Valbruduljar og kortreist mat
I Nissedal blei det intens kamp om kven som burde bli ordførar etter haustens val. Eit innslag av den artige sorten var då fem kvinner i eit byggjefelt byrja med grisar for eigne matvarer.
Året 2015 i Nissedal opna med ei gladmelding om at ein tannpleiar var på plass ved tannlegekontoret i Treungen. Dermed blei det slutt på at elevane måtte reise til Drangedal for den årlege tannsjekken. Noko anna hyggeleg som blei varsla at skulle skje om ikkje lenge, galdt bygging av bakeri i Treungen. Oppskrifta på å få til dette har vist seg å ikkje vere ferdig likevel når ein er på veg ut av dette året.
På Bakkebufjellet i Nissedal godkjente kommunestyret ein gigantplan med 624 hyttetomter. Det er like mange som det alt er sagt ja til på Kyrkjebygdheia opp gjennom åra. Og seinhaustes stod eit skianlegg til 14 millionar kroner klart i dette heiområdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det populære leikelandet i Treungen blei lagt ned hausten 2014. Nokre månader seinare valde fire personar i bygda å kjøpe verksemda og drive ho vidare.
I sommar kom det 15 flyktningar til Treungen for fast busetjing, og det er mange år sidan sist det skjedde. Kommunen vil også framover ta imot flyktningar, og truleg vil nokon av dei vere einslege mindreårige som skal vere i bukollektiv. Elles kom det fram i sommar at integreringstilskotet vil vere med og redde økonomien for Nissedal kommune i år.
Tok byggkostnaden sjølve
I Nissedal er hornmusikken lagt ned, men det er ikkje kreativiteten på Fjone. På to hjul i 17. mai-toget, med eit stereoanlegg framfor styret, sytte Steinar Kleivane for musikk til marsjen.
Skuggenatten opp gjekk i år som NM i motbakkeløp. Sjølv om det var nest siste dagen i mai, blei arrangementet møtt med fem centimeter nysnø og is på svaberga. Ein av verdas beste skiløparar, Heidi Weng, vann i Treungen for tredje året på rad. Johan Bugge sigra i herreklassa.
Offshoreverksemda Hitec products i Stavanger etablerte i 2011 avdelingskontor i Treungen. Fem tilsette nissedølar kjøpte eit eldre hus, renoverte det og sette opp eit nybygg. Nær åtte millionar kosta investeringa i Treungen teknologipark som blei opna i vår. Sidan dei tilsette tok byggjekostnaden, har arbeidsgjevaren lova å leige kontor.
På vårparten sette fem kvinner i eit byggjefelt ut i livet ein idé som gjer at matavfall, wienerbrød og vaniljeis endar som flesk, pølser og lungemos. Det blei kjøpt fem grisungar som fekk eige hus og utegang like ved bustadene til eigarane. Etter slaktinga i haust blei grisane godt utnytta og gjort om til mange ulike matrettar.
Politiske bruduljar
Frå og med i år er det innført eigedomsskatt på hus, hytter og næringseigedomar i Nissedal. Politikarane gjev 500 000 kroner av skatten tilbake til ulike tiltak som løypenett og turvegar, noko ikkje minst hytteeigarane set pris på. Dei er gode bidragsytarar til totalsummen i eigedomsskatt.
Nissedal helselag sytte i sommar for at bebuarane på omsorgssenteret i kommunen kan kome seg rundt på el-sykkel og få trivelege turar i frisk luft. Ein annan som også blei glad var keramikar John Skognes. I år kom han gjennom nålauga for å få kunstnarstipend frå staten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesten 14 000 personar var innom årets Treungenfestival om ein inkluderer dei som var på campingen og konserten for dei unge på onsdag, dagen før konsertane for dei vaksne starta.
Det skjedde litt av kvart rundt haustens kommunestyreval. I august lykkast ikkje Sp å danne blokk med KrF, Høgre og Frp, forsøk på eit grep ordførar Halvor Homme (Ap) meinte var for å skvise han ut. Etter valoppteljinga fekk Ap heile 40,4 prosent av røystene. I Høgre var det full usemje om ein skulle gå for Homme som ordførar, ei splitting som gjorde at det vesle partiet mista medlemer på flekken. Til slutt blei Homme valt for fire nye år, medan dei som ville ha Geir Christian Enger (KrF) som ordførar ikkje nådde fram.
Kulturprisen i år gjekk til historie- og bildesankaren Frank E. Lien.