Då «Snøfall» kom til Fyresdal

For me som har ungar i huset er juleserien på NRK eit obligatorisk innslag i førjulstida.

I år har Vinter kuppa den eigentlege julenissen i Snøfall og vorte julenisse, ein slem julenisse. «Nå er det jeg som er julenisse og da har vi regler. Og de som ikke følger reglene de får straff»

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB skriv 20. desember om familien frå Bø som vil flytte og bu i Fyresdal. Dei har overteke Nordigard Momrak, men treng tid til å områ seg med jobbar og oppussing av bolighuset på garden. No hadde dei fått utsetting på buplikta, men dei hadde ynskt å utvide denne tida fram til 01.08.2022. Rådmannen og landbruksrådgjevaren forma eit etter mitt syn godt formulera framlegg til vedtak i saka i slutten av august, der dei vektlegg vilje til busetting, bulyst, framom streng tolking av regelverket om bu og driveplikt. Dei skriv: «Det er den som har skoen på som veit kor den trykker. Kommunen har ingenting å tene på å nekte utsetjing på buplikt. Om vi nektar utsetjing vil den kommande prosessen rundt dette vere tung for alle partar. Ved å få utsetjing får dei tid på å områ seg, vi får nøgde kommande innbyggarar og folk elles i kommunen ser at vi handhevar buplikta strengt, men at vi tek omsyn til den livssituasjonen folk er i.»

Dette kan eg ikkje mykje om, men skjønar at dei styrande skal bruke skjønn her. Det stiller krav til godt vet og god og rettferdig praksis. Framlegget vert utsetjing til 01.08.21 med å busette seg.

For meg virkar det enkelt. Dei har overteke garden og før dei får seg arbeid i eller i nærleiken av bygda er dei er heilt avhengige av dei inntektene dei no har i sine lærarjobbar før dei kan sette nykkelen i døra i Bø og låse og selge der. Dei har lenge søkt jobbar i kommunen, og eg undrar meg over i kva for ein skuff det «Heim til Fyresdal»-prosjektet hamna. Her er det ein barnefamilie på veg heim som så langt ikkje har lukkast med jobbar og dei treng utsetting på krava om å bu på eigedomen.

Men saka er kan hende ikkje enkel for dei som er medlem hovudutvalet for plan og miljø i kommunen når dei møter til handsaming av saka den 5 september. Det er dei som fatter vedtak i slike saker. Me har vore snille kan eit medlem i hovudutvalet fortele, men altså ikkje no lenger. No straffar me. Samrøystes. Reglane har ikkje vorte fylgt.

Og brått er det ikkje så greitt for rådmannen og landbruksrådgjevaren heller. I sakshandsaminga til møte i hovudutvalet den 3. desember og ny handsaming av klagesaka til Kjetil Kiland Haakenstad skriv dei: «Det står enno att ni månader (01.08.2020) før familien må flytte til eigedomen. Dette meiner vi er god tid om søkjar verkeleg har intensjon om å realisere tilflytting». No er det ikkje nokre argument om vilje til å strekkes seg og gje dei som vil flytte hit god nok tid til å få levlege høve for seg og familien. For no er det reglar og dei må fylgjast, og då straffar me dei med kortare fristar for busetting. Ni månader må då enno være god tid, og kanskje har dei heller ikkje lyst nok skriv dei.

Kvifor har sakshandsamarane snudd? Har det kome nye julenissar inn i utvalet for planar og miljøsaker?

I Snøfall vinn den snille julenissen over den slemme julenissen, det er grei dramaturgi i ein TV-serie for born. Vi ynskjer oss ikkje snille julenissar i utval og styre i Fyresdal. Ikkje slemme formyndarnissar heller som fortel oss korleis og i kva for rekkefylgje vi skal pusse opp husa våre. Vi ynskjer oss at dei som styrer er fornuftige og vetuge. At dei seier det same den neste dagen som dei sa den forrige. Dei som styrer er avhengige av tillit frå oss som bur. Straff egnar seg dårleg i offentleg forvaltning, ikkje gjer det bulyst heller.

Erling Carlsen,

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyresdal

Les også
Må flytte innan august for å få konsesjon