Thor Inge Levang (Sp) meinte det var ein stor feil å skrinleggje fleirbrukshallen. Bildet er tatt under synfaringa politikarane hadde i den nye fleirbrukshallen pinsevennene har sytt for ved Fyresdal kurs- og leirstad.
Thor Inge Levang (Sp) meinte det var ein stor feil å skrinleggje fleirbrukshallen. Bildet er tatt under synfaringa politikarane hadde i den nye fleirbrukshallen pinsevennene har sytt for ved Fyresdal kurs- og leirstad.

Fleirbrukshallen i det blå

Fyresdølen Thor Inge Levang (Sp) kjempa på vegne av eige parti i kommunestyret for byggjestart på fleirbrukshallen fyrste halvår 2019. Ap svara at det er ekstremt urealistisk med dagens kommuneøkonomi. Når – og om – hallen kjem vil tida vise.

Ein vanskeleg kommuneøkonomi og tap av mange arbeidsplassar i Fyresdal gjorde at rådmann Ketil O. Kiland tilrådde kommunestyret torsdag at ein likevel ikkje byggjer fleirbrukshall.

I møtet kom ordførar Erik Skjervagen med framlegg frå Ap at ein ikkje byggjer hallen på nåverande tidspunkt på grunn av dagens situasjon. Dette var ikkje Thor Inge Levang einig i. Han starta med å nemne oppslaget i VTB nyleg der ein hadde tatt med grunngjevingane til rådmannen for å skrinleggje byggjeprosjektet kostnadsrekna til 49 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg las avisa her om dagen, tenkte eg at nå må Ketil (Kiland) ha hatt ein dårleg dag. Eg håpar det ikkje er veldig mange i bygda som las den avisa, for det er det tristaste og negative lesing eg har sett på lang tid. Eg er bygdepatriot de luxe, og eg såg nesten ikkje eit einaste ljospunkt. Det var så kolsvart som det kunne få blitt – veldig dårleg reklame i det heile tatt. Folk må ikkje finne på å flytte til denne bygda viss det ser så svart ut, sa Levang.

– Får det til om me vil

Tidlegare i møtet blei kommunestyret orientert om nokre prosjekt innan arbeidsplassar som er på gang i Fyresdal, og Levang var glad for desse positive opplysningane. Vidare hadde han høyrd noko anna positivt – at rekneskapen til kommunen nå er betre enn han har vore nokon gong. Og nå ynskte Levang eit slikt positivt innslag som han meinte ein hall ville bli.

– Alle andre kommunar seier at når dei har bygd ein slik hall, er det oppsving. Eg meiner at viss me vil, får me det til. Viss me ikkje vil, får me det i alle fall ikkje til, det er heilt sikkert. Eg meiner me gjer ein stor feil ved å skrinlegge hallen. Folk er veldig skuffa. Me må ikkje bare tenke på nye arbeidsplassar, men på dei som bur her også. Eg har veldig lyst på hallen og det veit eg mange har, så det har litt med innstilling å gjere. Me bør tenke oss veldig godt om før me avskriv hallen, sa Levang.

På vegne av Sp føreslo han å oppretthalde budsjettvedtaket frå sist desember; starte bygging av hallen fyrste halvår 2019 og bruke 2018 til å finne finansiering. Levang nemnte ikkje noko om eventuelt å innføre eigedomsskatt for å få til hallen.

Ikkje halde folk for narr

Ordføraren fann grunn til å kommentere innlegget til opposisjonspolitikaren.

– Det er bra å vere bygdepatriot, det er eg også. Men det er jo greitt å forhalde seg noko til realitetane, som eg høyrer at Levang og Sp ikkje gjer, sa Skjervagen.

Så minna han om at det var Ap som i desember vedtok det som Sp nå kom med framlegg om, hallstart i fyrste halvår 2019.

– Eg meiner det er ei dristig satsing, viss me vil ta ein slik sjanse slik Levang seier nå – for me veit me ikkje har finansiering. Me må vente eitt eller to år med forslaget for å sjå om det er realisme i det Levang seier. Det er ikkje vits i å ha eit vedtak som akkurat nå er ekstremt urealistisk. Det er ikkje vits i å halde folk for narr heller, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skjønar når ei sak er tapt. Eg er heilt einig i at ein ikkje skal halde folk for narr. Det er for så vidt mange måtar å halde folk for narr på, repliserte Levang, som nok ikkje har gløymd at både Ap og Sp programfesta fleirbrukshall før sist kommunestyreval.

Eigedomsskatt og hall

Nils Kristian Moe (Ap) stadfesta igjen at han har veldig lyst på hallen.

– Per i dag kan ikkje eg heller gå inn for å starte bygging av hallen i 2019, ut frå den økonomiske situasjonen. Det er for mykje som er usikkert rundt alle arbeidsplassane me har tapt. Det som også uroar meg veldig er i forhold til Telemark Lys. Fyresdal har ein del flyktningar i dag, og det gjev midlar ikkje bare til Telemark Lys, men me får også ein del rammetilskot. Eg trur ikkje alle flyktningane blir buande i Fyresdal framover, og då vil me tape mykje rammetilskot frå staten, sa Moe.

Han konstaterte at mykje er usikkert for tida.

– Men så fort me får klarheit i dette skal eg love at eg skal minne gruppa mi jamleg på hallen, gjerne i budsjettbehandlinga for 2019 også. Eg er veldig interessert i å bygge hall og kunne godt tenkt meg å finansiere han med eigedomsskatt, men alle er ikkje einig med meg i det. Eg skal love dei som bur i kommunen at hallen ikkje skal bli gløymd. Derfor er det viktig å få ei anna innstilling enn det rådmannen kjem med, sa Ap-representanten.

Nei til eigedomsskatt nå

Som venta blei det Ap mot Sp under avrøystinga, og dermed får ein bare vente og sjå når og om det er mogleg å få opp ein kommunal fleirbrukshall i Fyresdal.

Like etter hallsaka sa eit samrøystes kommunestyre nei til å innføre eigedomsskatt nå.

Så fann rådmannen grunn til å ta ordet:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har full forståing for at ein kan oppfatte saka som eg skreiv om fleirbrukshallen som veldig krevjande og negativ. Samtidig trur eg det er ei sak som de skal ta fram av og til i seinare samanhengar. Dette fordi det er ei breidde i saka i forhold til den spesielle situasjonen me har kome i og dei utviklingstrekka som ein ser generelt, uavhengig av fleirbrukshall eller ikkje. Men eg ville heller ikkje ha kjøpt den «romanen» til full pris altså, for å seie det slik.

Attraktivt alternativ

I det ferske politiske vedtaket rundt hallen er det elles ikkje med rådmannen si tilråding om at kommunen inviterer lag og organisasjonar til dialog med representant for Fyresdal kurs- og leirstad for leige av fleirbrukshallen dei har klar til påske. Sjølve hallen har internasjonal sportsgolv og er på 20 gonger 32 meter. Før møtet var kommunestyremedlemene på synfaring i bygget.

– For ein del grupper bør det vere veldig attraktivt å bruke denne hallen, men då må dei sjølve ta kontakt med kurs- og leirstaden, seier Skjervagen til VTB.