Vidda vinn på verdiskaping
I juni starta prosjektet «Vidda Vinn». Målet for prosjektet er verdiskaping som skal gagne både naturen og miljøet på Hardangervidda, dei som brukar han og dei som eig han.
«Vidda Vinn» er eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalparkkommunane Vinje og Tinn. Prosjektet er eit av ti hovudprosjekt i «Naturen som verdiskaper», som er eit nasjonalt verdiskapingsprogram for naturarven i regi av Direktoratet for naturforvaltning.
Nasjonalparkane våre er ei internasjonal merkevare, men me er ikkje flinke til å ta i bruk det fulle potensialet det faktisk inneber. Områda rundt vidda er nesten ikkje nytta som turistområde som sommaren, seier prosjektleiar for «Vidda Vinn», Guro Lien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at alle som har interesser i området stort sett har vore svært positive til prosjektet. Berre med få unntak har dei involverte vist stor interesse for å utvikle området og auke den økonomiske, miljømessige, sosiale og kulturelle verdiskapinga der.
Det er reiseliv som er framtida her me bur. Her kan me skape arbeidsplassar folk kjem heim til, meiner Guro.
Nasjonalparkrute
Prosjektet satsar på naturvenleg tilrettelegging for sommarturistar i randområda utanfor Hardangervidda. Dei sårbare områda på vidda skal vernast, og særlege omsyn skal takast til villreinstamma. Difor er ruta lagt rundt vidda, og han er lagt opp til å vere ei sommarrute, ei mindre sårbar tid for villreinen.
Ruta har fått namnet Hardangervidda nasjonalparkrute, og den skal gå frå Tessungdalen via Tinn Austbygd, Rjukan og Skinnarbu i Tinn, til Rauland, Arabygdi, Haukeli og Vågslid i Vinje. Vegen skal bli ei opplevingsrute for sommarturistar i bil, og undervegs vil ein kunne få med seg natur- og kulturstigar, utsikts- og infopunkt og guida turar.
¬ Tilrettelegging for enkle, korte fotturar er noko av det viktigaste og enklaste me kan gjere. For å skåne naturen rundt stiane kjem me til dømes til å legge heller der det er gjørmete, slik at folk ikkje trakkar utanfor stien. Å verne naturen samstundes som me brukar han aktivt er eit hovudmål for oss, fortel den engasjerte prosjektleiaren.
Rekrutterar guidespirer
Undervegs på fotturane skal historia om området formidlast. Naturopplevinga skal kombinerast med auka kunnskap om natur og kultur.
Men brukarane av ruta skal bli aktivisert i løpet av turen, dei skal ikkje berre stå og lese tavler, seier Lien bestemt.
Eit ledd i prosjektet er difor å utvikle kunnskapsrike formidlarar, og ved hjelp av omfattande kursing og idédugnadar skal dei rekruttere lokale guidespirer. Hardangervidda nasjonalparkrute vil kunne skape mange nye arbeidsplassar innan formidling, servering og overnatting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lien fortel at ho i løpet av 2009 vil kontakte aktørar rundt vidda for å opprette eit samarbeid om ei felles nettside for opplevingsvegen. Sida skal fungere som målretta marknadsføring for å lokke fleire sommarturistar til området, og kanalisere dei til lite sårbare område med stort potensiale for lokal verdiskaping.
Me vil freiste å auke tida folk er i området vårt, for ofte er turistane berre på gjennomreise for å kome seg til fjordane på Vestlandet eller liknande. Dei må få greie på kva me faktisk har å tilby her i dette flotte området, seier Lien.
Har du idear?
Ho er i gang med å lage ein 5-årsplan der ho tek i mot innspel frå grunneigarar og andre involverte. Ho ynskjer gjerne at folk melder seg med forslag til konkrete tiltak i prosjektet.
Har du kanskje tenkt på å starte opp ein guida tur i eit område du kjenner godt? Har du god greie på fuglelivet der, eller kanskje du veit om eit utkikkspunkt med ein interessant historie? Meld ifrå, så tek me ein prat, oppmodar Guro, som kan tilby dei interesserte kurs i mellom anna formidling, språk og natur- og kulturkunnskap.