Feiltolking Jorunn Hegni

I VTB 31.05.16 skriv du at du er ein av dei som «sa ja til Seljord som eigen kommune. Altså ein av dei som i fylgje Jon Svartdal er innkrøkte i seg sjølv og vil gå baklengs inn i framtida!» Du har misforstade endå ein gong. Eg skreiv: «Eg stolar ikkje på at Stortinget vil finansiere ekstrakostnaden ved at mange kommunar er unødvendig små. Men eg stolar på at fleirtalet av innbyggarane i Kviteseid og Seljord ikkje er så innkrøkte i seg sjølve at dei ikkje greier å dra i same retning i ein ny passe stor ny kommune. Eg vil ikkje gå baklengs inn i den framtida eg trur kjem.» Du har rett i at eg meiner at å stemme nei til samanslåing mellom Kviteseid og Seljord no er å gå baklengs inn i framtida. Men eg skreiv ikkje at dei som stemmer nei er innkrøkte i seg sjølve, det er dei som «ikkje greier å dra i same retning i ein ny passe stor ny kommune», altså når ein faktisk er etablert i ein passe stor ny kommune.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk av mange årsaker kan vera skeptisk til samanslåing, det respekterar eg og kjem til å stemme mot samanslåing i kommunestyret. Men eg har registrert at det finst politikarar som bare har fokusera på sitt eige lokalsamfunn og ikkje i stor nok grad har synt interesse for heile kommunen sin. Og når enkelte innbyggarar i denne debatten har uttrykt seg som at ved ei samanslåing vil det bli bitter strid mellom Kviteseid og Seljord, så fann eg det på tide å prøve å roe folk ved å skrive at: «eg stolar på at fleirtalet av innbyggarane i Kviteseid og Seljord ikkje er så innkrøkte i seg sjølve at dei ikkje greier å dra i same retning i ein ny passe stor ny kommune». Det hadde kanskje vore tydelegare om eg hadde skrive kommunestyrerepresentantane i staden for innbyggarane. Skulle di tolking vera rett måtte eg også med den setninga ha lagt til grunn at det blei eit fleirtal for samanslåing. Når ein skal kommentere det som andre har skrive bør ein vise til direkte sitat og ikkje vri det til noko anna som liknar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg aldri på noko tidspunkt har trudd at fleirtalet av innbyggarane kom til å stemme ja. Mitt engasjement i denne debatten har bare vore for at også argumenta for samanslåing skulle koma fram. Eg beklagar dersom mine formuleringar er utydelege og vanskelege å forstå. Når Jorunn Hegni underteiknar som representant for «Ja til Seljord» så er det villeiande marknadsføring etter mi meining. Då høyres det ut som at dei som er for samanslåing seier nei til Seljord, og det er slett ikkje mangel på patriotisme som gjer at eg stemde ja til Kviteseid og Seljord, det er utviding av nærområde. Du må skrive «Ja til Seljord som eigen kommune» for at det skal vera rett.

Jon Svartdal