Riksantikvaren stør mellombels freding
Fem nissedølar og fylkeskommunen reagerte då Agder Energi byrja rivingsarbeid i Høgefoss kraftstasjon. Kraftgiganten klaga på mellombels freding av stasjonen, men fekk ikkje medhald hos Riksantikvaren.
Privatpersonar sør i Nissedal kommune reagerte på nyåret 2017 over at Agder Energi byrja å demontere eitt av tre gjenverande aggregat i Høgefoss kraftstasjon som stod ferdig i 1919. Etter at fylkeskommunen fekk ny bekymringsmedling om at det var sett i gang ytterlegare rivingsarbeid i kraftstasjonen, greip instansen inn og gav 10. mars i fjor kraftstasjonen mellombels freding etter kulturminnelova.
Agder Energi fekk hjelp av eit advokatfirma til å klage på avgjerda. Saka hamna hos Riksantikvaren, som har kome med dette endelege vedtaket:
Artikkelen held fram under annonsen.
«Riksantikvaren har vurdert alle sider av saka, og har etter ei samla vurdering ikkje funne grunnlag for å gjere om Telemark fylkeskommune sitt vedtak av 10. mars 2017. Klaga blir ikkje tatt til følge».
Reell fare for tap
Fylkeskommunen ynskte mellombels freding for å få tid til å skaffe seg oversikt over anlegget for å kunne gjere ei grundig vurdering av verneverdiane. Riksantikvaren har kome til at vilkåra i kulturminnelova om mellombels freding er oppfylt, og at det var reell fare for tap av viktige kulturminneverdiar.
Riksantikvaren stør vurderingane til fylkeskommunen, som har behandla saka to gonger før ho gjekk til endeleg avgjerd.
Blant klagepunkta meiner Agder Energi at fylkeskommunen ikkje har mynde til å behandle spørsmål om vassdragsregulerte kulturminne som ikkje er freda, men at det kjem under Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som konsesjonsmynde. Fylkeskommunen svarar med at klagar ikkje har rett forståing av roller og mynde knytt til kulturminneforvaltning.
Høg regional verdi
Klaga peikar også på er at det var sviktande rettsleg og faktisk grunnlag for vedtaket om mellombels freding. Fylkeskommunen meiner at det er nok grunngjeve at eigedomen blei mellombels freda for å sikre at kulturminne relatert til kraftproduksjon og kraftoverføring ikkje skulle bli øydelagt eller skada i påvente av ei ordinær fredingssak. I tillegg var det nødvendig å sikre moglegheita for å vurdere kulturminneverdiane av slike kulturminne som ligg spreidd på eigedomen.
I klagaren sin påstand om manglande vilkår for mellombels freding, er svaret tilbake frå Riksantikvaren at ikkje er gjort sakshandsamingsfeil eller feil ved rettsbruken som kan ha vore avgjerande for vedtaket.
Vidare meiner klagar at Høgefoss kraftverk ikkje har tilstrekkeleg arkitektonisk eller kulturhistorisk verdi til å kunne bli freda. Som svar på dette blir det mellom anna vist til utsegn frå NVE som stør fylkeskommunen si vurdering av Høgefoss kraftverk som eit kulturminne med høg regional verdi.
Brukar våren til dokumentasjon
Antikvar og rådgjevar Team kulturarv i Telemark fylkeskommune, Eystein M. Andersen, har handsama saka om mellombels freding av Høgefoss kraftstasjon. Han fortel at planen nå er å bruke våren til dokumentasjon, kartlegging og innhenting av informasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når det er gjort vil me ta ei samla vurdering saman med Riksantikvaren på om me skal gå vidare med fredingssaka eller avslutte ho. Om me går vidare, vil me varsle oppstart av ordinær sak og legge ut forslag til vedtak om freding. Målet er å gjere dette før sommaren, slik at ein kan gjer politisk handsaming enten då eller så tidleg som mogleg i august/september med påfølgjande oversending til Riksantikvaren for endeleg vedtak, seier Andersen.
Freding etter privat engasjement
Dei lokale innbyggjarane Tor Valle, Olav H. Tveit, Knut Haugsjå, Osmund Tarjei Juva og Harald Valle reagerte spontant etter å ha høyrd at Høgefoss kraftstasjon og hengebrua i nærområdet kan bli fjerna. Dei sendte straks skriv til konsernsjefen i Agder Energi, Telemark fylkeskommune og kulturminneavdelinga i NVE om saka. Karane påpeika at bygningen og området omkring, med murar, lyktestolpar, smijernsrekkverk og ei luftig hengebru er ein viktig del av ei levande historie, ikkje bare lokalt, men for heile Agder og Telemark.
