Opprustinga av Vrådal sentrum blir i framlegget til revidert budsjett for Kviteseid kommune flytt til 2010.
Opprustinga av Vrådal sentrum blir i framlegget til revidert budsjett for Kviteseid kommune flytt til 2010.

Vil sette Vrådal på vent

Rådmannen i Kviteseid, Hans Bakke, foreslår i revidert budsjett for 2009 at to store tiltak i Kviteseid blir utsett. Opprustinga av Vrådal sentrum er føreslege utsett til våren 2010. Opninga av skjerma avdeling på Kviteseid omsorgssenter var sett til 1. mai i år, men kan no bli utsett til 1. januar 2010. Trass i auka byggekostnad på fleirbrukshallen frå 41 til 53 millionar kroner, gjer rådmannen framlegg om realisering av prosjektet.

Sjølv om staten har auka overføringane til Kviteseid kommune med to millionar kroner, vil inntektsramma til kommunen bli svekka med 1,5 millionar kroner. Likevel blir økonomien i kommunen sett på som solid frå administrasjonens side.

– Det er trongare økonomiske tider, og det gjer det litt vanskelegare for oss. Fleirbrukshallen har blitt dyrare enn planlagt, men me meiner me har ein solid økonomi. Revideringa vil eg kalle ei justering. Det er framleis eit ambisiøst budsjett retta mot barn og unge, seier rådmann Hans Bakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirbrukshallen er med

Byggekostnadane på fleirbrukshallen har auka frå 41 til 53 millionar kroner. Administrasjonen gjer framlegg om å realisere fleirbrukshallen med auka rammer. Hovudgrunnen til den auka kostnaden er at hallen blir vesentleg større enn det som var planlagt, med plass til mellom anna kulturskulen.

– Me har fylgt opp dei føringane me har fått frå politisk nivå, og difor er fleirbrukshallen inne i det reviderte budsjettet med auka rammer. Det gjev eit solid trykk på fokuset på barn og unge, og det er svært viktig med tanke på befolkningsutviklinga her i Kviteseid, seier rådmannen.

Byggearbeida er planlagt å starte i september i haust. For å finansiere den auka investeringa er det lagt opp til at kommunen betalar lågare avdrag på lån enn det som blei sett fram i budsjettet for 2009.

Utsett til 2010

Opprustinga av Vrådal sentrum blir foreslått utsett til våren 2010. Grunngjevinga er at arbeidet med reguleringsplanen og dei tekniske planane for sjølve prosjektet ikkje har kome langt nok til at det er realistisk å gjennomføre prosjektet til hausten

Den økonomiske delen av prosjektet er heller ikkje på plass enno, sidan det ikkje ligg føre bindande tilsegn om eksterne midlar på 4,7 millionar frå fylkeskommunen, Vegvesenet og lokale krefter i Vrådal.

Bidraget frå næringsfondet har òg blitt meir usikker på grunn av rettskaka med kraftverka om etterbetaling av konsesjonsavgifter.

Arbeidet med både tekniske planar og finansiering held fram med full styrke med sikte på at dette kan vera klart fram til budsjetthandsaminga for 2010, går det fram av forslaget til revidering.

Inga skjerma eining enno

Då Kviteseid omsorgssenter (KOS) blei bygd i 1997 blei det òg laga ei avdeling med seks sengepostar med tanke på demente pasientar. Denne eininga har ikkje blitt tatt i bruk, men i budsjettet for 2009 blei det bestemt opning av avdelinga 1. mai i år. Det er no foreslege utsett til 1. januar i 2010.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnlaget for utsetjingsframlegget er at ein ynskjer å undersøke det totale kostnadsbiletet betre.

– Frå alle dei tri einingane innan pleie og omsorgstenesta kjem det urovekkjande meldingar om underbudsjettering i høve til kva som er reell kostnad for driftsnivået me har i dag. Rådmannen finn det difor svært problematisk å auke omfanget av drifta monaleg utan at me har eit sikkert nivå på det driftsnivået me har i dag, står det i sakspapira.

Andre justeringar

Prosjektet på Kviteseid skule, der ein vil ha inn ny heis, er kalkulert til ein million kroner. I framlegget til budsjettrevisjonen er dette utsett til 2012 av økonomiske grunnar.

Tilskotet til kunstgrasbanen er redusert med 375.000 kroner sidan dei tekniske føresetnadene for undervarme ikkje ligg til rette for at ein kan kople kunstgrasbanen saman med varmesentralen, går det fram av sakspapira. Røyr for undervarme blir lagt ned som planlagt.

Ei auka bemanning på 1,8 årsverk ved Straumsnes og Kviteseid barnehagar er òg lagt inn i det reviderte budsjettet.

Forslaget til revidert budsjett skal handsamast i formannskapet 10. juni og i kommunestyret 18. juni.