«Saka handlar om me kan stole på ordføraren eller ikkje»
– Kommunen er heilt avhengig av å ha ein ordførar som me kan stole på. Ein ordførar som er tydeleg i kommunikasjon, og som ikkje skaper forvirring eller går ut over fullmakter, uttala Henry Mæland (Sp).
Kommunestyret gjekk samla inn for framlegget til Henry Mæland (Sp) om at det kan vere grunn til å tru at ordføraren har gått ut over sine fullmakter ved å førespegle ny rådmann fri bustad i samband med tilsettingsprosessen i fjor sommar. I mars gjorde kontrollutvalet i Seljord eit liknande vedtak, men valte å ikkje gå vidare med saka.
Torsdag vedtok også kommunestyret at dei ser dette som svært uheldig, både med omsyn til involverte partar og økonomiske konsekvensar for kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høyrde ordskiftet
Rådmann Finn-Arild Bystrøm bad om å få gå ut av kommunestyresalen, og kommunalsjef Frid Berge tok stolen som sette-rådmann. Ordførar Halfdan Haugan vart kjend ugild og varaordførar Jon Svartdal tok hans sete og leia møtet vidare medan ordføraren tok plass bak i kommunestyresalen for å høyre på ordskiftet i saka.
Før møtet hadde mellom anna politikarane fått tilgang på ein logg frå juni i fjor til april i år der rådmannen har notert kva som hadde blitt sagt og lova i saka om fri bustad i samband med tilsettingsprosessen. Det vart også lagt ved e-postkorrespondanse mellom rekrutteringsbyrået som vart nytta og medlemmer i administrasjonsutvalet.
– Me er avhengige av ein ordførar me kan stole på
Etter Jon Svartdal (H) si innleiing av saka var Henry Mæland (Sp) fyrste politikar på talarstolen.
– Dette er ein situasjon me alle helst ville ha vore forutan, og alvoret i saka blir forsterka sidan det handlar om avtaler knytt til den viktigaste stillinga i kommunen – rådmannen, og at ordføraren mest truleg gått utanfor sine fullmakter, kommenterte Mæland.
Han peika vidare på at ordføraren i denne saka har medverka til å skape forvirring både for rådmannen, administrasjonen og administrasjonsutvalet.
– Eg vil understreke at kommunen er heilt avhengig av å ha ein ordførar som me kan stole på. Ein ordførar som er tydeleg i kommunikasjon, som ikkje skaper forvirring eller går ut over fullmakter. Han er vår frontfigur, han representerer oss utad, forhandlar avtalar, han skal vinne tillit hjå innbyggjarane og eksterne samarbeidspartnarar og vere kommunens fremste seljar. Det er ikkje rom for slike saker som me har vore vitne til her, og eg er redd me til sist svekkjar omdømmet vårt som folkevalte og som kommune, sa Mæland.
– Dessverre er ikkje dette det fyrste feiltråkket
Peter Fjågesund (MdG) innleia som Mæland med at han gjerne skulle vore forutan denne saka.
– Dessverre er ikkje dette fyrste gongen tillit til ordføraren dukkar opp, me snakkar altså ikkje om eit fyrste feiltråkk. Så langt har desse feiltråkka fått passere utan ei krystallklar erkjenning frå ordførarens side om at han har tatt lærdom av kritikken – og ei slik erkjenning har så langt sete svært langt inne. Det ser den også ut til å gjere denne gongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjågesund meinte at alle i kommunestyret måtte ha eit klart bilete om at ordføraren har gått ut over sine fullmakter.
– Hadde han på eit langt tidlegare tidspunkt raskt og effektivt erkjent det som har skjedd og vist at han aksepterte dei køyrereglane han har å forhalde seg til, så ville saka moglegvis stått annleis. I alle fall ville det vore langt meir fristande å la saka passere med ein passande porsjon kritikk, meinte Fjågesund.
– Saka handlar om me kan stole på ordføraren eller ikkje, og det synest ikkje ordføraren å forhalde seg til. Det verkar som om at ordføraren lever i det villfaret at tillit bør han ha uansett, uttala Fjågesund.
– Det er ingen som har ynskt å felle eller ramme ordføraren. Det er ingen som har ynskt at Seljord skal ha ein ordførar som ikkje fortel sanninga – det har han i så fall sjølv sytt for. Difor er det desto meir provoserande at han spelar ballen tilbake til dei som påpeikar feilen og insinuerer at dei har vikarierande politiske motiv, meinte Fjågesund.
Ynskte svar frå ordføraren
Både Beate Marie Dahl Eide (Sp) og Lars Bjaadal (Sp) stilte spørsmål ved at ordføraren ikkje skulle svare på dei konkrete spørsmåla han fekk frå talarstolen.
Svartdal meinte det ikkje var nye opplysningar i saka som svara til at ordføraren trong svare, så sant han ikkje ynskte det sjølv.
– Nå er me i ferd med å gjere saka endå vanskelegare. Når det er tvil bør vel kommunens fremste representant få høve til å svare? Og det undrar meg at ingen frå posisjonen har tatt ordet, uttala Bjaadal.
– Kontrollutvalet har hatt saka og har kome med si vurdering. Kommunestyret er eit organ som er svært lite eigna til etterforsking, dersom ein meiner det har kome nye opplysningar bør kontrollutvalet bli oppmoda til å sjå på saka på nytt. Det får bli opp til opposisjonen, men uansett håper eg at kommunestyret kan lande saka i kveld, uttala Edvard Mæland (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ei grei handsaming
VTB kontakta ordføraren dagen etter kommunestyremøtet og spør om han ynskjer å uttale seg ytterlegare i saka eller svare på dei konkrete spørsmåla som blei stilt frå talarstolen. Haugan seier at han har sagt det han vil seie i denne saka, og forklara seg til administrasjonsutvalet og kontrollutvalet, og legg til at alle dokument også er lagt fram i saka.
– Eg har sagt det som er å seie. Eg sat og høyrde på debatten i kommunestyret torsdag kveld, og høyrde handsaminga av saka. Og den var grei den, kommenterer Haugan.
84 000 kroner til rådmannsbustad
Ei rekkje tilleggsdokument vart ettersendt dei folkevalde representantane i kommunestyret i Seljord då saka frå kontrollutvalet vart handsama torsdag.
I kommunestyret vart det løyvd 84 000 kroner til å dekkje rådmannens husvære i 2018. Midlane blir henta frå disposisjonsfondet i år før ein seinare legg dette inn i det komande budsjettet og økonomiplanperioden.
Utgiftene til bustad for rådmannen er ei husleige på 5 500 kroner i månaden, i tillegg kjem utgifter knytt til straum og internett. Det er difor kalkulert med ein månadleg kostnad på 7 000 kroner. Ut frå rådmannens notatar kan ein også lese at kommunen skaffa møblar til leigebustaden, men denne posten er ikkje fastsett som med eit kronebeløp.