– Blir rivinga ein realitet, vil ein samtidig rive bort historie og monument i landskapet. Om kraftstasjonsbygningen og hengebrua blir borte, blir viktige arkitektoniske og historiske landemerke sletta for alltid. Agder Energi har heilt frå 1921 henta store økonomiske verdiar frå fleire fossar i Nissedal kommune. Dette bør i stor grad forplikte Agder Energi til å ta vare på historiske bygningar og minnesmerke, skreiv dei fem.
Elles minna dei om at i snart hundre år har Aust-Agder kraftverk og seinare Agder Energi hatt eit godt samarbeid i grendemiljøet og med Nissedal kommune.
– Me er trygge på at Agder Energi har eit klart ønske om at det gode omdømmet og samarbeidet skal vare ved. I denne saka trur me det er svært viktig å lytte til bygdefolket. I denne omgangen er me fem personar som skriv brev, men her vil me nok ha svært mange med oss, varsla dei.
Etter att brevet blei sendt, fekk dei høyre at Agder Energi var i gang med å rive eit gamalt aggregat i kraftstasjonen.
– Det ser ut til at arbeidet vi halde fram med aggregat nummer to. Dei ulike aggregatdelane blir frakta vekk frå kraftstasjonen. Me synest dette er vemodig og leitt. Me meiner nok òg at det er lite respektfullt, særleg når det nå burde vere kjent at Høgefoss kraftstasjon i det minste skal få ei god, fagleg vurdering av verneverdien, skreiv karane i eit brev til fylkeskommunen, kulturminneavdelinga i NVE og Riksantikvaren 1. mars i fjor.
Etter meldingar om riving av aggregat i maskinhallen vedtok Telemark fylkeskommune like etterpå mellombels freding av Høgefoss kraftverk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me trur saka ligg godt an no når det er gjort hastevedtak om mellombels freding, sa dei fem til VTB i mars 2017.
Hjørnesteinen
Bygningen til Høgefoss kraftstasjon blei ferdig i 1919. Då var den digre og imponerande fossen bygd ut, og kraftstasjonsbygningen, der fem maskiner var på plass, kunne takast i bruk. Den ordinære drifta med kraftforsyning tok til sommaren 1921.
Det var industrigründeren Ragnvald Blakstad som kom oppover frå Arendal og kjøpte fossar i vassdraga sør i Nissedal kommune tidleg på 1900-talet. Han hadde planar om å reise eit stålverk i Risør. Dei planane lykkast han ikkje med, og retten til fossen blei seld til Aust-Agder fylke. Deretter blei selskapet Aust-Agder kraftverk danna. Dette selskapet har som kjent seinare fått namnet Agder Energi.
Utbygging av fossen og reisinga av Høgefoss kraftstasjon er ikkje mindre enn eit pionerarbeid i historia til Agder Energi. Fossekrafta her kom til å bli hjørnesteinen i den vidare utviklinga av selskapet, skreiv dei fem tidlegare nemnte nissedølane mellom anna til Agder Energi i fjor.
I eit skriv frå Agder Energi som svar til karane kom det ytterlegare opplysningar: Kraftproduksjonen på Høgefoss var svært viktig med tanke på forsyningssikkerheita i regionen, og det var også ein av drivarane for at Aust-Agder Kraftverk i 1959 utvida produksjonen med eit nytt aggregat i fjellet bak den gamle kraftstasjonsbygningen. Den nye kraftstasjonen i fjellet blei utrusta med eit stort aggregat. I praksis betydde denne utvidinga at ein i 1959 tok ei prinsipielt viktig avgjerd om at det alt vesentlige av kraftproduksjonen blei flytta frå den gamle kraftstasjonen og inn i det nye fjellanlegget. Heilt fram til dags dato og forhåpentleg også i nokon år framover vil det foregå ein viss kraftproduksjon i den gamle stasjonen ved at eit av dei opphavelege aggregata frå 1936 fortsatt er i drift. Sjølv om dette nå er eit gammalt og slitt aggregat, forventast det at aggregatet vil kunne vere i drift nokre år til.