbrukar, og det går mange timar til å administrere innsamlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde bodrunde på 11 gjenstandar fram til sundagskvelden. Gjenstanden det var størst interesse for var ei Manchester United-fotballdrakt med autografen til Alex Ferguson. Skjorta gjekk til slutt for 8 000 kroner, seier Kjellaug, og fortel at det stadig kjem meldingar om gjenstandar som folk ynskjer donere og ha auksjon på.

– Dette flotte måleriet med motiv frå Suigard Romtveit, laga av kunstnaren Reidar Kolbrek, skal me auksjonere bort. Minstebod på bildet er nå 17 000 kroner, eg er spent på kva folk kjem til å by for oljemåleriet. Eller kva dette flotte geitefotografiet som Kasin foto har gjeve vil gå for, seier Kjellaug.

Elles har det blitt donert kjøt, heimelaga hagebenkar og kaldtbord, og ei raulandskvinne var ekstra raus og gav vekk fire ferdigbroderte bunadsliner til skjorte. Ei anna kvinne kunne sy ei bunadsskjorte, om nokon ynskte å by på det. Kjellaug innrømmer at det er hektiske dagar.

– Men det er bare moro. Me får verkeleg sjå kor mange fine og gode menneske som bur her, smiler Kjellaug.

– Ja, det er rørande. Me får meldingar frå folk i heile Vinje kommune, og nå spreier det seg utanfor kommunen også, seier Rikke takksam.

Som ei ekstra dotter

Men kvifor starta du innsamlinga?

– Rikke har vore ein del av livet mitt sidan ho var tre år gamal, fortel Kjellaug Gardsteig.

Den gongen budde Kjellaug og familien på meieriet i Haukeli, og dei fekk høyre at det skulle kome eit nytt meieribestyrarpar til bygda med fem barn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg minnest dei kom med ei folkevogn, Rikke var tre år og det tok ikkje lange tida før ho var i kjellaren hos oss og blei besteven med dotter vår, Gunlaug. Sidan då har Rikke vore ein del av familien og livet vårt, smiler Kjellaug.

– For meg er det viktig at Rikke får prøve alle dei moglegheitene som finst, me kan ikkje sitje å vente medan tida går. Ho har nydelege barn, ein fantastisk mann og familie som treng ho i lang tid framover. Rikkes største ynske er å vinne kampen mot kreften. Då det fyrst skulle bli så gale at Rikke blei sjuk, vil eg at ho skal få prøve alt som finst av behandling. For me vil så gjerne ha deg her, Rikke, seier Kjellaug.

– Kjellaug er fantastisk. Ho har eit stort hjarte og engasjement som får andre i lokalsamfunnet også til å bry seg, seier Rikke.

Motivasjon

Rikke er tydeleg på at det er barna og alle rundt ho som motiverer til å stå på vidare i kampen.

– Eg må stå på for ungane og mannen min, for vener og familie. Det er godt å kjenne at det er så mange som heiar på meg. Målet mitt er å få krympa kreften, eller i beste fall få den bort med behandling. Eg veit ikkje kva framtida bringer, men eg håpar eg blir frisk, og ingenting skal vere uprøvd. Om eg får sjansen til å prøve anna behandling veit eg og dei rundt meg at alt i alle fall blei prøva, seier Rikke.

Ho fortel at tankar om å leggje heimen for sal har streifa, men nå får ho kanskje hjelp på anna vis.

Avslag på immunterapi

Då kronerullinga starta var det fyrst mål om å få inn nok pengar til ei prøvebehandling av immunterapi ved eit privatsjukehus i Noreg.

Immunterapi er ei type behandling som hjelper kroppens eige immunforsvar med å ta knekken på kreftcellene. I Noreg er denne type behandling ikkje godkjent til alle formar kreft, men til mellom anna pasientar med føflekk-kreft og ikkje-småcella lungekreft. Nokon pasientar kan bli friske av ei slik behandling, medan andre kan få alt frå månadar til år med ekstra levetid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Syster til Rikke sendte søknad til privatsjukehuset Aleris, og medan pengane begynte å tikke inn på kontoen auka også håpet om å få sjansen til å prøve denne type behandling, som mellom anna Danmark gjev gratis til mange av sine kreftpasientar, men som pasientar i Noreg må betale for.

– I førre veke kom svarbrevet. Det var eit avslag på søknaden. Dei ynskte ikkje å teste ut immunterapi på min type kreft sidan det var så lite utprøva her i landet, seier Rikke.

Men Rikke si syster gav ikkje opp av den grunn, ho søkte vidare etter andre behandlingsmåtar og fann eit sjukehus i Tyskland som kan gje ei type konsentrert cellegiftbehandling som ein set rett inn i svulstane.

– Denne type behandling er meir forska på i Tyskland, og på same tid som ein får konsentrert cellegift blir blodet reinsa i ei dialysemaskin slik at cellegifta ikkje kjem ut i blodbanane. Men den kostar. Mellom 800 000 og ein million kroner treng eg for å få reise til privatklinikken og ta denne behandlinga, som går over nokre veker. Men den virkar svært positiv, og eg ynskjer å få sjansen til å prøve det, seier Rikke.

– Ja, det er behandlinga i Tyskland me går for nå, seier Kjellaug bestemt.

– Gå til legen

Etter at Rikke blei sjuk har sjølvsagt mykje handla om sjukdommen ho har fått. Ho har også lært mykje det siste året, og har blitt oppteken av at alle må gå til legen for kontroll dersom dei har hatt familiemedlemmer med tarmkreft.

– Tidlegare var det eldre menneske som fekk denne diagnosen, men det kryp nedover og stadig fleire yngre får tarmkreft. Har du denne typen kreft i familien, bestill time for koloskopi. Då vil dei kunne finne ut om ein til dømes har polyppar som ein kan fjerne tideleg og bli frisk med ein gong. Då slepp ein å gå denne lange vegen eg må gå nå, seier Rikke.