Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter og distriktssjef Olav Vefall i Noregs Lastebileierforbund fylgde ordskiftet om vegutbygginga i Telemark. Dei var oppgjevne av fleirtalet, og såg for seg at kranglinga held fram i Telemark med den konsekvens at vegane ikkje blir bygde ut.
Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter og distriktssjef Olav Vefall i Noregs Lastebileierforbund fylgde ordskiftet om vegutbygginga i Telemark. Dei var oppgjevne av fleirtalet, og såg for seg at kranglinga held fram i Telemark med den konsekvens at vegane ikkje blir bygde ut.

Semja om E 134-utbygginga er broten

Semja om E 134-utbygginga i Telemark er soge. Regionrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold har med 32 mot 6 røyster vedteke at to alternative trasear sør for Lifjell skal utgreiast. Endeleg vedtak om trasé skal regionrådet fatte i november.

Det var fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (H) som på vegne av Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet kom med framlegget om at to moglege trasear for E 134 sør for Lifjell skal greiast ut av Vegvesenet.

– Me held fast med prioriteringa av tunnelen Århus-Gvammen, som er med i Nasjonal transportplan (NTP). Utgreiinga av ein trasé sør for Lifjell, anten gjennom Sauherad og Gvarv eller over Reshjem frå Notodden til Bø, skal ikkje forsinke planane for utbygging av E 134 og Rv 36 i høve til den neste framdriftsplanen i NTP, sa fylkesordføraren på regionrådsmøte på Gaustablikk i Tinn torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunn Marit Helgesen fortalte at på dei dialogmøta fylkeskommunen har hatt med regionråda dei siste vekene, har 14 av Telemarks-kommunane og Midt-Telemarkrådet bede om at framtidig E 134-trasé sør for Lifjell blir konsekvensutgreidd.

– Eg meiner det ville vere utruleg arrogant om me ikkje opna for denne utgreiinga når ho ikkje gjer at me taper tid i prossesen. No får me ei ny vurdering om me har gjort eit riktig val ved å ha E 134 nord for Lifjell gjennom Hjartdal og tunnel mellom Gvammen og Århus. Det er 11 år sidan trasévalet sist blei drøfta og vedteke utan at noko har skjedd. Då kan det vere lurt å sjå på om me her i Telemark har den rette strategien, argumenterte fylkesordføraren på vegne av dei tri partia som sto bak ynskje om endå ei E 134-utgreiing.

Telemark taparen

Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) peikte på at det ikkje var lenger attende i tid enn sist haust at han og fylkesordføraren var samde om å halde fast på den semja om trase for E 134 nord for Lifjell og Århus-Gvammen-tunnelen, som blei oppnådd i 2000 i det såkalla Morgedal-forliket.

– Eg er klår over at dette forliket heile tida har vore veldig skjørt. Men Senterpartiet vil halde fast på denne avtala og dei planane for E 134 som er gjort. Mellom anna er reguleringsplanane på begge sider av tunnelen ferdige, og i NTP er det sett av 300 millionar kroner til Årshus-Gvammen-tunnelen. Vegvesenet i Hordaland har signalisert at dei pengane kan dei nytte til eit tunnelprosjekt i Etne om me her i Telemark held fram med å krangle, sa Lars Bjaadal.

Han ottast at det no breier seg eit inntrykk både på Stortinget og i regjeringa at i Telemark greier dei aldri å bli samde.

– Det har dei all grunn til, slik vingling som fleirtalet i regionrådet syter for. Telemark kjem til å tape kampen om vegmidlane på denne måten, meinte fylkesvarordføraren som synte til at i saksinnstillinga åtvara dei tri fylkesordførarane i BTV-regionen mot å bryte semja om trasé for E 134. Den same haldninga er kome frå Vest-Telemarkrådet og NHO i Telemark.

Kristian Espeland (KrF) gav uttrykk for at dette var ei vanskeleg sak. Men han meinte framlegget frå fylkesordføraren var fornuftig.

– Her blir det bede om ei utgreiing av to alternative traséar, samstundes som me held fast på tidlegare vedtak. Eg trur at avgjerda om trasé nord for Lifjell og tunnel Århus-Gvammen er så godt at det tåler ei utgreiing, sa KrF-representanten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Kaurin, sjef for strategistaben i Vegvesenet region sør, opplyste regionrådet at dersom tidsplanen skal halde i høve til NTP-rulleringa, kan det berre bli snakk om ei såkalla overordna utgreiing for dei alternative traséane sør for Lifjell. Blir det etterspurnad om detaljar vil tida bli for stutt, sa han.

– Øydeleggjande usemje

Då landbruksminister Terje Riis-Johansen var i Bø torsdag kveld, fekk han i ordskiftet spørsmål om konsekvensen av usemja som rår i Telemark om E 134. Han var budd på spørsmål om saka og hadde drøfta ho med samferdsleministeren same dag.

– Eg må seie heilt tydelig at Telemark aldri kjem til å vinne fram i kampen om vegmidlane utan ei felles haldning og semje og at ein vil vere med på finansieringa gjennom bompengar. Her i Telemark har me enno eit stykke veg å gå for å skjønne at semje er avgjerande for å få gjort noko med vegane, sa Terje Riis-Johansen.