Forfattar Stein Versto er sentral under Litteraturdagane i Vinje neste helg, både med Vesaas-føredraget laurdag og poesikonsert med Odd Nordstoga i Vinje biletgalleri sundag. (Arkivfoto)
Forfattar Stein Versto er sentral under Litteraturdagane i Vinje neste helg, både med Vesaas-føredraget laurdag og poesikonsert med Odd Nordstoga i Vinje biletgalleri sundag. (Arkivfoto)

«Den som les, kan koma til å forstå sitt eige liv betre»

Til helga er det forfattar Stein Versto sin tur til å halde Vesaas-føredraget på Litteraturdagane i Vinje. Me har teke ein prat med han om litteraturens verdi for einskildmennesket og for samfunnet, om sjølvaste Tarjei, og om Verstos eigen forfattarskap.

For å starte med eit kort og kan hende vanskeleg spørsmål: Kvifor er litteratur viktig ­– for den einskilde?

Skjønnlitteratur kan vera tidtrøyte – i beste forstand! Boka kan opne lesaren for ein annan modus enn den som har med jobb, pengar og klokkeslett å gjera. Det treng me, dei fleste av oss. Dessutan kan god skjønnlitteratur skape ei gjenkjenning hjå lesaren. I beste fall kan lesaren kjenne att noko i seg sjølv som han eller ho ikkje visste var der. I slike tilfelle utvidar boka medvitet, og den som les, kan koma til å forstå sitt eige liv betre. Dette har òg med det verdige i kvart menneske å gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og for samfunnet?

Eg er overtydd om at det som skjer i og med den enkelte, er viktig for samfunnet. Samfunnet er jo samansett av mange enkelte. Og i vår tid er det viktigare enn nokon gong, trur eg, at folk tenkjer sjølve. Mine eigne tidlege, sterke opplevingar med litteratur fekk meg til å innsjå at dei ting eg streva og tumla med, og som eg trudde eg var aldeles aleine om, faktisk var heilt ålmenne ting. Det har slått meg gong på gong at det me trur me er som mest aleine om, er noko som bortimot alle delar. Den gode litteraturen kan opne eit indre rom der me ser at det går sambandsliner mellom oss sjølve og dei andre, og så har me høvet til å la dette koma til uttrykk i livet med andre menneske. Me har høve til å opne oss for at kvar og ein av oss faktisk kan utgjera ein skilnad. Her kjem dette med det verdige inn.

Når forstod du sjølv at det var litteratur du ville drive med i livet?

No gjer eg no enkelte andre ting òg. Og forresten – eigentleg burde eg ha skaffa meg ein beitepussar og slått innmarka her på Sudbø i staden for å sitje og arbeide med litteratur, for ved ei mistyding har det ikkje blitt slått her i år. Men, nok om det. Det er klart litteraturen er viktig, og han har vore det sidan eg var barn. Olav, bror min, som var sju år eldre enn eg, tala varmt om Dostojevskij og Ibsen då eg var tolv år. Han var jo ein storebror eg såg opp til, så eg kasta meg over «Brødrene Karamazov» og «En folkefiende». Den fyrste laut eg legge frå meg etter eit par kapittel, men Ibsen-stykket las eg heilt ut, og forstod faktisk ein heil del. Men eg skal ikkje gjera meg «prektigare» enn eg er: Snart kom Morgan Kane, og då var det gjort, for nokre år. Men då eg runda tredve kom eg inn på forfattarstudiet i Bø, og der fekk eg gode tilbakemeldingar og tiltru til at skriving faktisk kunne vera noko satse på. Så då var det vel i grunnen gjort.

Du skal halde Vesaas-føredraget på Litteraturdagane. Kva rolle har Vesaas spela i din eigen forfattarskap?

Eg las viktige delar av forfattarskapen i ein jafs då eg var i 16-17-årsalderen. Det var sterkt. Tida då, tidleg på 1970-talet, var jo ei sterkt politisk tid, der du fann Marx og Lenin i hyllene til mange skuleelevar og studentar. For meg vart den Vesaas-raptusen ein poetisk oase. Det var ei gjennomgripande oppleving som eg har hatt med meg heile livet, og den var nok, saman med enkelte andre opplevingar, med på å pense meg inn på dette med å skrive. Kvar gong eg les noko av Tarjei, er energien, krafta, dette utruleg nakne og opne, og med ljos og mørker i seg på same tid, der.

Kva er det som gjer Tarjei Vesaas spesiell, i dine augo?

Fyrst og fremst dette, iallfall i dei seinare bøkene, at det er skrelt heilt inn til beinet. Utanomsnakk finst ikkje. Det er måten han gjer dette på, som er unik. Eg tenkjer på somme av dei gamle vinbyggjane, som eg fekk oppleva som barn, og som her finst nokre av enno – dei var tagalle, mange av dei, med lange pauser i samtala. Men når fyrst noko vart sagt, var det velforma. Tarjei var ein slik, og hjå han er dette sublimert til stor litteratur. Han har på aldeles forunderleg vis ført det over i skrift. Og så er det denne uslåelege kombinasjonen av sterkt etisk medvit, ei open, lydhøyr haldning til tema han tek opp og det lågmælte, stutthogne språket som er så effektivt at det kan få det til å snu seg inni ein. Han kan få deg til å minnast noko som er så vagt at du sjølv ikkje har ord for det. Og så les du, og det går opp for deg at dette faktisk er noko som er uendeleg viktig, og du tenkjer, medan du les: Dette må eg ikkje gløyme! Tenk at litteratur kan virke slik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva forfattarar i dag meiner du tek opp arven etter Vesaas?

Det er mange, mange, som er inspirerte av han. Og det han gjer med lesaren, gjer også mange andre av dei store. Men arv? Eg veit ikkje. Det finst berre éin Tarjei Vesaas, og han er umogeleg å kopiere.

Du gav ut diktsamlinga «Så nær du kan sjå meg» i år – kva vil du seie om den, og kva kan me vente oss frå di hand i tida som kjem?

Eg ser på den boka som ei utforsking av det usagde i møtet mellom to menneske som kjem kvarandre nær. Uansett kor godt me trur me kjenner den andre, vil der alltid vera noko me ikkje kjenner, fullt ut - slik me også heller ikkje kjenner oss sjølve, fullt ut. Slik er det, jamvel om der kan vera stunder med djup einskap. Denne likninga med ein ukjend faktor kallar på undring og audmjukskap. Ifylgje filosofen Lévinas inneber dette at me i ein viss forstand har eit totalt ansvar, i dei mellommenneskelege situasjonane. Dikta prøvar å gå inn i dette, sjå kva som skjer i dei «hemmelege kanalane» mellom dei to, innanfor eit perspektiv der båe vil den andre godt. Det er framrykking og tilbaketrekking, mot og otte om einannan, ikkje minst fordi menneske i nære relasjonar blir speglar for kvarandre.

Komande prosjekt? I fyrste omgang blir det ein turné, no i september, med den nye boka, og så skuleturné seinare i haust. Eg debuterte med noveller, og vil nok før eller seinare skrive ei novellesamling til, så får me sjå om dét blir den neste boka. Eller om det blir noko anna. Ein må vera varsam med å spå om noko som er så pass uføreseieleg. Eg har eit tilfang under arbeid, men kva slag bok det blir, er for tidleg å seia enno.

For å trekkje inn ein annan sentral aktør i Litteraturdagane: Sundag skal du og Odd Nordstoga saman ha poesikonsert, i lag med Marit Karlberg. Kva har samarbeidet med Nordstoga betydd for deg? Han har ved fleire høve sagt at det betyr mykje for han?

Odd, ja. Då må eg berre få sagt at det samarbeidet er ei av dei største gleder eg har hatt, og har. Det er pussige greier, for når eg er saman med Odd, er det som med isfjellet: Ein sjuandedel av kommunikasjonen er over yta, og resten skjer under. Og under den yta har det levd og rørt seg noko i mange år, eigentleg heilt sidan eg som lærar i dåverande Vinje musikkskule var instruktør for noko me kalla Vinje juniorspelemannslag, der Odd var med på trekkspel. Det har levd og rørt seg, og så har det dukka ein heil del songar opp av dette djupet som eg er utruleg glad for å ha vore med å skrive. Det er ei lykke å vera tekstforfattar og rimsmed når du skriv for ein komponist og utøvar som Odd.

Kva blir høgdepunktet å høyre på for deg på Litteraturdagane i år?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mykje eg ser fram til å høyre, og det er vanskeleg å rangere. Men samtida, med alle dei utfordringar me står andsynes i dag, er eit sentralt tema. Eg veit at både Brit Bildøen og Espen Stueland, som skal samtala med Anne Grosvold om laurdagen, har mykje på hjarta i så måte. Det same har poetane Inger Elisabeth Hansen og Torgeir Schjerven, som er med i fredagsprogrammet. Og så er eg overtydd om at innslaget med Kjersti Rorgemoen og Erlend Kaasa blir storveges – på fleire måtar. Dei skal intervjue kvarandre! I tillegg er det dette med miljøet og stemninga under «Dagane», då. Eit uvanleg lydhøyrt og interessert publikum, kvart einaste år. Og fullt hus, på alle programpostane. Det er litt av den «samling-ikring-leirbålet»-atmosfæren – jamvel om du sit saman med 100 andre i salen. Nokså spesielt, i grunnen.

Stein Versto

Stein Versto, Vinje, f. 1957 – forfattar/lyrikar, spelemann, forlagsmann og tidlegare leiar av det litterære råd i Forfattarforeininga. Fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1991 for novellesamlinga «Ho blei borte i trappene» (1990). Førebels siste utgjeving er diktsamlinga «Så nær du kan sjå meg» (2016). Har gjennom fleire år hatt eit låtskrivarsamarbeid med Odd Nordstoga.

Skal halde Vesaas-føredraget under Litteraturdagane i Vinje 26.–28. august.

Litteraturdagane i Vinje

Litteraturfestival arrangert på Edland, Vinjar, Vinjehuset og Vinje biletgalleri 26.–28. august.

På programmet står mellom anna: Avduking av Storegutmonumentet på Edland, utdeling av Storegutprisen til Are Kalvø, festtale ved Ragnar Hovland, poesikonsert med Stein Versto, Odd Nordstoga og Marit Karlberg, samtale om «den vanskelege andreboka» med Kjersti Rorgemoen og Erlend Kaasa og intervju med årets vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris, Kenneth Moe.

Desse står på scenen: Are Kalvø, Ragnar Hovland, Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga, Stein Versto, Anne Grosvold, Kenneth Moe, Inger Elisabeth Hansen, Torgeir Schjerven, Kjersti Rorgemoen, Erlend Kaasa, Olav Vesaas, Unni Boksasp, Marit Karlberg, Espen Stueland, Brit Bildøen og Tor Jonsson Orkester.